Dette skjer ikkje så ofte. Eg sveipa innom Amazon, og sidan eg tidlegare har kjøpt bøker om Beatles der, fekk eg tips om denne. Prisen var det ingenting å seia på - fint brukt, ein pence. Etter å ha lese boka er eg usikker på om ho var verdt prisen. Og det er før eg reknar inn portoen.
It does exactly what it says on the tin. Boka inneheld 51 postkort, trykt med både fram- og bakside, som dei tre andre Beatlane sende til Ringo. Mange av korta fortel ingenting, det kan vera korte meldingar av typen "wish you were here", eller berre svadaord. Nokre gonger fortel teksten på korta ein historie, andre gonger kan det vera presise meldingar som "you are the greatest drummer in the world". Ringo har skrive korte tekstar til alle korta, av og til vert ein klokare av dei, av og til ikkje.
Baksideteksten omtalar boka som "A sensational collection of 51 postcards from John, Paul and George". Det mest sensasjonelle er vel at nokon gav dei ut i bokform. Og at nokon kjøpte dei.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)
Ian MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)
31. august 2011
27. august 2011
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Pet Sounds er ei av desse platene som jamleg kjem høgt oppe på listene når verdas beste album skal kårast. Det er ikkje så rart, det er ei kanonplate. Nokre songar kunne godt vore fjerna, men andre songar dreg nivået opp igjen. I denne boka fortel Granata korleis plata vart til, og det gjer han godt.
Pet Sounds vart gitt ut i 1966. Då var Beach Boys eit av dei mest populære banda i USA, men dei var splitta i to delar. Alle dei andre i bandet var ute på turne, medan Brian Wilson heldt seg i studio. Dei andre kom attende frå turne, og vart sendt i studio for å leggja på vokalar, Wilson hadde alt spelt inn musikken saman med studiomusikarar. Carl Wilson la på litt gitar på ein song, og det var alt.
Brian Wilson hadde full kontroll over alt. Alle musikarane fekk klar beskjed om kva dei skulle spela, og han hadde klar alle stemmene som skulle syngjast inn. Dei andre i bandet hadde minimal input, det avgrensa seg til nokre mindre justeringar i andrestemma. Granata vert av og til for teknisk for meg, men han får likevel fram korleis Wilson tøydde grensene for kva som kunne gjerast i eit studio. Han brukte uvanlege instrument, han brukte instrument på uvanlege måtar, og laga ei plate som ikkje likna på noko Beach Boys hadde gjort før. Og som heller ikkje likna på noko nokon andre hadde gjort.
Det er noko av det mest fantastiske med Pet Sounds. Brian Wilson høyrde alt dette inne i hovudet sitt, og greidde å få det ut. Han får uvanleg mykje skryt, både frå forfattaren, dei andre i bandet, musikarane som spelte på plata, og andre musikarar, og det er fullt fortent. Det kunne like godt vore eit soloalbum.
Plata var berre ein sånn middels suksess i USA då ho kom ut, men det tok ikkje Wilson så nøye. Han var alt i gang med eit nytt og endå meir ambisiøst prosjekt, plata Smile. Beautiful Dreamer, dokumentarfilmen om den plata er absolutt verdt å sjå; plata kjem omsider ut som Beach Boys-plate seinare i år.
Det meste i boka er bra, men det er ein ting som manglar. Granata har snakka med ei lang rekkje av dei som var involverte i plata. Tekstforfattaren Tony Asher får til dømes snakka mykje, kanskje altfor mykje. Men Granata har ikkje snakka med Wilson sjølv. Her er ein del Wilson-sitat, men desse er henta frå andre intervju. Det er greitt at Wilson alt var litt redusert for ti år sidan, men han har då vore intervjua mange gonger etter det. Kanskje han ikkje ville, kva veit eg.
Det går fort å lesa denne boka, men ein har mykje att for det.
Guffen tilrår.
Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Luiz Sanchez: Smile (2014)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)
Beach Boys (2024)
David Leaf: Smile. The Rise, Fall and Resurrection of Brian Wilson (2025)

Etikettar:
Beach Boys,
litteratur,
musikk,
USA
26. august 2011
Colum McCann: This Side of Brightness (1998)
Ei bok der to parallelle handlingar møtest. Treefrog er heimlaus, og bur i ein jernbanetunnel i New York, i eit rom litt unna sjølve jernbanelina. Han har fleire naboar, og dei bur i ei verd der ein ikkje kan stola på nokon, samstundes som dei står samla mot folk utanfrå. Han har faste rutinar, han likar til dømes partal langt betre enn oddetal. Han har ei dotter, men han ser ut til å ha forgripe seg på ho; mora tok ho i alle fall med seg, truleg til Chicago.
Den andre handlinga tek til mange tiår tidlegare, og utgangspunktet er dei som laga tunnelen. Me følgjer ein av dei, Nathan Walker, gjennom det meste av 1900-talet. Han forelskar seg i dotter til ein av dei andre tunnelarbeidarane, ein som miste livet i ei ulukke, og desse to vert besteforeldra til Treefrog, viser det seg.
Denne historien, eller desse historiene, vert fortalde på ein god måte. McCann avdekkjer det heile litt etter litt, me får altså gradvis større innsikt i korleis alt heng saman. Så her er nokre plussar, men her er òg ein stor minus. Det er eit uvanleg livlaust språk, som gjer lesinga tung. Det er ei tidleg McCann-bok, så det kan henda at han i seinare bøker fortener dei mange lovorda han har fått, men for meg var dette ein nedtur.

Irland,
litteratur
23. august 2011
Short Cuts (1993)
Ein ambisiøs film, der Robert Altman flettar saman ni noveller av Richard Carver til ein spelefilm. Personane frå ulike noveller bumpar borti kvarandre av og til, men filmen har altså fleire parallelle handlingar. Det kunne gått heilt gale, men det gjer det ikkje. Ein av grunnane er at her er ei rekkje kjende skodespelarar med. Alle er ikkje like gode, men så lenge det er kjende fjes i så mange roller, er det lettare å hugsa kvar dei ulike høyrer til.
Ein annan grunn til at det fungerer er at novellene heng tematisk saman. Nokre av personane me møter har vanlege jobbar, som politi eller lege, andre har litt mindre vanlege jobbar, som klovn eller telefonsexseljar. Eit fellestrekk er at dei fleste gjer det dei kan for å dekkja over problema dei har, dei vil ha ein fin fasade, men under ulmar det. Det aular av problem. Nokre har forhold på si, nokre har for lite sex, nokre vil heller fiska enn å melda frå om eit lik dei har funne, nokre kjem ikkje over at det er slutt med gamlekjærasten, osb.
Mot slutten går det galt for dei fleste. Ho kunstnardama vedgår omsider at ho faktisk hadde eit kort forhold til ein annan. Han vesle guten som vart påkøyrt døyr. Ho som ikkje får nok støtte frå mor si tek livet av seg. Han som ikkje får nok sex heime og som heller ikkje får ha sex med ei tilfeldig jente, vert mordar. Og til slutt kjem det eit jordskjelv som råkar alle saman. Slik sett er det ikkje vanskeleg å sjå filmen som ein kommentar til det amerikanske samfunnet.
Guffen tilrår.
Meir Altman på kulturguffebloggen:
The Player (1992)

22. august 2011
Malcolm X (1992)
Malcolm X er eitt av dei store amerikanske ikona. Han var ein modig og velformulert talsmann for betre rettar for negrane, og vart drepen i 1965, då han heldt eit foredrag i Harlem i New York. Filmen fortel om det vaksne livet til Malcolm X, som hadde fire klare delar.
Som ung mann prøvde han, som mange andre negrar, å leva mest mogleg som dei kvite. Han flata ut håret, han kledde seg som kvite, og det aller beste var å vera kjærast med kvite kvinner. Han var småkriminell, og vart til slutt teken og dømt til ti år i fengsel.
Ein av medfangane hans fører han inn i tankeverda til Elijah Muhammad, leiaren for Nation of Islam. Han hadde ekstreme synspunkt på tilhøva mellom kvite og svarte, og Malcolm X vart ein av dei mest profilerte talsmennene for Muhammad, frå 1952 til 1963.
X vart gradvis meir skeptisk til Muhammad, mest av di han, trass i at han presenterte seg sjølv som eit moralsk fyrtårn, hadde ungar med minst to ugifte i staben sin. Etter at X omtalte mordet på John F. Kennedy i litt for lystige tonar ("the chickens are coming home to roost"), fekk han 90 dagar tale-karantene frå Muhammad. Han braut samarbeidet, og grunnla sin eigen moske.
Han dreg på pilgrimsreise til Arabia, og det endrar rasesynet hans. Han ser ikkje lenger på alle kvite som djevlar, han ser at det er uråd å skulda eit heilt folkeslag for det enkeltpersonar gjer, og etter det opphaldet argumenterte han meir for at ulike folkeslag kan leva saman i harmoni. Opphaldet i Mekka viste han at religion kan vera samlande, på tvers av raser, og han meinte at islam kunne fjerna rasismen frå det amerikanske samfunnet.
Han hadde mange fiendar. Han vart overvaka av makthavarane, men også Nation of Islam følgde med på kva han dreiv med. Då nokon kasta brannfaklar inn i huset hans ei natt, var han overtydd om at Nation of Islam stod bak. Dei tre som skaut han var alle negrar, og enkja hans var overtydd om at mordet var tinga av Nation of Islam.
Filmen fortel alt dette, og mykje meir, på eit godt vis. Spike Lee, regissøren, legg seg tett opp til sjølvbiografien til X, og det vert av og til litt mykje heltedyrking. Tidsbileta er glimrande, og Lee legg òg inn originale sekvensar i svart/kvitt. Filmen opnar òg med ei kryssklipping som viser at USA ikkje er kvitt raseproblema. Året før filmen var ferdig vart negeren Rodney King banka opp av politiet i Los Angeles, og autentiske opptak frå den rundjulinga vert sett saman med eit brennande amerikansk flagg. Til slutt står berre ein amerikansk X igjen.

21. august 2011
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Tarjei Vesaas var ein skrivande mann. Han skriv sjølv at han likte det langt betre enn å snakka, i alle fall i større forsamlingar. Likevel hende det at han heldt talar eller kåseri, og i denne boka er ei rekkje av desse samla. Det aller meste av det som står her er bra.
Boka opnar med det glimrande kåseriet "Om skrivaren". Vesaas heldt dette kåseriet i 1963, og skrivaren har to tydingar. Den fyrste delen handlar om Vesaas sjølv, og om korleis han strevde seg fram til å verta forfattar. Den andre delen handlar like mykje om kva det vil seia å vera forfattar, og her er Vesaas innom tankar som må vera relevante og rette også for andre forfattarar.
Ei grov inndeling av tekstane i boka er helsingar til andre diktarar, prologar framførte ved runde år, takketalar for prisar han har fått, og ein siste del der det mellom anna kjem nokre radiokåseri. Han viser ofte til andre forfattarar, og nokre av desse vert nemnde fleire gonger. Edith Södergran vert nemnt fleire gonger, men den som oftast vert nemnt er Aasmund Olavsson Vinje. Det er som det er når det mot slutten av boka kjem eit kåseri Vesaas heldt i 1868, 150 år etter at Vinje vart fødd.
Her skriv han mellom anna "det blir sagt så lettvint at han gret med eitt auge og lo med det andre, og så har ein liksom gjort seg ferdig med det. Det fortel lite om dei høge kvelvingar og dei sorgfulle gaglemyrar og dei stikkande tornemoar som måtte vera Vinjes indre landskap. Og der dei sjeldnaste fuglar rauk over, og til og med slo seg ned. Her blir all teori grå." Det er flott formulert, og slike setningar møter ein overalt. Også i desse tekstane viser Vesaas kor stor han er.
Det er uråd å seia om det er noko eg saknar i ei slik bok, eg veit ikkje kor mange tekstar Olav Vesaas har lagt vekk. Det meste i denne boka er lesverdig, unntaket måtte vera ein svært kort tale Tarjei Vesaas heldt då dotter til Olav var konfirmant. Der er han enkel, og det er til dels uforståeleg kvifor denne er med.
Guffen tilrår.
Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

Noreg,
Vesaas
14. august 2011
Ragnar Hovland: Sjølvmord i Skilpaddekafeen (1989)
Dette er ei fornøyeleg bok. Her er ei rekkje korte tekstar, og nokre av dei er berre på ein eller to setningar. Boka kan minna om ein vag og uklar sjølvbiografi, der Hovland ser ut til å ta utgangspunkt i hendingar frå eige liv. I alle fall i den fyrste halvdelen av boka, i den siste halvdelen sprikar tekstane meir. Her kjem til dømes nokre småstykke om Himmelen, og det høyrer vel ikkje heime i ein sjølvbiografi.
Her er mykje å le av, men òg mykje alvorleg. Det verkar nesten som om Hovland ikkje heilt greier å bestemma seg for om han skal vera løyen eller alvorleg, og så er han like godt begge delar. Det er han for så vidt ofte, også i andre bøker, men her vert det meir komprimert. I så korte tekstar er det godt gjort å få inn både alvor og humor.
Viss me vel å lesa dette som ein sjølvbiografi, er det nokre tema som går att - livet, døden og jenter. I svært mange av stykka frå oppveksten står netter sentralt. Ting kan skje om nettene, han er på fisketur med bestefar sin, han høyrer lyder i huset, han ser ut vindauga og ser vaksne menn som ber på åtte likkister. Mange av stykka minner òg om draumar, desse kan sjølvsagt gjerne vera drøymde på dagtid, men dei er såpass surrealistiske at dei truleg er drøymt om natta.
Høgdepunkt? Mange. Den med dei to linjalane i nasen er sjølvsagt ein av dei beste, men også "Sjølvportrett med albatross og møkakjerre" er solid.
Guffen tilrår.
Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)
Hovland og Kverneland: Astrup (2026)

Hovland,
litteratur,
Noreg
Abonner på:
Innlegg (Atom)