12. september 2020

Will Eisner: The Spirit. A Celebration of 75 Years (2015)

Will Eisner laga nokre glimrande teikneseriar. The Spirit er ein fin serie, i alle fall når alt klaffar. Denne boka tek sikte på å visa korleis serien utvikla seg dei åra Eisner laga han, frå 1940 til 1952, og utviklinga er stor. Fram til 1945 er det lite originalt her, men det vert gradvis betre. Historiene er betre, replikkane er betre, og teikningane vert meir og meir finfine. 

Spirit er ein slags detektiv eller politimann. Han går med maske, han heiter eigentleg Denny Colt, og bur i ei hole under ein kyrkjegard. Han er smart, sterk, og alle kvinnene likar han. Han løyser saker etter saker, sjølv om dette vert mindre og mindre viktig. Han held til i New York, og nokre av dei flottaste teikningane er av gater og bygningar der. 

Mange seriar har ein fast vignett. Det har ikkje Spirit, og noko av det flottaste med serien er korleis Eisner endrar vignetten frå historie til historie. Ordet "Spirit" er alltid med i opningsteikninga, det same er "by Will Eisner", men det vert utforma og plassert på nye måtar heile tida.

Så boka tok seg opp mot slutten, men heilt på slutten gjekk det gale. Der kjem det to korte historier som er meir midt på treet. Dei kan Eisner ha vore med på, men den siste historien er heilt malplassert. Historiene tidlegare i boka er på sju eller åtte sider. Den siste, der Spirit møter Batman, er på førti, og her er alt som særpregar Spirit vekke. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar