Viser innlegg med etiketten Finland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Finland. Vis alle innlegg

15. juli 2025

Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)

Det går sikkert an å laga tristare filmar enn dette, men eg trur ikkje det er enkelt. Filmen handlar om Liris, ei kvinne i tjueåra. Ho bur hjå mora og stefaren, arbeider på ein fyrstikkfabrikk, og har ikkje noko stort og utprega sosialt liv. Ho gjer ikkje så mykje av seg, ho kler seg litt som ei grå mus, og ho ser at ho ikkje kjem seg inn i det samfunnet ho trur er spanande og kjekt. 

Ein gong får ho likevel vera med ein velståande mann heim. For ho er dette ei drøymenatt med lovnad om noko meir, for han er det berre ei natt. Ho vert skuffa, men tek likevel kontakt med mannen når ho finn ut at ho er gravid. Han avviser ho, og to tek hemn. Både over han og mora/stefaren. Og ein til.

Filmen er (stort sett) utan sterke fargar. Det er grått og brunt, og det går i eit veldig roleg tempo. Opningsminutta er eit godt døme på det - utan at det vert sagt eit ord ser me korleis fyrstikker vert laga og pakka inn på fabrikken. Ho vert hundsa med i heimen, men finn seg i det utan å protestera. Kameraet står som regel i ro, det vert sagt lite, og dette er òg med på å dra ned stemninga. Men alt dette greier ikkje å dra ned kvaliteten på filmen - det heile er glimrande laga.

Guffen tilrår.

Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
I Hired a Contract Killer (1990)
La Vie de Bohème (1992)
Lys i skumringen (2006)

21. juni 2025

I Hired a Contract Killer (1990)

Ein Kaurismäki-film til. Det ligg fleire av dei på Netflix, og denne kasta eg meg over (relativt) raskt - slik eg hugsar det frå gamle dagar var filmen midt i blinken. Minnet er sviktande, viser det seg. Filmen er ikkje like sprek som eg trudde.

Det handlar om franske Henri Boulanger. Han bur i London, jobbar på eit kontor, og er så misnøgd med livet sitt at han ikkje orkar meir. Han prøver å ta livet sitt, men greier ikkje det heller. I ei avis ser han løysinga - der står det om leigemordarar, og på uventa kort tid greier han å finna nokon som er viljuge til å drepa han. Han betalar den avtalte summen, og deretter har han maks to veker igjen av livet. 

Men så kjem det ei uventa vending: Han møter ei kvinne og finn ut at livet er no ikkje det verste, lell. Han går tilbake til leigemordarkontoret for å kansellera tinginga, men oppdagar at bygninga er riven. Resten av filmen gjer han sitt beste for å unngå ein leigemordar han ikkje veit korleis ser ut. 

Det vert ikkje løye nok. Eg skulle gjerne hatt meir å le av, men det får eg ikkje. Filmen er heller ikkje alvorleg nok til at det vert ein thriller eller noko den retninga, slik at det vert litt midt i mellom alt. Og litt sånn midt på treet.

Guffen er lunken. 

Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)
La Vie de Bohème (1992)
Lys i skumringen (2006)

7. juni 2025

La Vie de Bohème (1992)

I 1990-åra, altså sist gong eg budde ein stad med eit godt og variert kino-tilbod, var det alltid eit høgdepunkt når det kom ein ny Kaurismäki-film. Denne er laga av Aki; andre var laga av broren Miki. Desse filmane var vel utan unntak både tragiske og komiske. Til mi store overrasking fann eg denne filmen på Netflix i går, og det var som før: Det er noko gjennomgåande trist og tragisk over filmen, samstundes som eg av og til ler så tårene trillar.

Filmen handlar om tre kunstnarar i Paris - diktaren Marcel, målaren Rodolfo og komponisten Schaunard. Ingen av dei har noko større suksess, alle bur på tronge og kalde hyblar, og alle har trua på at dei ein gong skal få det til. (Spoiler: Det gjer dei ikkje.) Av og til får dei inn pengar, spesielt Rodolfo er heldig og sel mange måleri til ein som burde vita betre, men når dei får inn pengar går det meste med til alkohol. 

Dei tre skodespelarane har stort sett det same, triste uttrykket heile tida. Eit lite unntak er når dei reiser på landtur saman med to kvinner. Likevel kan dei lira seg av dei løgnaste kommentarane i verda - ofte utan at dei sjølve ser humoren i det. Ein stor film, og ein fin inspirasjon til å halda augene opne for meir Kaurismäki.

Guffen tilrår.

Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)
I Hired a Contract Killer (1990)
Lys i skumringen (2006)

14. september 2020

Lys i skumringen (2006)

 

Aki Kaurismäki - der har du ein regissør eg såg mange filmar av i gamle dagar, men som eg ikkje har sett mykje av i det siste. Eg vart nesten litt overraska då eg oppdaga filmen på ei strøymeteneste. Gledeleg nok var mykje ved det gamle.

Hovudpersonen, Koistinen, arbeider som nattevakt. Han er dårleg likt av kollegaene sine, og går mykje for seg sjølv. Ei kvinne lurer seg med på vaktrunden hans, og utan at han merkar det lærer ho seg alarmkoden til ein gullsmedbutikk. Seinare lurer ho i han noko sovemedisin, ho (og nokre til) stel nøklane hans og ranar gullsmeden. Koistinen vert mistenkt, og når politiet finn noko tjuvgods heime hjå han, planta av skurkane, må han i fengsel. 

Me er i ein finsk by, truleg Helsinki, og det er altså omtrent like trist som før. Dei fleste har det trongt, dei fleste drikk for mykje, dei fleste er inneslutta og snakkar lite, og dei fleste har berre eit ansiktsuttrykk (som er heller alvorleg). Alt dette gjer at filmen er både tragisk og komisk. Det er lett å smila av dette, det er lett å le av dette. Det er lett å verta nedtrykt av det, men det er òg lett å verta glad, og det verkar heile tida slik at Kaurismäki er på lag med dei han skildrar.

Guffen tilrår. 
Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)
I Hired a Contract Killer (1990)
La Vie de Bohème (1992)