28. januar 2022

Øyvind Hånes: Petroleum (2004)

Forteljaren i denne boka er vinhandlar i Köln. Han har eit enkelt liv, det handlar stort sett om vin, om god mat, og om å sjå gamle tenniskampar på video (utan lyd). Han har ein kjenning han ser ofte, bortsett frå det er den einaste sosiale omgangskrinsen hans dei mange trufaste kundane i vinbutikken.

Han har òg hatt sporadisk kontakt med broren. Han budde i same byen, men liva deira var heilt ulike. Den eine var vinhandlar og levde eit trygt og godt liv, den andre var småkriminell, drakk mykje og dreiv sikkert òg med andre stoff. Broren vert funnen drepen i ein park, og det slår forteljaren at han ikkje veit noko om broren. Han har ikkje noko handfaste minne, før han tilfeldigvis finn eit bilete av broren saman med to kvinner. Det biletet fører han ut av komfortsona. Han vitjar den eine kvinna i Greifswald, og sambuaren hennar, ein rabiat skinhead, vitnar om ei heilt anna verd enn den trygge i Köln.

Det er ei fin bok. Hånes skriv godt, han får godt fram kontrastane mellom dei to byane og dei to liva. Gjennom heile boka ligg det eit tydeleg sakn hjå forteljaren, og sjølv om det tapet aldri vert heilt vekke, kjem det hint om at han etter Greifswald-turen kjem til å ta meir del i samfunnet rundt han.

Guffen tilrår.

Meir Hånes på kulturguffebloggen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar