3. mars 2016

Making a Murderer (2015)

Steven Avery vart i 1985 dømd for å ha valdteke ei kvinne. Han vart sett fri atten år seinare, etter at DNA-teknologien var komen så langt at det kunne provast at han var uskuldig. Han gjekk til sak mot det lokale politiet og den lokale påtalemakta, med krav om erstatning, og han hadde sjølvsagt ei god sak.

Heilt til ein kvinneleg fotograf vart meldt sakna i området. Ingen hadde sett ho etter at ho var heime hjå Avery for å fotografera ein bil han skulle selja, og politiet gjorde raskt Avery til hovudmistenkt. Etter at han hadde site i varetekt nokre veker vart nevøen hans, den ikkje altfor oppvakte Brendan, òg arrestert, etter at han hadde tilstått å ha vore med på å valdteke og drepe fotografen.

Serien viser at ingen av dei kan ha gjort det. Politiet har manipulert og plassert bevis, dei pressa ei tilståing ut av Brendan, dei etterforska aldri andre personar, og dei ser ut til å ha gjort dette for å unngå at Avery vinn fram med søksmålet om erstatning. Både Avery og nevøen vert kjende skuldige, og dømt til lange fengselsstraffer. Viss det var slik alt hang saman, gjekk ikkje politiet akkurat etter nokon som var like store og sterke som dei - familien til Avery er ikkje av dei mest ressurssterke.

Men dette er det serien viser. Det er lett å ta nokre rundar på Internett for å finna folk som meiner at serieskaparane ikkje tok med all bevisførsel frå rettssaka. Det kan såleis godt henda at i alle fall Avery var skuldig; Brendan virra så mykje i forklaringane sine at det er uråd å vita kva han eigentleg var med på. I serien ligg sympatien tydeleg hjå Avery og nevøen. Både dei og advokatane deira vert intervjua, medan aktor ikkje vert det i det heile. I ettertid seier han at han gjerne ville vorte intervjua, men at serieskaparane takka nei. Dei nektar for dette.

Uansett - det er ein fascinerande serie. Historia er godt fortalt. Eg var skeptisk til at etterforskinga og rettssaka ville vera fengande nok til å bera serien, men det dukkar heile tida opp nye godbitar. Som då tilståinga til Brendan dukkar opp. Som då det viser seg at ein blodprøve av Avery frå 1985 nyleg har vore opna, og at der er merke etter ein sprøytespiss i loket - blodet hans vart funne i bilen til den drepne fotografen, og kom det blodet frå 1985-prøven?

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Michael Griesbach: The Innocent Killer (2014)
Making a Murderer, sesong to (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar