5. desember 2018

Gåten Orderud (2018)

I mai 1999 vart ei kvinne og foreldra hennar drepne i kårhuset til foreldra på garden Orderud. Mistanken gjekk raskt i retning av broren/sonen og kona hans - Per Kristian og Veronica Orderud. Saman med to andre - Kristin Kirkemo (syster til Veronica) og Lars Grønnerød (eks-kjærasten hennar) vart dei dømde for medverknad til drap. Dei har sona dommane sine, og broren/sonen og kona prøver å få saka opp på ny, slik at dei kan verta frikjende. Ut frå det denne serien fortel har dei ei dårleg sak.

Det er ei fascinerande historie. Det meste var kjent frå før - saka fekk enormt mykje plass i media. Mykje av det hadde eg gløymt, sjølvsagt, men det dukka opp att. Og det meste av det som vart nemnt peika i retning mot minst ein av dei fire som vart dømde. I hovudhuset på garden var det kulemerke i eit bord og ein vegg - desse skadane kom då Kirkemo og Grønnerød leverte våpen til ekteparet. Heime hjå Grønnerød fann politiet eit våpenmagasin som var brukt under skytinga. Det dømde ekteparet hadde ein gardskrangel gåande med foreldra hans, og under rettssaka kom det fram at Per Kristian Orderud hadde forfalska ein signatur på ein kjøpekontrakt. Nokre dagar før mordet ringde ein anonym mann til 180 for å fortelja om drapet, og denne telefonen kan ha kome frå huset der Kirkemo budde. Kirkemo hadde aldri vore inn i kårhuset, men kunne fortelja politiet kvar sikringskåpet i huset var. Og så vidare. Alt tyder altså på at dommen var korrekt. Ingen er dømt for å ha utført sjølve morda, men dei fire er dømde for medverknad.

Serien tek aldri heilt av. Øystein Milli, krimreportar i VG, er ein slags programleiar som snakkar med nokre av dei innblanda, tek med seg politifolk på moglege fluktvegar gjennom skogen, ser på bevismaterialet som er lagra hjå Kripos, og greier seg heilt greitt. Men serien treng noko uventa, noko som gjer at ein verkeleg vert nyfiken på kva som skal skje vidare.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar