Viser innlegg med etiketten Hawes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hawes. Vis alle innlegg

15. juni 2025

James Hawes: The Shortest History of England (2020)

For nokre år sidan las eg ei liknande bok av Hawes. Den handla om tysk historie, og den boka likte eg godt. Denne er ikkje like vellukka. Eg trur den viktigaste grunnen er at Hawes er engelsk. Når han skreiv om Tyskland forklarte han alt. I denne boka er mykje inneforstått. Det verkar som om han skriv for engelske lesarar, slik at mange referansar kan vera vanskeleg å ta for oss andre. Ein stad skriv han til dømes om at fjernsynskjendisane Gary Glitter og Jimmy Saville var så store stjerner at dei kunne gjera som dei ville. At begge er dømde for overgrep mot born vert ikkje nemnt med eit ord, slik at dei som ikkje alt veit det kan tolka setninga til Hawes heilt annleis. Noko anna eg gjerne ville hatt meir av, er plassering av stadnamn.

Men her er sjølvsagt òg mykje bra. Han startar i retteleg gamle dagar og går fram til vår tid, og han ser nokre gjennomgåande trekk. Det har alltid vore Søraust-England mot resten av øya. At det er motsetnader mellom nord og sør er greitt, det er det mange stader, men her viser han igjen og igjen at dette er ei grenseline på mange område.

England har ei like blodig historie som mange andre land. Hawes skriv om slag etter slag, der tusenvis mister livet. Han skriv om korleis ulike medlemmer i dei mange kongefamiliane triksar og miksar for å sikra seg makt. Det siste er ei anna innvending mot boka, men det er kanskje slik det er i historiefaget: Han er langt meir interessert i kongar og knektar; den vanlege mannen/kvinna i gata står det mindre om.

Guffen er lunken.

Meir Hawes på kulturguffebloggen
The Shortest History of Germany (2017)

17. desember 2018

James Hawes: The Shortest History of Germany (2017)

Marit og eg var i Berlin for mange år sidan. Me vart fascinerte av byen, slik mange vert, og snakka om korleis det ikkje er mange byar som har ei så rik historie. Eg har ei kjensle av at eg såg litt halvhjarta etter ei bok om tysk historie då eg var der. Eg fann ingen ting, i alle fall ikkje på eit språk eg forstod.

Dette hadde eg gløymt i mange år, heilt til eg fann denne boka i ein bokhandel i Bergen. Det er ei svært komprimert historie bok, grovt rekna er det 2000 år på 200 sider. Det går altså fort, men det går aldri for fort til at Hawes misser kontrollen. Boka er delt inn i fire hovudkapittel. Kvart av desse handlar om 500 år, og det er sjølvsagt dei 500 siste som får mest plass.

Han ser fleire lange liner. Det vert fort opplagt kvifor dei som lærte historie då dei gjekk på skulen var opptekne av elver. Dei to viktigaste elvene i Tyskland er Rhinen og Elbe. Dette var grenseelver, og er det framleis i Tyskland i dag. Aust for Elbe er rota til alt vondt - det var her det preussiske riket oppstod, det var her nazipartiet hadde størst støtte, det er her AfD har mest støtte i dag. Om nazipartiet skriv Hawes mellom anna at om ein skal koka nazi-sympatiar ned til eitt einaste ord, er det religion. Område med overvekt av protestantar støtta nazistane; område med overvekt av katolikkar støtta andre parti. I sørvest-Tyskland, vest for Rhinen og langt vest for Elbe, stod katolikkane så sterkt at nazistane ikkje våga å avretta ein pater som fordømte nazi-politikken under andre verdskrigen - dei var redde for at det ville føra til borgarkrig.

Guffen tilrår.

Meir Hawes på kulturguffebloggen
The Shortest History of England (2020)