23. juni 2016

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)

I år er det 100 år sidan diktaren Tor Jonsson vart fødd. Eg las denne biografien for mange år sidan, men fekk lyst til å lesa han om att no. Eg hugsa det som ei god bok, og det inntrykket står seg, sjølv om det vert litt omstendeleg til tider.

Jonsson vaks opp i Lom. Han vart relativt tidleg farlaus, og det var lite av økonomisk velstand i oppveksten. Jonsson var skuleflink, skreiv litt for aviser og blad, og debuterte som lyrikar i 1943. Han levde eit liv på farten, han arbeidde for aviser på Otta og på Ål, der han var redaktør i Hallingdølen i nokre månader, men han kom heile tida tilbake til Lom, der mora lenge låg sjuk. Etter at ho døydde i 1950 flytta Jonsson til Oslo, der han tok livet sitt i 1951.

Då hadde han omsider kome på god økonomisk fot. Bøkene hans selde godt, og han fekk fleire prisar og stipend. Likevel sleit han med tankar som hadde prega han heile livet, og som han ofte skreiv om: Det tok lang tid før han fekk seg kjærast, og han sleit med å halda fast ved ho. Tungsinnet hans var eit gjennomgåande tema, og dei siste månadene han levde var han urovekkande open om eigne sjølvmordsplanar. Bygdefolket si manglande evne til å inkludera dei som fall litt utanfor var òg eit tema han ofte kom tilbake til, kanskje spesielt i dei mange artiklane han skreiv.

Kolloen skriv godt om dette vanskelege livet. Han har snakka med ei rekkje folk som kjende Jonsson, gått langt inn i skriftlege kjelder, og har samla inn mykje stoff. Av og til vert det litt for mykje, og poenget med at Jonsson skriv mykje om bygdementalitet kjem til dømes svært ofte fram.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Håvard Teigen og Svein Johs Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar