Viser innlegg med etiketten Ravatn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ravatn. Vis alle innlegg

14. oktober 2025

Agnes Ravatn: Doggerland (2025)

Det handlar om eit forlag som ikkje går så bra. Eller - det handlar jo om mykje meir enn det. Det handlar om slektsforhold, det handlar om KI, det handlar om kva som gjer litteratur god, det handlar om kva som er viktig i livet - å tena pengar eller å skapa kunst.

Matriarken Myrna Høst er direktør for forlaget Høst. Det er eit forlag som gjev ut kvalitetsbøker, altså bøker som kritikarar likar og lesarar ignorerer. Ho vil pensjonera seg, og tvillingane hennar, Henny og Filip, er begge klare for å ta over. Filip vil halda fram som før; Henny meiner at den einaste måten forlaget kan leva på er å skapa det lesarar og kundar vil ha. 

Dei er inviterte til ei øy på Vestlandet, saman med ektefeller og ein unge og ein god ven. Det vert eit tett drama. Dei er heilt åleine på øya, den einaste andre er han som eig hotellet, og som òg fungerer som ein slags analysestrateg og samtalepartnar. Alle trur det er ei feiring av syttiårsdagen til Myrna; i realiteten er det ei firmasamling der arverekkjefølgja skal avgjerast.

Det er ei flott bok. Ravatn er god på å skriva dialogar, og dei er det mange av her. Ho er òg god på å leggja ut falske spor. Eg-personen, kona til Filip, arbeider som redaktør i forlaget, og ho får levert eit manuskript som ser ut til å handla om nokre av dei på øya. Ho prøver å finna ut kven som har skrive det, og den leitinga vert me som lesarar med på òg. Me trur me har svaret, men så tek historia ei anna vending. Det gjer historia ofte, men ikkje så ofte at det vert påteke. Det heile er så fortetta og godt fortalt at denne romanen bør dramatiserast for teater.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

4. september 2023

Agnes Ravatn: Alle mot alle (2023)

Agnes Ravatn er løgnast når ho er spaltist og/eller journalist. I denne boka får me servert rundt 60 tekstar ho har skrive for ulike aviser og blad og tidsskrift. Tekstane er frå 2007 til 2022, og dei kjem i kronologisk rekkjefølgje. Det gjer at me kan følgja utviklinga til Ravatn. 

For her er ei tydeleg utvikling. Dei fyrste tekstane er litt prega av at ho prøver seg fram, men det tek ikkje lang tid før godbitane står i kø. Dei neste, ja, tre fjerdedelane av boka er glimrande. Der er heile tida noko å le av, men det ligg likevel mykje alvor i botn. Ho skriv om seg sjølv, men ho skriv meir om folk ho møter. Og dei folka møter ho som regel i heilt ulike samanhengar. Ein slik samanheng er ein av dei lengre tekstane i boka, "Iskald vinter". Den stod på trykk i Samtiden, og handlar om då Ravatn skulle verta ny, som det heiter. Her er òg seriar frå Dag og Tid, anten heile eller halve. Den heile handlar om då ho fekk ein sekssifra skattesmell, og korleis ho prøver å leva så rimeleg som råd.

Den siste fjerdelen av boka er ikkje like lystig. Her er det ofte litt meir seriøse tema, og språket boblar ikkje like mykje. Kanskje det er av di ho skriv for eit anna publikum; kanskje det er av di ho vil prøva andre måtar å skriva på. Her vert det òg noko repetisjon, det handlar ofte om prokrastinering.

Guffen tilrår. 

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Doggerland (2025)

15. oktober 2022

Agnes Ravatn: Gjestene (2022)

Det er mykje, svært mykje, å gle seg over i denne boka. Språket glitrar. Dei mange beiske kommentarane om andre personar råkar som regel midt i blinken. Måten hovudpersonen trakkar ned andre (verbalt) for å gjera seg sjølv større. Dei uventa vendingane. Men der er òg litt å trekkja for.

Juristen Karin har på litt merkeleg vis fått låna ei hytte ved Oslofjorden ein stad. Ektemannen hennar, Kai, er snikkar, og han skal setja opp ei brygge for huseigarane. Kvinna i paret som eig hytta gjekk på skule med Karin for svært lenge sidan. Dei trefte kvarandre tilfeldig ein kveld, Karin gav veninna nokre velmeinte juridiske råd, og brått skulle ho og mannen bu på hytta ei veke. Dei, eller spesielt Karin, rakkar heile tida ned på hytta, på eigarane og på naboane. 

Heilt til ho møter han som bur i nabohytta. Han er gift med favorittforfattaren til Karin. Alt under det fyrste møtet deira prøver Karin seg med nokre løgner, og det ballar så til dei grader på seg. Og det er jo underhaldande og godt, men sjølve slutten vert eit antiklimaks. Ein ting er at noko slikt hadde lege i korta lenge, ein annan ting er at eit viktig premiss for all mistanken i andre del av boka kunne vore borte dersom Kai ein einaste gong i løpet av fem-seks dagar hadde slumpa til å seia at han hadde nokre månader tidlegare hadde bygt kjøkkenet på hytta.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

15. oktober 2019

Agnes Ravatn: Dei sju dørene (2019)

Denne romanen har vore omtalt som ein krim, og det var kanskje ei litt uventa vending i forfattarskapen til Ravatn. Det kan godt vera at det er rett å kalla boka for krim, men det er i tilfelle ei uvanleg velskriven og godt komponert krimbok.

Nina Wisløff er professor i litteratur, og snublar over eit mysterium ho prøver å løysa. Alle rundt ho er ikkje overtydde om at det faktisk er eit mysterium, men ho finn små spor og tenkjer seg fram til kva som kan ha skjedd, og brått ser ho tydeleg kven som har gjort kva. Det viser seg at det ikkje var rett, men så finn ho ei anna løysing. Og endå ei løysing. Desse stadige retningsskifta minner om noko Hitchcock kunne ha filma.

Utgangspunktet er at Wisløff og mannen må flytta frå barndomsheimen hennar i Bergen, av di bybanen skal gå akkurat der. Dotter deira er òg på leit etter hus, og dei kjem på at ho og familien kan overta eit anna hus Wisløff og mannen eig. Ho som bur i det huset vert heilt sett ut då mor og dotter Wisløff kjem på døra, og nokre dagar seinare vert ho meldt sakna. Og det er omtrent her privatdetektiven Wisløff vaknar.

Det er altså velskrive og godt, dette her. Her er som vanleg mange gode observasjonar og gode replikkar, og det er ei bok vel verdt å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

12. desember 2018

Agnes Ravatn: Stoisk uro (2018)

Denne boka inneheld to seriar Ravatn skreiv for Dag og Tid. Begge seriane handla om filosofi. Den fyrste ser ut til å ha vore tenkt som ein gjennomgang av filosofihistoria; i den andre tek ho føre seg Kierkegaard. Den fyrste serien sluttar brått, truleg bråare enn ho hadde tenkt - den siste artikkelen sluttar med ei tilvising til den neste artikkelen, altså ein artikkel som aldri kom.

Stort sett er det underhaldande lesnad. Av og til er det glitrande humor, andre gonger er det litt for stilleståande. Ho hentar fram sentrale omgrep hjå filosofane, og prøver å overføra dei til samtida vår, eller til hennar eige liv. Eg reknar med at dette er einaste gongen nokon flettar sitt eige frieri inn i ei bok om filosofi. I alle fall viss me avgrensar oss til frieri i Disneyland i California, der ho frir med ein Mikke Mus-ring, og der det sit ein ung gut dei ikkje kjenner på setet mellom Ravatn og han ho frir til.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

7. desember 2017

Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (2017)

Denne boka tek utgangspunkt i essay Agnes Ravatn skreiv for Dag og Tid. Der fungerte ikkje alt like godt, utan at eg heilt hugsar heilt kvifor. Her er essaya omskrivne og forbetra, og det er vorte ei finfin bok.

Ravatn flyttar til Valevåg saman med sambuar og son, for å bu eit halvt år på eit småbruk som høyrer til familien hans. I eitt av nabohusa bur forfattaren Einar Økland, og mykje av boka handlar om forholdet mellom dei to. I mangt og mykje er det ein gamal meister som lærer vekk det han kan, også om daglegdagse ting som fisking og baking. Det vert referert mange samtalar mellom dei to, og her framstår Økland slik han ofte gjer: Som ein som vil framstå som ikkje altfor sjølvoppteken, men som absolutt ikkje får det til.

Samtalane er likevel underhaldande, og det er òg resten av boka. Her vert mykje smiling, mykje humring, og ikkje så reint lite latter. Eit høgdepunkt er då ho søler tran på badegolvet, og ikkje greier å få vekk lukta, same kor mykje ho vaskar. Eit anna høgdepunkt er når ho vert intervjua av ein journalist, som på førehand bed om namn på personar ho kan snakka med. Ravatn vurderer å nemna Økland som ein nær ven, men finn etter mykje tenking ut at det vert feil. Intervjuet sluttar med at journalisten kjem på kor tid dei har snakka saman sjølv - det var då ho intervjua Økland, og han hadde gjeve opp Ravatn som ein nær ven.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

17. desember 2014

Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)

Til liks med svært mange andre var Agnes Ravatn prega av dette behovet for å heile tida vera oppdatert. Me sjekkar e-post, me er på nett, me er på Twitter, det er direktesendingar i media frå hendingar som ikkje fortener det (som t.d. dette manglande steinraset i Romsdalen), og me oppfører oss som om me ikkje lenger veit kva tolmod er. Me kan ikkje venta, alt skal gjerast med ein gong.

Til liks med mange andre var Ravatn lei av dette, og til liks med relativt få andre fann ho ut at ho måtte gjera noko med det. Ho las ei rekkje bøker om korleis ho betre kunne kontrollera livet og arbeidsdagen sin, og vart klokare på korleis ho kunne få betre sjølvdisiplin. Dette deler ho med lesaren i denne boka, som er bygd på ein artikkelserie i Dag og Tid.

Eg fekk aldri heilt sansen for den artikkelserien, og er berre sånn mellomnøgd etter å ha lese boka òg. Det sprudlar ikkje så mykje av dei språklege påfunna til Ravatn denne gongen. Det vert òg ein del repetisjon. Tidvis er det artig og innsiktsfullt, men eg har lese langt betre av Ravatn.

Guffen er lunken.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

3. september 2013

Agnes Ravatn: Fugletribunalet (2013)

Denne boka var heilt annleis enn eg rekna med. Eg har lese det meste av det Ravatn har gjeve ut i bokform og mykje av det ho har skrive i Dag og Tid og andre aviser, og det er som regel noko å le av der. Ofte er det noko å le høgt av.

Slik er det ikkje her. Allis Hagtorn har reist frå mannen sin, etter at ho miste jobben som følgje av eit eventyr med sjefen sin i NRK. Ho vert hushjelp for Sigurd Bagge, ein litt mystisk og innestengt mann som bur ved fjorden ein stad. Begge har dei løyndomar for kvarandre, begge seglar under falsk flagg, og begge vert gradvis begeistra for den andre.

Kva Bagge eigentleg driv med, både i arbeidsliv og elles, er eit mysterium for Hagtorn. Ho spør litt, og spionerer litt meir, men vert ikkje så mykje klokare før han opnar seg opp eit godt stykke ute i boka. Før det kjem så langt har han snakka i gåter, han har fortalt draumar som om dei er sanne, og det verkar nesten som om han går inn for å forvirra ho.

I ein av draumane vert han teke med langt inn i skogen, der nokre menneske utkledd som fuglar feller dom over han. Det dukkar opp fuglar også ved andre høve, ikkje berre i tittelen på boka, og det er nærliggjande å sjå etter slektskap med sjølvaste Fuglane, den aller beste norske romanen. Nokon nær slektning er det ikkje, men det kan ikkje vera tilfeldig at Bagge fortel at han ein gong la ut på fjorden, klar for å ta livet av seg i båten sin.

Det er ei fin bok. Ravatn skriv godt, og romanen er godt komponert. Det er ikkje berre Bagge og Hagtorn som vil vita meir om kva den andre gjer og har gjort, også me som lesarar vil gjerne vita dette.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

10. juli 2012

Agnes Ravatn: Veke 53 (2007)

Dette er debutboka til Ravatn. Det er ein humørfylt roman om den relativt nyskilte lektoren Georg Ulveset, som ikkje har det spesielt bra, og som ei veke rundt joletider gjer den eine sosiale blemma etter den andre. Den siste skuledagen møter han opp sterkt rusa, og vert sendt heim. Under den årlege jolemiddagen hjå ein kollega får han ikkje til nokon ting, og kvelden sluttar med at han, utan hell, prøver å leggja an på ei som gjekk ut frå vidaregåande året før. Så døyr far hans, og han må til heimbygda for å ordna opp. Der møter han ei kvinne han hadde eit kort og hektisk forhold til som nygift, og boka sluttar relativt optimistisk. Sjølv om ho sluttar med at han er på veg inn i gravferda til faren. Eller kanskje nettopp derfor.

Boka er i stor grad bygd opp rundt dialogar. Ulveset får ikkje alltid like mykje ut av desse, og Ravatn skyt ofte inn ei setning eller to om at Ulveset meiner samtalane er tomme. Etter utvekslinga "- Du høyrer mykje betre enn sist eg var her, sa Georg. - Ja, sa faren. - Er det nytt høreapparat? - Ja, eg - dette er mykje betre, ja. - Det er flott, far." kjem setninga "Alt dette vrøvlet me skal gjennom, tenkte Georg".

Ravatn skriv godt, og ho har skjønt at fyrste setninga i ei bok er viktig: "Ein gong hadde eg ambisjonar" er ei glimrande opning. Det er ei bok ein les fort, og her er nok å smila av. Ein gong lo eg til og med høgt - den siste skuledagen, då Ulveset altså ikkje er heilt edru, finn han ut at han skal spela Hangman med elevane sine. Han teiknar ruter til ei heil setning, men einaste framlegget frå klassen er bokstaven S. "Helvetes allmennfag, ingen kreativitet", tenkjer han, og skriv opp løysinga, "Marie Hamsun er lesbisk". Ikkje uventa dukkar rektor opp i det same.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

16. april 2011

Ikke til hjemlån (2008)

Ikke til hjemlån var ei fanzine i Bergen, og kom med tretten nummer i 2006-07. Det fekk eg ikkje med meg då, eg var relativt ferdig både med Bergen og fanziner. Men eg har høyrt mykje bra om denne boka, som vel kan omtalast som greatest hits frå fanzina.

Det er ikkje dei lange skriftstykka som dominerer her. Her er nokre heilsides teikneseriar, men elles er det stort sett éin illustrasjon på kvar side. Desse illustrasjonane er anten teikningar eller foto, med handskriven eller utklipt tekst. Det handlar mykje om å gje bileta ny tekst. Det er ikkje noko nytt grep, sjølv om løysinga med å også klippa ut tekst frå aviser eller blad er hakket meir original. Endå meir gledeleg er det at alt fungerer veldig godt. Her er svært mykje å le av på dei 60-70 sidene.

Humoren til dei fire som laga fanzina, Agnes Ravatn, Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset, tek ofte uventa vendingar. Dei nyttar gjerne kjende personar, eventuelt personar som heiter det same som kjende personar. Frå fotballverda dukkar såleis både Åge Hareide og han som alle av ein eller annan grunn kallar Gamsten opp, frå den intellektuelle verda møter me mellom anna Barthes og Adorno, me møter Ronald Bye, og me møter Guri Vesaas. Det sprikar altså i alle retningar, og det er midt i blinken. Den einaste gjennomgåande figuren er hesten til Peer Gynt, som det vert snakka om ved fleire høve, men før me møter han vert han diverre slakta.

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Purkene snudde seg (2009)
Håpet og festen (2015)
Eit praktisk menneske (2020)

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

14. april 2011

Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)

Dag og Tid er ei solid avis. Ei av styrkane deira er, slik eg har nemnt før, at dei får nokre av dei beste skribentane i landet til å skriva seriar i bladet. Frilansaren Morten Strøksnes har til dømes hatt eit par svært vellukka slike så langt, mellom anna frå ei reise til USA. Også mykje av det andre stoffet i bladet er glimrande. (Så får me heller tola det paradoksale at ein serie der dei vurderer arkitekturen i tettstader og byer har ein ekstremt rotete layout.)

Agnes Ravatn er fast tilsett i avisa, og har hatt fleire gode seriar så langt. Artiklane frå den fyrste, der ho oppsøkte stader der ingenting skjer, vart samla i boka Stillstand, og i denne boka kjem lett oppdaterte versjonar av artiklane frå ein serie om norske velstand. Det var stas å lesa dei då dei stod i avisa, det er like stas no.

Ho tek for seg fjorten ulike grupper med vekeblad, og er stort sett misnøgd med det ho les. Her er mykje lystig klaging, i føreordet omtalar ho dei tilsette i vekeblada som "idiotar"; i ein artikkel om treningsblad skriv ho at gler seg "over at livet trass i alt er ganske kort, det er nesten så eg ikkje kan vente til det er ferdig". Artiklane er skrivne med eit stort språkleg overskot, og eg ler og humrar heile vegen. Det er ikkje berre det Ravatn skriv som får meg på låtten, også mykje av utdraga ho hentar frå vekeblada får meg til å le, om enn på ein litt annan måte. Ein vekebladskeptikar som meg får ikkje akkurat lyst til å endra lesevanane mine - eg les gjerne meir av Ravatn, men står gjerne over vekeblada.

Det er uråd å ikkje ta med nokre blinkskot. Om interiørtipsa i dei traustaste vekeblada skriv ho: "Hjemmet satsar òg på pledd som den endelege løysinga på interiørproblemet: Dersom du til dømes har ein stige ståande midt i stova, eller noko anna skrot, kan du enkelt og greitt hengje eit pledd over stigen. Vips er problemet borte." I babyblada saknar ho "andre typar stoff, til dømes 'Kva gjer du dersom det viser seg at ungen din er teit?'". Når det nye bladet Mönster omtalar seg sjølv som "nytt magasin for bevisste kvinner", meiner Ravatn at det fyller eit hol i bladhylla - blad for ubevisste kvinner er det meir enn nok av. Om interiørblada, som kanskje er den sjangeren Ravatn likar aller minst, skriv ho "Ting, ting, ting? Er det meininga at folk faktisk skal kjøpe dette? Meiner Bolig-Drøm at eg bør bruke 480 kroner på eit litermål?" Ho omtalar borddekorering som det "mest perverse grunntrekket ved vår sivilisasjon", det er omtrent like gale som scrapbooking.

Ho sparkar av og til nedover, og er klar over det sjølv. Ho finn ut at ho skal prøva nokre av oppskriftene ho finn i matblad, og har vore på handletur på ICA. "I kassa betraktar eg varene mine på samlebandet med ei hoverande mine: asparges, chévre, bjørnebær, mynte, spekeskinke, fiken ... For ein fantastisk person eg må vere, tenkjer eg, medan jenta bak meg kjøper ein pose pommes frites og ein lovbiff. 'Jaså, du er kanskje ikkje kulturpersonlegdom, du?' klukkler eg inni meg og startar på heimvegen. Kor forbløffande lite som skal til for kjenne seg vellykka!"

Kor forbløffande lite Ravatn som skal til for å gje oss ei vellukka leseoppleving.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

13. september 2010

Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Denne boka er god, og viser igjen at Svein Gjerdåker i Dag og Tid greier å plukka dei rette forfattarane til føljetongar i avisa. Eg har tidlegare nemnt den flotte serien med reisebrev frå Morten Strøksnes. Utgangspunktet kunne ikkje vore meir ulikt - der Strøksnes reiser tvers over Amerika for å leita etter den amerikanske folkesjela, vitjar Ravatn stader i Noreg der det skjer minst mogleg.

Ravatn framstår som ei som minst av alt vil ha kontakt med andre. Ho gjer òg sitt for å framstå som ei som ikkje heilt veit kva ho vil, noko som vert tydeleg alt i føreordet. Ho fortel at Gjerdåker vil ha ho til å skriva for Dag og Tid, og når ho etter mykje mas litt motviljug leverer den fyrste teksten, ringjer han til ho og seier at ho må flytta til Oslo for å verta journalist hjå han. "Dette hadde eg iallfall ikkje lyst til, men heller ikkje denne gongen torde eg å seie nei."

Slik held det fram. Det er morosamt og seriøst, det er slentrande og leikande, slik gode essay skal vera, og der er heile tida noko å le av. Dei gongene ho kjem i snakk med andre, verkar ho mest av alt redd for at dei skal finna ut kva ho eigentleg meiner, slik at ho berre jattar med dei. Det vert det stor litteratur av, møtet med ein Afghanistan-veteran på Rorbua i Tromsø er eit strålande døme på det.

Ho er innom kafear, rettsalar, kloster, kjøpesenter, førelesingar, Syden, Lillehammar, og mykje anna. Ho skil seg ut alle stadene, dels av di ho ikkje kjenner alle kodane, men mest av di ho har så god tid. Og kanskje av di det svært ofte skin gjennom at ho helst ville vore ein heilt annan stad.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)