31. desember 2018

Amadeus (1984)

Eg veit ikkje om denne filmen er nokolunde historisk korrekt, eller om han prøver å vera det, men det er ein fascinerande film. Her er to hovudpersonar - dei to komponistane Wolfgang Amadeus Mozart og Antonio Salieri. Salieri var frå Italia, og var hoffkomponist i Wien hjå keisar Josef II. Der har han ei høg stjerne, heilt til vidunderbarnet Mozart dukkar opp. Mozart kan trylla med musikken, og får snart ei langt høgare stjerne enn Salieri har hatt.

Salieri legg planar for å retta på dette. Han spelar på pengemangelen til Mozart, maskerer seg og bed Mozart skriva ei dødsmesse. Mozart er eigentleg like interessert i å skriva lettare musikk, musikk for folket, men tek på seg oppdraget. Kombinasjonen av høgt arbeidspress, mykje drikking, veik helse og ei kone som har teke med seg barnet deira til ein rolegare stad, gjer at Mozart vert sjukare og sjukare. Den siste natta han lever hjelper Salieri han med å fullføra dødsmessa, som fekk namnet Rekviem. Kona og barnet kjem tilbake nokre minutt for Mozart døyr.

Historia vert fortalt av ein aldrande Salieri. Han er innlagt på eit galehus, etter at han har prøvd å ta livet sitt. Det er eit godt grep (sjølv om den eldre Salieri truleg ville vore betre sminka i dag). Han fortel om tida Mozart var i Wien, og om korleis han sjølv var moralsk og god der Mozart ikkje hadde hemningar. Wien er ekstremt klassedelt, og alle diltar etter keisaren, ingen vil gjera noko som kan få han til å lika dei mindre. Mozart går litt på tvers av konvensjonane, og har det langt betre når han møter folk litt lågare på rangstigen. Og musikken er sjølvsagt strålande.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar