15. desember 2019

W. Mathieu Williams: Through Norway With a Knapsack (1859)

Briten Williams reiste gjennom Noreg to månader i 1858. Han kom med båt til Christiania, reiste (i hovudsak) til fots til Trondheim, med båt til Hammerfest og tilbake til Trondheim, og deretter (i hovudsak) til fots sørover på Vestlandet til Røldal, og vidare austover attende til Christiania. I denne boka (som eg las i norsk omsetjing frå 1965, med tittelen Til fots i Norge for hundre år siden) fortel han detaljert om turen.

Noreg var ikkje akkurat eit kjent ferieland for reiselystne britar. Han har med seg ein reiseguide, men klagar rett som det er over feil og manglar i den. Denne boka kan godt ha vore tenkt som ei forbetring av eldre guidarhan skriv i alle fall mykje om prisar og slikt.

Nokon stor skribent er han ikkje, det framstår i alle fall ikkje sånn i den norske omsetjinga. Det heile er òg prega av meir eller mindre vanlege haldningar på 1800-talet. Han kan gjerne ordleggja seg positivt om dei han møter, men det skin ofte gjennom at Noreg ikkje er like utvikla som Storbritannia. Han er til dømes nesten alltid misnøgd med maten, og spesielt grauten han får servert overalt - det omtalar han etter kvart som sement. Eit par stader kjem han med frenologiske vurderingar av folk, og det er jo ikkje spesielt sympatisk.

Men han finn òg mykje å gle seg over. Han ser mykje god natur, han er imponert over korleis folk greier å leva der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og han storkosar seg når han som ein av dei fyrste utlendingane får sjå Skjeggedalsfossen og Tyssefaldene i Hardanger. Så det var heilt greitt å vera med på denne turen, sjølv om det tidvis var vanskeleg å finna ut kva rute han reiste.

Guffen tilrår.

14. desember 2019

Flannery O'Connor: A Good Man Is Hard to Find (1955)

Flannery O'Connor fekk ikkje noko langt liv. Då ho døydde, 39 år gamal, hadde ho gjeve ut to romanar og ei novellesamling, og året etterpå kom det ei novellesamling. Målt i sidetal og bøker er det ikkje rare forfattarskapen, men bøkene hennar står likevel som pålar i den amerikanske litteraturhistoria. Det er spesielt novellesamlingane hennar som vert dregne fram, og dette er den fyrste av dei.

Det er jamt over glimrande noveller. Det handlar om folk på landsbygda i sørstatane, eit område og eit folk ho kjende godt frå eigen oppvekst. Ho er glad i dei ho skriv om, men ho kan òg le av dei. Slik er det til dømes i den avsluttande og lengste novella, "The Displaced Person", der ei av kvinnene er urkomisk, med si altfor store tru på seg sjølv og si altfor låge tru på alle andre.

Eg vart for alvor introdusert for O'Connor då eg tok engelsk mellomfag. Eg hugsar at eg tenkte at ho som leia det kurset var altfor oppteken av det religiøse i det O'Connor skreiv, og det meiner eg vel framleis, sjølv om det er stadige referansar til religion i tekstane. Nokre slit med sitt eige forhold til religion, nokre andre slit med andre sitt forhold til religion, medan andre igjen har lagt all religion frå seg. Her er òg mange referansar til tekstar frå Bibelen.

Sjølv gler eg meir over at novellene er så godt komponerte. Her kjem stadig uventa vendingar. Her er ein del vald og groteske hendingar, men det ligg like ofte ei kjensle av ubehag under tekstane, ei kjensle som ikkje alltid resulterer i noko gale. Og her er enorme mengder humor, både i situasjonar og i dei mange originale og treffsikre metaforane.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

12. desember 2019

Elizabeth Partridge: Restless Spirit (1998)

1930-åra var harde i USA, av fleire grunnar. Sør på prærien slo avlingane feil fleire år på rad, og mange reiste mot vest for å søkja lukka der. Der var det alt mange lukkeleitarar, dei budde i leirar med det vesle dei eigde, og gjorde det dei kunne for å livberga seg og sine. Det gjekk ikkje alltid like godt, slik John Steinbeck skriv om i meisterverket The Grapes of Wrath.

Det fotografiet som skildrar denne tida best var teke av Dorothea Lange. Det viser ei mor som ser trøytt og oppgitt ut i det ukjende, medan tre ungar heng over ho. Me ser berre fjeset til den yngste av ungane, ein baby som nesten ser livlaus ut, men som i røynda søv på fanget til mora.

Lange var fotograf, og hadde lenge livnært seg av å fotografera velståande folk i San Francisco. Då ho vart kjend med leirane der familiar budde i høgst uverdige forhold greidde ho ikkje å tenkja på noko anna. Ho fotograferte mange folk og mange leirar, og vart etter kvart løna av styresmaktene for å gjera det. Då det engasjementet gjekk ut fotograferte ho andre grupper som vart dårleg handsama, som dei mange tusen japansk-amerikanarane som vart integrerte under andre verdskrigen.

Denne boka fortel (kort) om livet til Lange. Teksten går aldri spesielt djupt, men bileta er framifrå.

Guffen tilrår.

9. desember 2019

Siri Hustvedt: Memories of the Future (2019)

Ein vaksen, kanskje til og med godt vaksen, forfattar ryddar i barndomsheimen. Mora er komen på gamleheim, og under ryddinga finn forfattaren dagboka ho førte då ho flytta til New York førti år tidlegare. Dei mange utdraga frå dagboka viser ei ung kvinne som vil verta forfattar, som er nyfiken på livet, som opplever både godt og gale, og som veks mykje på det eine året dagboka dekkjer.

Den vaksne forfattaren kommenterer det ho les. Ho tek òg med nokre utdrag frå ein roman ho prøvde å skriva det året. Det er ikkje rare greiene, men det er òg heile poenget med å ta det med. Det romanutkastet var viktig for at kvinna vart forfattar.

Veldig mange av kommentarane hennar går på minne. Noko av det ho skriv om hugsar ho godt; andre ting er gått i gløymeboka. Ho reiser av og til på besøk til mora, som er godt over nitti og som ikkje hugsar så mykje lenger, og også der spinn ho gode tankar om minne. Kva hugsar me? Kor mykje hugsar me annleis? Har me sjølv valt å hugsa det annleis?

Forfattaren vert berre omtala som S.H. Ho kjem frå ein bokglad familie i Minnesota, og bur i dag i Brooklyn. Det er mange parallellar med livet til Hustvedt, også det at mor hennar var over nitti og budde på ein gamleheim, men det vert sjølvsagt feil å lesa det heile som ein sjølvbiografi.

Fun Fact #1: Det finst to ulike omslag på boka, på det andre er kvinna påkledd.
Fun Fact #2: Ein gong spelte eg i eit band som hadde ein song kalla "Future Memories".

Guffen tilrår.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
Yonder (1998)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Ghost Stories. A Memoir (2026)

8. desember 2019

The Irishman (2019)

Det er noko lett nostalgisk over dette prosjektet. Martin Scorsese har regissert mange filmar der Robert DeNiro har hatt ei viktig rolle. Han har laga filmar om mafiaen før, og han har laga valdelege filmar før. Her har han med seg ei rekkje store skodespelarar i tillegg til DeNiro - Al Pacino, Harvey Keitel, Joe Pesci, og mange andre. Alt ligg såleis til rette for at det kan verta ein god film, men slik er det ikkje.

Ei opplagt innvending er at filmen er altfor lang, han varer i tre og ein halv time. Filmar kan gjerne vera lange, slik som bøker gjerne kan vera tjukke, men då skal det vera noko der som forsvarar lengda. Her manglar det. Javisst er det godt skodespel, og javisst er det scener og episodar som er finfine, og det er stort sett flotte bilete gjennom heile filmen, men det er òg mange daudpunkt. 

Pesci spelar han som trekkjer i alle trådane. DeNiro er han som sakte krabbar oppover i mafiaverda, men som òg må ta seg av nokre av drapa. Pacino spelar Jimmy Hoffa, fagforeiningsleiaren som vart ei plage for mange. Filmen er full av tilbakeblikk, men det som skjer i real time er at Pesci og DeNiro (og konene deira) er på veg frå Philadelphia til Detroit for å vera gjester i eit bryllaup, og der kjem det òg eit endeleg oppgjer med Hoffa. Tilbakeblikka handlar om korleis DeNiro vert del av mafiaen, korleis han er meir oppteken av å gjera det bra der enn å ta seg av familien sin, og om maktkampane i fagrørsla.

Guffen er lunken.

7. desember 2019

Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)

I farspermisjon nummer ein las eg meg gjennom heile forfattarskapen til Tarjei Vesaas, med eitt unntak: Då greidde eg ikkje å spora opp dette skodespelet. Det er ikkje med i Skrifter i samling, og var heller ikkje å finna i dei lokale biblioteka. Eg fann det i eit antikvariat for ei tid sidan, og las det no.

Det er ikkje eit spesielt vellukka stykke. Handlinga dekkjer eit døger, og dei fem personane som er med går alle og ventar på at det skal verta krig. To av dei reknar med å verta kalla inn til krigsteneste, to andre er kjærastane deira, medan femtemann er ein forfattar som skriv pasifistiske tekstar. Nokre ser fram til krigen, andre ser det fælslege i det. Nokre er skuffa over at dei andre vil kriga, andre er skuffa over at andre er skuffa over akkurat det.

Det er sjølvsagt noko anna å lesa eit skodespel enn å sjå det framført, men eg trur ikkje dette ville fungera stort betre på ei scene. Her er lite framdrift, og sjølv om den underliggjande faren for krig kunne skapt god dramatikk, skjer ikkje det her.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

1. desember 2019

Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)

Dei av oss som gjerne ser og høyrer Motorpsycho så ofte som råd er ofte innom nettsida Motorpsycodelic clips. Der ligg det nokre hundre videoar frå Motorpsycho-konsertar. Lyden er sjølvsagt varierande, og nokre av filmane er filma med berre eitt kamera. Ei lang rekkje av filmane er langt meir profesjonelle i forma - lyden er uventa god, og konserten er filma med fleire kamera. Desse filmane er som regel filma av Bernard von Hecke, som styrer den nemnde nettsida, og som har laga denne filmen.

Into the Maelstrom fortel ikkje heile historia om bandet, langt frå. Filmen har mange konsertinnslag, men han er bygd opp rundt intervju med dei tre faste medlemmane i bandet i dag - Hans Magnus Ryan, Bent Sæther og Tomas Järmyr. Dei fortel om korleis dei vart dregne inn i musikken frå ung alder, dei to fyrste snakkar om kva dei vil med Motorpsycho, og alle tre snakkar om kva dei leitar etter i musikken. Det er finfine intervju, det er tydeleg at von Hecke har skapt ei stemning der dei er trygge på å uttrykkja seg, og der dei får sagt det dei vil.

Alle snakkar om korleis dei på scena går så langt inn i musikken at dei ikkje heilt veit kvar dei er, eller kor lang tid som går. Ryan jamfører det med ein rus, og det er mange psychonauts som ville brukt liknande ord. Det er tydeleg at dei framleis stortrivst med å vera i bandet, det er tydeleg at Järmyr er rett mann på plass, men der kjem òg hint om at det kjem ein slutt ein gong: Ryan seier at om ti år har han truleg mist all høyrselen sin.

Det er altså ikkje ein komplett historisk gjennomgang. Grovt sett handlar intervjua om tida fram til Demon Box (1992), og om dei to-tre siste åra. Her er likevel nokre filmklipp frå gamle dagar, og skulle det vera noko å trekkja for filmen er det at det vart klarare at bandet har hatt (i hovudsak) to trommeslagarar før Järmyr, og at han berre har vore med i bandet sidan 2016.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)
USF, Bergen, 27.3.2025
Høvleriet, Haugesund, 28.3.2025
Folken, Stavanger, 29.3.2025
Rockefeller, Oslo, 22.3.2026