Tre-fire episodar før slutt vert SC&P lagt ned, og dei fleste av dei tilsette får jobb i eigarselskapet McCann. Don Draper er ein av dei, han er truleg den McCann er mest interessert i, men då han ser korleis McCann arbeider, der det møter opp femten personar for å ha møte med klientane, skjønar han at dette ikkje er plassen for han. Han forlet både møtet og firmaet, utan å seia frå til nokon kvifor han går, hentar bilen, pakkar nokre småting i ein plastpose, og køyrer på måfå vestover i USA.
Denne køyringa utan mål og meining passar bra på heile sesongen. Det er berre trist å sjå korleis nivået har tapt seg. Dei fire fyrste sesongane var glimrande, og så har det berre vorte verre. I heile denne sesongen, som var den siste, er det svært lite å gle seg over. Ein god replikk her, nokre fine bilete der, og det er omtrent alt. Her kjem berre ei lang rekkje scener som ikkje engasjerer.
Det kanskje verste av alt er slutten. At Draper, som har levd under falsk namn i heile serien, søkjer etter noko ekte, er heilt greitt. Verre er det at fleire av dei andre sentrale karakterane i serien - Pete Campbell, Joan Harris og Peggy Olson - alle står på trappa til eit nytt liv. Det luktar at her kan det koma spinoff-seriar, og viss dei ligg på dette nivået er det noko fjernsynssjåarar bør sparast for.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Viser innlegg med etiketten Mad Men. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mad Men. Vis alle innlegg
8. november 2015
22. desember 2013
Mad Men, sesong 6 (2013)
Det er ikkje nett som i gamle dagar. Etter fire glimrande sesongar tapte det seg i den femte, og dei greier ikkje å reisa kjerringa i denne sjette sesongen. Når det er bra, og det er det rett som det er, er det bra, men oftare er det berre midt på treet. Det er langt mellom dei store scenene, endå lengre mellom dei store episodane.
Serien var betre då han handla om firmaet. No verkar det, i endå større grad enn i den førre sesongen, som om personane tek over. Det var meir stas då den einaste personen me følgde tett utanfor jobb var Don Draper. No vert det for mange persontrådar å følgja, og det heile minner av og til om ein godt laga såpeserie.
Her er likevel lyspunkt. Sist sesong (var det vel) gjekk Peggy over til eit anna firma. På ein utanbys tur, sånn omtrent midt i sesongen, møter Draper den kreative sjefen for det andre firmaet, og saman vert dei samde om at dei to firmaa bør slå seg saman. Dei får alle med på det, og serien tek seg opp herfrå. Det vert fleire indre konfliktar, og det vert meir frå firmakontora, rett og slett. Eit anna lyspunkt er karakteren Bob Benson, som ingen heilt veit kva driv med, men som dukkar opp overalt, med det store smilet sitt.
Draper slit i serien, og verst vert det mot slutten. Dotter hans har teke han på fersken med elskerinna hans, han er ikkje nøgd med ekteskapet sitt, han kjenner seg trua av andre og yngre krefter på jobb, og han løyser alt dette på den gode, gamle måten: Han drikk meir og meir. Han prøver å skjula det, han kan godt drikka alkohol frå koppar på kontoret, men til slutt vert det for mykje, og han får beskjed om å ta ferie på ubestemt tid. Eit reklamefirma sparkar altså Don Draper - mad, indeed. Det ligg til rette for ein god sistesesong.
Guffen er lunken.
Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 7 (2014-15)

7. november 2012
Mad Men, sesong 5 (2012)
Hm. Dette var ikkje like gjevt som eg trudde det skulle verta. Eg har storkost meg med dei fire fyrste sesongane, og såg fram til dette. Kanskje eg såg for mykje fram til det, men det engasjerte meg i alle fall ikkje like mykje som før.
Eg er ikkje heilt sikker på kvar det sviktar. Kanskje det vert for mange historier å fylgja, no verkar det som om dei fleste i reklamebyrået har hovudroller i minst ein episode, og dei mange karakterane som vert introduserte på denne måten forsvinn gjerne like fort som dei kom. Eg veit ikkje om det stemmer, men eg har ei kjensle av det tidlegare i hovudsak handla om reklamebyrået og om Don Draper; no handlar det meir om alle dei tilsette i reklamebyrået og om Don Draper.
For det er ikkje måte på kor mykje dei går gjennom dette året. Peggy Olson får seg sambuar, men han ser me omtrent ikkje noko til etter at dei har fortalt mor hennar om det. Pete Campbell har flytta ut av byen same med kone og unge, og mistrivst enormt med det. Lane Pryce slit med skatten, og med ei kone som helst vil flytta attende til London. Roger Sterling styrer sikkert mot endå ei skilsmisse. Joan Harris har òg eit høgst skrantande ekteskap. Og Don Draper er ikkje heilt seg sjølv. Han er nygift, og har eit høgst slitsamt forhold til eks-kona (som òg slit, både med den nye ektemannen og med vekta). Kona hans, Megan, er ikkje nøgd med å vera heimeverande, og alt dette endrar Draper. Han vert meir oppfarande, han er ikkje like energisk, og verst av alt er det at firmaet har tilsett ein ny tekstforfattar, Michael Ginsberg, som er fullt på høgde med Draper og vel så det.
Den fyrste halvdelen av sesongen var uventa slapp og uinspirert. Det var stas å sjå desse luringane igjen, men det tok liksom aldri heilt av. Det kom seg midtveges, og den tredje siste og den nest siste episoden var aldeles glimrande. Me såg dei to på ein kveld, og då verka det som om alt var greitt igjen. Diverre tapte det seg litt igjen i den aller siste episoden.

30. mars 2011
Mad Men, sesong 4 (2010)
Etter fire sesongar er dette framleis ein aldeles glimrande fjernsynsserie. Det aller meste er akkurat slik det skal vera - manus, dialogar, skodespelarar, tidsbileta, osb. Det er nesten trist at me må venta så lenge på neste sesong.
Opninga på kvar episode er finfin. Ein dresskledd mann kjem inn på eit kontor, og set frå seg kofferten sin. Deretter går alt til pisis - bilete dett ned frå veggane, møblane dett frå kvarandre, og deretter dett han. Det er langt ned, på vegen passerer han bilete av lettkledde damer, annonser som viser fram det gode amerikanske draumelivet, forbi glas med alkohol, forbi familiebilete. Han dett gjennom Amerika, og det er like mykje Amerika som dett. Handlinga er lagt til 60-åra, eit tiår då det amerikanske storsamfunnet møtte intern motstand frå ulike grupper som kjempa for rettane sine, og ekstern motstand frå andre land.
Den fallande mannen kan godt vera Don Draper. Han var hovudpersonen i dei tre fyrste sesongane, og no vert han endå meir sentral. Han er den amerikanske draumen, han er velståande, attraktiv, høfleg, klok, veltalande, flott og stram. Han vert spelt av Jon Hamm, som ofte minner om ein yngre Robert DeNiro. Draper har arbeidd seg opp frå ingenting, og har no ein suveren posisjon i reklameverda.

Ved inngangen til denne sesongen er mykje endra. Draper er nyskilt, og saman med Sterling, Cooper og Pryce har han laga eit nytt firma. Dette firmaet er svært avhengig av han, det er han som er den viktigaste magneten for nye kundar. Firmaet har likevel mange nedturar, og dette slit på Draper, som vert meir og meir oppfarande, han drikk (endå) meir, og han vert ein endå større rundbrennar. Han roterer mellom fleire kvinner, og at ei av dei liknar på eks-kona hans er ikkje spesielt overraskande. Det er heller ikkje spesielt uventa at ein gong dei to er ute til middag, møter dei eks-kona og den nye mannen hennar.
Draper reflekterer òg ofte over kven han er, og kva han gjer med tida si. Må han verkeleg jobba så mykje? Må han sjå så lite til borna sine? Kan han nokon gong stå fram som den han verkeleg er, og ikkje som Don Draper (som altså ikkje er det eigentlege namnet hans)?I fleire av episodane er der lange, rolege scener der han sit på kontoret sitt om kvelden, der han kikar ut vindauga med eit glas alkohol i handa. Dette er fantastisk fine scener.
Det går altså opp og ned med firmaet. Dei har få kundar, og då den største kunden deira finn seg eit anna reklamebyrå, luktar det oppseiingar lang veg. Måten Draper prøver å løysa dette på, utan å rådføra seg med dei andre eigarane, er strålande.
Så det er altså framleis ein aldeles glimrande fjernsynsserie. Eg er nesten overraska over at eg er så begeistra for ein serie som hentar handlinga frå eit reklamebyrå, men eg er hekta og vel så det. Eg vil ha meir, og eg vil gjerne ha det fort, men eg veit at eg må venta ei stund. Innspelinga av den femte episoden har ikkje teke til enno, det er visst noko usemje om pengar og alt det der. Eg ser difor ikkje vekk frå at eg hentar fram att den fyrste sesongen, og tek ein ny runde medan eg ventar.
28. januar 2011
Mad Men, sesong 3 (2009)
Tredje sesong, og nivået er framleis høgt. Etter at eg hadde sett sesong ein og sesong to var eg nøgd med det meste, både manus, skodespel og tidsbiletet var framifrå. Slik er det no òg. Der er sjølvsagt endringar, men dei fleste av desse ligg i handlinga, og der er det overraskingar nok.Det handlar framleis om reklamebyrået Cooper Sterling, og dei tilsette der. Det er mest snakking, det går mykje i møter, og det er der dramatikken ligg. Her er få dramatiske scener, sjølv om her dukkar opp (i alle fall) to: I den eine slår Joan Harris mannen sin knallhardt i hovudet med ein vase. Den andre er meir original og dramatisk - firmaet har fenge John Deere som kundar, og dei har like godt lånt ein stor plenklippar. Under ein fest prøver ei av dei tilsette denne å køyra plenklipparen rundt på kontoret. Ho er ikkje heilt utlært, og køyrer like godt rett over foten til ein representant frå det britiske moderfirmaet. Resultatet vert blod og amputasjon og ei øydelagd karriere. Harris summerer det greitt opp - "that's life, one minute you're on top of the world, the next minute some secretary is running you over with a lawnmover".
Joan Harris har ei nøkkelrolle i serien. Ho er ein slags sjefssekretær, og er den som har klart best innsikt i korleis ting vert gjort, korleis ein bør oppføra seg, kvar ting er, osb. Ho ligg heile tida eit hakk famom dei andre, skal nokon tinga eit møterom har ho alt gjort det. Ho sluttar i firmaet midt i serien, av di mannen hennar trudde han skulle få jobb som sjefskirurg, men då han ikkje fekk det, vart ho gåande arbeidslaus, og hadde ikkje lyst til å koma attende til Cooper Sterling. I siste episode treng sjefane nokon som på kort varsel kan visa dei kvar alt materialet deira ligg rundt på kontoret, og kven andre enn Harris kan dei ringja til?
Den eigentlege hovudpersonen er likevel Don Draper. Ekstremt flink med ord og ekstremt rask i tankegangen, Draper er ei levande legende i reklamemiljøet i New York. Han har likevel ei lite kjend fortid, og denne vert avduka gradvis og gradvis, det vert nesten som ei tillersk innsirkling. Mot slutten finn kona hans ut litt om dette, slik at problema hans på heimebane vert endå større.
Episoden der det skjer er glimrande, og er truleg den beste episoden så langt. Det er rett før jol, og alt raknar for Draper. Jobben hans er usikker, kona hans avslører fortida hans, Kennedy er nett drepen, og det er like godt Lee Harvey Oswald òg, slik at han (og alle andre) ser at Amerika ikkje har kome like langt som dei trur. Kona har avbrote haustferien for å konfrontera Draper med det ho har funne, og medan dei har ein lang, lang prat på kjøkenet, sit elskerinna til Draper og ventar på han i bilen utanfor. Me som ser på anar ikkje kor lenge ho finn seg i å venta, så medan Draper og kona snakkar med kvarandre, ventar me heile tida på at elskerinna bankar på, for å gjera situasjonen endå verre for Draper. It's a wonderful life, indeed.
Handlinga er lagt til 60-åra, og det er ei anna tid. På kontoret drikk alle heile tida, og så godt som alle røykjer òg tett. Og ein kuttar ikkje ut slike bagatellar berre av di ein er gravid. Det er òg eit samfunn der kvite menn regjerer, gifte kvinner er stort sett heime, og firma vil ikkje ha annonsekampanjar som rettar seg mot svarte forbrukarar. Livet i reklamebransjen vert framstilt som krevjande, men òg som ein dans på roser. Det er korte, effektive møte, det er langt pausar, og det er mykje fest og moro.
Guffen tilrår.
Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)
26. oktober 2010
Mad Men, sesong 2 (2008)
Eg ser lite på fjernsyn. Litt av di me berre har dei tre NRK-kanalane, litt av di det er mykje anna å gjera på. Eg veit òg lite om kva som går på NRK, det eg er best oppdatert på no for tida er ulike seriar i Barne-TV. Viss me ser fjernsyn, er det oftast med DVD-spelaren tilkopla.I haust har me stort sett berre sett Mad Men. Det er ein uventa fengande serie, dagen etter at me var ferdig med sesong 1 tinga me den neste sesongen, og slik gjekk det òg denne gongen. Ferdig med sesong 2 i går, tinga sesong 3 i dag.
Svært mykje er bra med serien. Det er glimrande manus, med gode replikkar, passeleg mange konfliktar, og nok vriar i handlinga til at du ikkje ser kva som kjem. Serien handlar om reklamebyrået Sterling Cooper. Hovudpersonen er Don Draper, som er det kreative geniet i byrået. I denne sesongen vert han kasta ut heimefrå, av di kona hans har fått snusen i at han held på litt for mykje med litt for mange damer, og sjølv om han vert invitert heim att heilt mot slutten av denne sesongen, er det mest av di kona er gravid.
Også andre av dei tilsette har problem på heimebane. Pete Thompson, som kanskje er den personen det er vanskelegast å lika, men som òg er den personen som vert aller best framstilit, slit med fleire ting. Han og kona får ikkje ungar. Han vil ikkje adoptera, og det øydelegg tilhøvet både til kona og svigerfaren, som meiner at det viktigaste ein mann kan gjera er å gjera kona si lukkeleg. Thompson fortel difor Peggy Olson, ein av kollegaene sine, at han burde valt ho i staden. Ho svarar at det er uaktuelt, men legg like godt til at då dei hadde eit kort eventyr for nokre år sidan, vart ho gravid. Ho gav ungen vekk, truleg til syster si. Legg ein til nokre andre liknande historier, som at sjefen for heile firmaet forlet kona si av di han vil gifta seg med ei tjue år gamal jente, eller at ein av dei tilsette heilt ut av det blå står fram som homo, kan ein få inntrykk av at dette berre er ein vanleg såpeserie.
Det er det absolutt ikkje. Det er altså glimrande replikkar, det er eit manus som er fabelaktig oppbygd, og det er godt skodespel heile vegen. Det heile går føre seg tidleg i 1960-åra, og slik ser det òg ut, på alle måtar. Viss såpeseriar var som Mad Men, ville dei ikkje hatt noko dårleg rykte i det heile.
Guffen tilrår.
Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)
27. september 2010
Mad Men, sesong 1 (2007)
Det snudde vel omtrent med Twin Peaks. Også amerikanske fjernsynskanalar innsåg brått at det gjekk an å laga gode seriar, i tillegg til dei endelause seriane om ingenting. Eg har ikkje sett så mange av dei, eg ser visst for lite på fjernsyn, men seriar som Sopranos eller Five Feet Under får i alle fall mykje skryt. Det var visst Ragnhild som tilrådde denne serien, og det var det bra at ho gjorde. Serien er god. Handlinga er lagt til miljøet i og rundt eit reklamebyrå i New York, i 1960. Dette var ein periode med enorm vekst i det personlege forbruket i USA, og ein periode der det jamt dukka opp nye ting alle skulle ha. For eit reklamebyrå var det gylne tider, og det viser att i korleis dei har det på jobb. Dei ser alle ut til å tena rimeleg bra, og det ser ut som om dei har god tid. Alle har til dømes eit lite barskap på kontoret.
"Dei" tyder her mennene. Det er berre femti år sidan 1960, men likevel er her heilt andre kjønnsroller, og heilt andre måtar å omtala kvinner på, enn det er i dag, også i det amerikanske samfunnet. Mennene har ansvar for å tena pengar, kvinnene har ansvar for å stella heimen, laga mat og passa ungar. For mennene i reklamebyrået ligg det òg prestisje i å ha seg med sekretærane, og det er fritt fram for å koma med slibrige merknader, også når desse sekretærane er til stades.
Hovudpersonen er Don Draper, ein ettertrakta og dyktig reklamemann. Han siglar under falsk flagg, på fleire måtar. Han bytte identitet med ein annan soldat i Koreakrigen, og måten dette vert fortalt på er glimrande. Eit hint her, eit anna hint her, før det heile vert oppklara mot slutten av denne fyrste sesongen. Han har òg fleire elskerinner, medan trofékona går rundt heime i forstaden og slit med eigne nerver og eige sjølvbilete.
Ein annan sentral person er Peggy Olson. Serien opnar med at ho får jobb i firmaet, og ho vert sekretæren til Draper. Ein av dei unge ambisiøse sprettane i selskapet lokkar ho til sengs, og heilt mot slutten av sesongen vert det brått klart at ho vart gravid då, og at ho fekk ein liten unge. Olson har òg ambisjonar, har skrive fleire tekstar til reklamar, og serien sluttar med at ho får stilling som tekstforfattar.
Tidsbiletet ser ut til å vera glimrande. Kjønnsrollemønsteret er ein ting, den store auken i forbruk er ein annan, men der er fleire ting. Alle røykjer til dømes, heile tida. Kostymar og frisyrar ser rimeleg tidsautentiske ut, og det gjer språket òg. Den neste sesongen vert nok kjøpt inn rimeleg raskt.
Guffen tilrår.
Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)
Abonner på:
Innlegg (Atom)