10. september 2010

Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)

Eg las nett ei humorbok om Beatles, og i kjølvatnet av den skumma eg like godt gjennom ei humorbok om Elvis òg. Der er rett nok ein stor skilnad på desse bøkene - i boka om Beatles er humoren tilsikta.

Brewer-Giorgio meiner at der er mykje som er uklart rundt dødsfallet til Elvis. Ho skriv det ikkje rett ut, men det er opplagt at ho meiner at Elvis er i live. Det einaste handfaste ho legg fram som kan tyda på dette, er at mellomnamnet hans er stava med ein A for mykje på gravsteinen hans.

Bortsett frå det er alt saman basert på lause rykte, vage påstandar, og rein svada. Ho viser til at ei rekkje personar hevdar at dei har sett Elvis etter at han døydde. Ho meiner at den Elvis-en som låg på lit de parade berre var ein voksfigur. Ho fortel at ein person som likna på Elvis kjøpte flybillett til Buenos Aires på flyplassen i Memphis, dagen etter at Elvis døydde. Ho listar opp tekstliner frå songane til Elvis, og meiner at dette er hemmelege meldingar om at han snart skulle faka sin eigen død. Og ho legg ved ein kassett der ein mann fortel om kvar han har vore dei siste åra - det kan vera Elvis, det kan ha vore nokon med ei stemme som likna.

Rett etter at Elvis døydde, skreiv Brewer-Giorgio romanen Orion. Den handlar om ein popsongar som gjekk lei av å vera verdskjend, slik at han faka sin eigen død. I ettertid las Brewer-Giorgio fleire biografiar om Elvis, og vart overraska over kor mykje som samsvara med romanen hennar. Ho meiner at ho har vore eit medium, og at det ho eigentleg skreiv om hadde hendt med Elvis. Ho fortel vidare at sjølv om romanen kom ut, forsvann han frå alle bokhandlar. Dette meiner ho berre provar poenget hennar, altså at Elvis faktisk lever, og at han ikkje vil at nokon skal skjøna det, slik at han har sendt folk rundt til alle bokhandlar for å kjøpa opp bøkene som finst.

Det heile vert så dumt at du skal vera rimeleg positivt innstilt til konspirasjonsteoriar for å tru på det. Apparatet rundt ei så stor forsvinning må ha involvert så mange folk at det er heilt utenkjeleg at ingen hadde sladra. Det er heller ikkje slik at berre av di noko er uklart eller mangelfullt, ligg det noko mystisk bak. Folk gjer feil heile tida.

Det går an å le av denne boka. Utover i boka er det ei heilt anna kjensle som melder seg. Eg merka at eg gradvis tykte meir og meir synd på Brewer-Giorgio, der ho prøver å skrapa saman nok indikasjonar på at hypotesen hennar held. Ho skriv ikkje spesielt godt, ho tenkjer ikkje spesielt godt, og ho minner mest av alt om nokon som burde finna seg noko anna å halda på med. Ho tek alle kjelder for god fisk. Det seier litt at ho støttar seg på to rimeleg kontroversielle Elvis-bøker - Elvis: What happened?, skrive av tre vener Elvis skilde lag med midt i 70-åra, og Elvis, av Albert Goldman. Ho burde lært seg ørlite om kjeldekritikk.

Guffen er lunken.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)
Priscilla (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar