26. september 2010

Ottar Grepstad: Avisene som endra Noreg (2010)

Eg er kanskje ugild her. Eg er nemnt i takkelista bak i boka, truleg av di eg kom med framlegg til ein illustrasjon, og av di eg skanna ei rekkje illustrasjonar. Eg kan òg ha vore med på diskusjonar om noko av det som her står, eg arbeidde saman med Grepstad i Aasen-tunet i ni år. Så eg er kanskje ugild, men det får så vera. Det er ei viktig bok.

Grepstad skriv om historia til dei nynorske avisene. Sjølvsagt er det ikkje like detaljert om alle, dei fem som får breiast omtale er Dølen (som var den fyrste i 1858), Fedraheimen, Den 17de Mai, Gula Tidend og Dag og Tid. I tillegg vert ei rekkje andre aviser omtalt. Grepstad har tidlegare skrive godt om den nynorske kulturhistoria, og det er eit stort gode at han skriv bøker som denne. Ingen andre har den kunnskapen han har, både når det gjeld dei store linene og dei mindre detaljane.

I boka skriv Grepstad både om indre og ytre faktorar som påverka avisene. Rammevilkåra vart betra i andre halvdel av 1900-talet, med betre tilskotsordningar, og med betre kommunikasjonar som opna for samarbeid. For meg er dei indre vilkåra meir interessante, det er meir spanande å lesa om personane som dreiv avisene fram. Dei som gav ut nynorske aviser på 1800-talet hadde langt mindre føresetnader for å lukkast, men dei ville noko, og denne kampen dei førte gjer at historiene rundt desse avisene gjev meg meir enn dei nyare avisene. Det har vore kjempa mange avisslag òg på 1900-talet, men likevel er dei ikkje like gjevande for meg.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar