13. november 2011

Trygve Mathiesen: Norsk postpunk 1980-1985. Fra hardcore til a-ha (2011)

Dette er den fjerde boka til Mathiesen, trur eg, i alle fall den fjerde der han skriv om dei meir interessante delane av norsk musikk. Han har skrive to fine bøker om dei to konsertane Sex Pistols heldt i Noreg sommaren 1977, og ei bok om norsk punk fram til 1980. Denne boka held fram der den siste sluttar, og handlar om norsk postpunk fram til 1985. Diverre er ikkje boka like god som forgjengaren.

Den viktigaste grunnen til det er vinklinga Mathiesen gjev stoffet. Han var sentral i punkemiljøet i Oslo omtrent frå starten, han spelte i band, gav ut fanziner og kassettar, og har anten eit godt minne, eit godt arkiv, eller begge delar. Han har òg intervjua ei rekkje personar, slik at han har eit stort materiale å arbeida med. Det verkar likevel som om emnet vert for stort for han. Han får aldri heilt tak på det.

Det opnar heilt greitt, han skriv om korleis det var å vera punkar rundt 1980, og om punken vert gradvis hardare. Her presenterer han dei fyrste norske hardcorebanda, og eg tenkte at dette er ein god måte å gjera det på - å fletta bandpresentasjonar inn mellom meir generelle oversyn. Diverre stoppar dette opp, og rekkja med bandpresentasjonar stoppar opp. Det vil seia at lesarane til dømes får eit kort innblikk i historia til bergensbandet Fader War, komplett med oversyn over dei som var med. Fader War eksisterte i eit halvt år, spelte fem konsertar, og har med fem songar på ei samleplate frå Bergen. Andre langt meir sentrale band får ikkje denne handsaminga.

Nokre av kapitla i boka er altfor lange. I eit langt kapittel går Mathiesen detaljert gjennom ei rekkje døme på at postpunkband flørtar med totalitær estetikk. Grunnen er uklar, fleire av dei han har intervjua her seier at dette vart gjort for å sjokkera. Det kunne han ha sagt og vist på ti-tolv sider, i staden bruker han rundt sytti. I eit like langt kapittel skriv han om norske artistar som heldt konsertar i utlandet - her verkar det som om han har prøvd å få med absolutt alle slike. Også dette kapitlet kunne vore skore kraftig ned, og kapitlet om bistandskonsertane i Noreg og andre stader sommaren 1985 kunne like godt vore kutta heilt ut.

I staden for alt dette kunne han ha teke med langt meir relevant stoff. Han kunne hatt langt fleire bandportrett, slik han la opp til tidleg i boka. Han verkar veldig konsertorientert - han skriv om rockeklubbar og konsertar dei arrangerte, han skriv altså om konsertar norske band heldt i utlandet, og han kjem jamleg med fotnotar hentar frå eit konsertoversyn. Han skriv òg om plater og kassettar, men dette får langt mindre plass. Kvifor står det ikkje noko om dei viktigaste plateselskapa? Eller dei viktigaste kassettselskapa? Kor mange slike fanst? Kva med fanzinene? Og musikkavisene - kor viktige var dei? Kven var dei viktigaste journalistane der? Korleis kan han skriva om denne perioden utan å nemna sentrale journalistar som Geir Rakvaag eller Jan Arne Handorff? For oss som budde langt ute på landet var Nye Takter og Puls like viktige informasjonskjelder som fanziner.

Når Mathiesen har valt å ikkje ha for mange slike fakta i sjølve teksten, burde boka slutta med ein rein faktadel. Det hadde ikkje vore vanskeleg å få plass til dette, boka er sett med svært stort skrift, så viss ein ikkje ville auka sidetalet, kunne ein berre krympa skrifta ørlite.

Her er sjølvsagt mykje bra i boka òg, mellom anna mange gode bilete, men alt i alt vart dette ein stor skuffelse. Boka sprikar for mykje, Mathiesen burde ha samla trådane i eit sluttkapittel, og oppsummert dei fem åra han skriv om. I staden sluttar altså boka med eit kort kapittel om musikalske bistandsprosjekt. Denne perioden i norsk musikk hadde fortent ei langt betre bok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Banned in the UK (2010)
Sid's Norwegian Romance (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar