Viser innlegg med etiketten Grepstad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Grepstad. Vis alle innlegg

16. desember 2023

Ottar Grepstad: Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Det har vore skrive mykje om Ivar Aasen og verket hans, men der er visst framleis hol som kan tettast. Det er kanskje ikkje det viktigaste holet, men det er viktig likevel. I 1843, truleg under det lange opphaldet i Nordhordland, skreiv han diktet "Vise om Giftermaal". Det vart ikkje publisert så lenge han levde, og sjølv om nokre har kjent til diktet, har ingen av Aasen-biografane plukka det opp.

Ottar Grepstad har grave djupt for å finna ut så mykje som råd om diktet. Originalmanuskriptet er vekke, men då VG i 1897 vart dei fyrste som trykte diktet skreiv dei at det var skrive "med Aasens egen Haand", så dei har truleg hatt det. Diktet har vore trykt fleire stader, men forma det hadde i VG i 1897 er truleg den mest korrekte å bruka. Grepstad leiter i arkiv, han finn spor som sender han vidare, og når han set punktum har han vore innom mykje av Sør-Noreg, Canada og USA. Temaet for diktet er livet som ungkar. Det var eit tema Aasen (litt motvillig) kjende godt til, og det var eit tema han ofte dikta om. 

Det heile kan minna litt om arbeidet Terje Aarset har gjort for å fortelja om korleis den nynorske songskatten vart til. Skilnaden er at Grepstad leitar etter informasjon om eit dikt/ein song som var så godt som ukjend. Det er uansett ein kjekk sjanger, og det hadde ikkje vore meg imot om nokon skreiv like godt og grundig om andre Aasen-dikt - kjende som ukjende.

Guffen tilrår. 

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Symra (2013)
Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)

28. desember 2022

Ottar Grepstad: Bokhistorier (2022)

Alt før han vart direktør i Nynorsk kultursentrum arbeidde Ottar Grepstad med å dokumentera den nynorske skriftkulturen. Det heldt han fram med dei bortimot tjue åra han var direktør der, og det held han fram med etterpå. Denne omfangsrike boka fortel om bøker og forfattarar, men ho fortel mest om nokre utvalde forlag. 

I den delen skriv han om 46 små og store forlag. Mange av desse gav ut bøker på fleire språk, men det er nynorskdelen av utgjevingane deira som er mest interessante for Grepstad. Han fortel om personar som stod bak forlaga, og han fortel om forfattarar som var knytte til forlaga. Nokre forlag levde lenge, andre hadde eit kortare liv. Nokre gav ut mange bøker, andre hadde få utgjevingar. Nokre eksisterer framleis, andre har teke kveld for lenge sidan. Nokre omtalar er lange medan andre er korte, og det er som regel interessante poeng han dreg fram. I boka er det òg bibliografiar for fleire av forlaga.

Før han kjem til forlagsbolken får me ein del andre bokhistorier, og også denne delen av boka er lesverdig. Grepstad har enorme kunnskapar om dette feltet, og det er flott at han deler av kunnskapen. Boka er trykt i eit avgrensa opplag, men innhaldet må ha interesse for svært mange.

Guffen tilrår. 

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

21. februar 2022

Ottar Grepstad: Brent ord (2022)

Bøker skal ikkje brennast. Av og til skjer det, og det er like ubehageleg kvar gong.

I denne boka handlar det mest om bøker som vert kasta på bålet av språklege grunnar. Grepstad har dokumentert 26 slike bokbål, og som regel går det ut over nynorsk. To av gongene har bokmålsbøker brunne, sju gonger var det samnorsk, ei gong var det både riksmål og nynorsk, resten av gongene var det nynorsk. Det er som oftast ungdom som tenner opp, og etter 1980 var det vanlegvis medlemer i Unge Høgre som var ute med fyrstikkene sine. 

Grepstad bruker ei rekkje kjelder. Det opnar gjerne med at han søkjer seg fram til ein avisartikkel som fortel om eit bokbål, før han går vidare til lesarbrev og debatt i ettertid. Så snakkar han gjerne med nokre av dei som var med. Dei er alle, så vidt eg fekk med meg, fulle av anger, og seier at dei gjerne skulle sett at dette var ugjort.

Det er ei viktig bok. Bøker skal ikkje brennast, og denne boka dokumenterer at det har skjedd altfor mange gonger.

Guffen tilrår. 

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

30. juli 2018

Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)

Denne har visst vore tilgjengeleg digitalt ei stund - skrifter av Ivar Aasen vart fyrste gong publisert for fem år sidan, skrifter om Ivar Aasen eitt år seinare. Det fekk eg ikkje med meg, men sjølv om eg hadde gjort det hadde eg sikkert kjøpt denne. Undertittelen er heilt presis - "Skrifter av og om Ivar Aasen 1825-2017)". I tillegg er der fire innleiande og forklarande og utdjupande artiklar av Grepstad, to tidlegare uprenta artiklar av Aasen, ein artikkel av Ole Olsen, og nokre tabellar og slikt.

Grepstad har arbeidd i Aasen-tunet sidan 1999, som direktør i Nynorsk kultursentrum, og har samla stoff om Aasen heile tida. Her står om dei fem gongene Aasen vart intervjua av aviser, alle mot slutten av livet hans. Her står om små notisar og større bokmeldingar. Grepstad viser korleis talet på artiklar om Aasen aukar og minkar i takt med jubileumsåra hans. Her står om komponisten Aasen.

Det er eit finfint oppslagsverk, som fyller eit hol i litteraturen om Aasen. Det går sjølvsagt an å finna manglar i desse oversyna, men det er meir enn nok å gle seg over. Éin ting må likevel nemnast: Eg greier ikkje heilt å følgja Grepstad når han skriv om "Nordmannen". Det var eit dikt Aasen arbeidde mykje med, fram til den endelege versjonen som kom i 1875-utgåva av Symra. Fram til Aasen døydde i 1896 var det berre denne versjonen som vart trykt, skriv Grepstad, som legg til at den einaste som braut dette var Anders Reitan i 1874. Korleis han skulle bruka ein versjon som kom året etter forstår eg ikkje, også av di Reitan-boka frå 1874 kom ut posthumt - han døydde i 1872.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Symra (2013)
Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)

22. juni 2018

Ottar Grepstad (red.): Forfattarens skriftstader (2018)

I museums-Noreg er det fleire faglege nettverk. Eitt av dei, Litteraturnettverket, står bak denne boka. Artiklane er skrivne av tolv forfattarar frå seks museum. Fellesnemnaren for artiklane er korleis museum forvaltar arven etter forfattarar, og korleis heimane deira er eller har vorte minnestader.

Artiklane som fengar meg mest er (ikkje uventa) dei som handlar om nynorskforfattarar. Det er ikkje det same som at dei artiklane er dei beste, men det viser noko som fleire av forfattarane er innom - nokre av musea har fungert om lag som pilegrimsmål. På same måte som det for meg er viktigare å vitja museum eller heimar knytt til forfattarar eg likar, er det lettare å verta fenga av artiklar om forfattarar eg likar.

Slik sett er artiklane om feiringa av Aasen og Vinje fram til 1918 og om Garborg og Knudaheio dei som fengar mest. Noko var kjent frå før, men her var sjølvsagt òg mykje nytt. Av dei andre artiklane var den om kjøkenet i huset Ibsen vaks opp god, mest av di han viste korleis museum lett kan presentera noko som ikkje er heilt sant.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

21. april 2018

Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien (2017)

Ottar Grepstad har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999. Han gjev seg til hausten, og eg misunner ikkje den som skal ta over. Grepstad har gjort svært mykje - han har gjort Nynorsk kultursentrum til ein nasjonal kulturaktør, han har vore med på å dra i gang Hauge-senteret i Ulvik og det komande Vinje-senteret i Vinje, han var sentral då nettleksikonet Allkunne vart etablert, og han har gjort mykje meir.

Han har mellom anna skrive ei rekkje bøker. I fleire av desse har det vore samla store mengder dokumentasjon - slik var det i Ivar Aasen-bibliografiane som kom i 2013 (skrifter av Aasen) og 2014 (skrifter om Aasen). Og slik er det her, der han tek med det som er skrive både av og om Aasmund Olavsson Vinje.

Eg skal ikkje påstå at eg har lese kvart ordet i denne boka. Ho er på rundt 440 sider, og det meste er annoterte lister over artiklar og bøker. Det har eg bladd roleg gjennom, og lese litt histen og pisten. Meir tid brukte eg på dei to artiklane i boka - den lange "Krønikeskivaren A. O. Vinje" og den litt kortare "Å lese og forstå A. O. Vinje". Her skriv Grepstad om kvar Vinje skreiv, kva han skreiv, og om kva andre skreiv. Han går djupt inn i kjeldene, av og til så djupt at poenget kjem litt ut av syne, men han kjem opp att, og at har med denne boka gjeve oss endå meir kunnskap om den tidlege nynorske kulturhistoria.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Toril Moi leser A.O. Vinje (2016)

12. august 2013

Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)

Der finst fleire Aasen-biografiar, og eg har lese dei fleste av dei. Denne boka er ulik dei andre, og er såleis ei velkomen utgjeving. Dei to mest omfattande Aasen-biografiane kom begge i 1996, og var skrivne av Stephen Walton og Kjell Venås. Begge er gode, men vert for detaljerte når dei skildrar språket Aasen la grunnlaget for. For dei fleste lesarane er dette tungt og kanskje til og med unødvendig stoff; Grepstad nemner det nesten ikkje i det heile.

For Grepstad er det to viktige sider ved Aasen. Han var ein stor strateg, og han var stadig uroleg for at han ikkje fekk gjort alt han skulle. Tida strakk ikkje til. Det strategiske viste seg tidleg, til dømes då han i 1841 på oppmoding frå biskop Neumann i Bergen skriv ein kort sjølvbiografi.

Boka er lagt opp meir tematisk enn kronologisk. Det fungerer godt, og samla gjev boka oss eit godt bilete av kven Ivar Aasen var. Ho gjev oss ikkje svar på alt; Aasen var ein person som heldt korta tett til brystet. Grepstad har funne mykje nytt stoff, og viser mellom anna at det er svært truleg at Aasen faktisk var trulova med Berte Pålsdotter i Herøy i fyrste halvdel av 1830-åra.

Det er altså ei fin bok, men utan manglar er ho ikkje. Det er, uvanleg nok, ein biografi heilt utan bilete av den biograferte. Her er heller ikkje noko kjeldeliste - den ligg på Internett, og det er berre ei middels god løysing. Dessutan er her ein del repetisjonar; ein stad kjem til dømes det same avsnittet to gonger på ei og same side.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Symra (2013)
Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)

26. september 2010

Ottar Grepstad: Avisene som endra Noreg (2010)

Eg er kanskje ugild her. Eg er nemnt i takkelista bak i boka, truleg av di eg kom med framlegg til ein illustrasjon, og av di eg skanna ei rekkje illustrasjonar. Eg kan òg ha vore med på diskusjonar om noko av det som her står, eg arbeidde saman med Grepstad i Aasen-tunet i ni år. Så eg er kanskje ugild, men det får så vera. Det er ei viktig bok.

Grepstad skriv om historia til dei nynorske avisene. Sjølvsagt er det ikkje like detaljert om alle, dei fem som får breiast omtale er Dølen (som var den fyrste i 1858), Fedraheimen, Den 17de Mai, Gula Tidend og Dag og Tid. I tillegg vert ei rekkje andre aviser omtalt. Grepstad har tidlegare skrive godt om den nynorske kulturhistoria, og det er eit stort gode at han skriv bøker som denne. Ingen andre har den kunnskapen han har, både når det gjeld dei store linene og dei mindre detaljane.

I boka skriv Grepstad både om indre og ytre faktorar som påverka avisene. Rammevilkåra vart betra i andre halvdel av 1900-talet, med betre tilskotsordningar, og med betre kommunikasjonar som opna for samarbeid. For meg er dei indre vilkåra meir interessante, det er meir spanande å lesa om personane som dreiv avisene fram. Dei som gav ut nynorske aviser på 1800-talet hadde langt mindre føresetnader for å lukkast, men dei ville noko, og denne kampen dei førte gjer at historiene rundt desse avisene gjev meg meir enn dei nyare avisene. Det har vore kjempa mange avisslag òg på 1900-talet, men likevel er dei ikkje like gjevande for meg.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)