23. september 2010

This is Spinal Tap (1984)

Denne filmen avsluttar ein rockebandparoditrilogi her på bloggen, og sjølv om både Paperback Writer og The Rutles er solide, vert det stigning i programmet når Spinal Tap vert vist. Filmen er ein klassikar, og går noko gale for eit band, vert det gjerne omtala som ein Spinal Tap-augneblink.

Filmen leikar at han er ein dokumentar, eller, viss du vil, ein rockumentar, om bandet Spinal Tap. Dei er rutinerte, dei har drive på i rundt femten år, men karriera er på hell og vel så det. Her vert me med dei på turné gjennom USA, der nokre konsertar vert avlyste, der andre konsertar vert flytta til lokale der publikum slett ikkje er interesserte i musikken deira, der den siste plata deira stadig vert forseinka, der kjærasten til vokalisten kjem og øydelegg ei stemning som alt var dårleg, der sologitaristen sluttar, og der alt ser ut til å gå til pisis før dei heilt uventa får ein hit i Japan.

Det heile er altså noko mange kan kjenna seg att i, både dei som sjølve er musikarar, eller me som berre kjenner denne kulturen frå utsida. Bandet er eit band heilt på det jamne, det som utmerkar dei er at så godt som alle songane handlar om sex, pakka inn i meir eller mindre subtile vendingar. Bandet har eit forelda kvinnesyn, og er heller ikkje spesielt oppvakte. Grunnen til at plata deira vert forseinka er at plateselskapet meiner at biletet på plateomslaget er sexist. Svaret frå sologitaristen er kort og greitt "what's wrong with being sexy"?

Så musikken og alt rundt bandet er komisk, men det beste er likevel intervjua med musikarane. Dei er stokk dumme, men prøver å framstå som skarpare enn dei er, og strør om seg med kvasiintellektuelt svada. Eitt av dei beste svara kjem då vokalisten, etter at sologitaristen har slutta i bandet, får spørsmål om dette er slutten for bandet. Han snakkar litt om kva ein slutt er for noko, og kjem med nokre setningar om korleis universet er uendeleg og utan slutt, og kva det vil seia.

Guffen tilrår. Denne går til elleve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar