19. september 2010

Sigmund Løvåsen: Brakk (2006)

Eg var omvisar ved Voss folkemuseum rundt femten somrar. Noko av det fyrste me gjorde når sommarsesongen opna, var å friska opp att ei bok av Johannes Gjerdåker, Arbeidet i bygdene. Boka did exactly what it said on the tin - det var ein detaljert gjennomgang av arbeidsåret ved gardar på Vestlandet.

Brakk minner mest av alt om Arbeidet i bygdene i romanform. Nitten år gamle Geir har teke over eit småbruk. Han gjer dette dels av di han vil heidra faren, som ikkje lever meir. Korkje mora eller den yngre broren hans skjønar kvifor han gjer dette, men han er sta, og gjer det han kan for å gjera bruket levedyktig. Faren ligg heile tida som ein skugge bak Geir; når Løvåsen skildrar ei av dei mange arbeidsoppgåvene til Geir, tenkjer Geir på korleis det var då han og faren gjorde det same.

Altfor mange av desse arbeidsoppgåvene vert skildra i detalj. Til og med for ein som meg, som voks opp på ein liten gard der hamskiftet berre var ein framtidsdraum, og som altså arbeidde som omvisar i ei årrekkje, vert det for mykje jordbruk og for lite roman. Det skjer for lite; boka skrik etter at det må skje noko som driv historia framover, eit lite vendepunkt, rett og slett. Det kjem ikkje, det einaste mindre dramaet er då mora prøver å få Geir til å ta eit år på folkehøgskule, slik at han kan finna ut om det verkeleg er småbrukar han vil verta. Han vert verande på bruket. Det heile vert altså noko som minner om ei hylling av småbrukarar rundt i landet, og det er berre sånn middels interessant.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Løvåsen på kulturguffebloggen
Mamsell Iversen (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar