20. desember 2020

Art Spiegelman: Maus (1992)

 

Aslak (15) brukte denne teikneserien i ei skuleoppgåve nyleg. Eg kom med gode råd der eg kunne, men merka òg at det var svært lenge sidan eg hadde lese Maus. Når han var ferdig sette eg meg til med boka. Det var eit godt gjensyn.

Maus kom ut i band; her er begge samla i eitt. Boka har to hovudforteljingar - den eine handlar om tilhøvet mellom far og son, den andre handlar om korleis jødane hadde det i Europa under andre verdskrigen. Spiegelman fortel si eiga familiehistorie, der det dels handlar om han sjølv og far hans. Under desse samkomene handlar det litt om notida, men det meste av tida vert brukt på at faren fortel om korleis han hadde det i oppveksten.

Akkurat den delen av historia har vore fortald før. Det som gjer det heile nytt her er måten det vert fortalt på. Det var slettes ikkje vanleg at teikneseriar tok opp så alvorlege tema som dette, og det gjorde at boka fekk mykje (og fortent) merksemd då ho kom ut. 

I møta mellom far og son er det tydeleg at det er to generasjonar som møtest. Faren sløsar ikkje med noko og vil ta vare på alt; sonen kjøper nytt når han treng. Dette irriterer sonen, men samstundes ser han at denne emna til å ta vare på alt som kan koma til nytte var ein av grunnane til at faren overlevde krigen. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar