6. desember 2020

Tim Madigan: The Burning (2001)

 

Viss du bruker orda "terror" og "Oklahoma" i same setning, er det stor sjanse for at folk trur du snakkar om eksplosjonen i 1995. Det er ikkje så rart, bomba tok livet av 168 personar, og det heile var nyheitsstoff i vekevis etterpå. Denne boka fortel om ei liknande hending - dette skjedde òg i Oklahoma, og denne terroren tok truleg livet av bortimot 300 personar. Der stoppar likskapen - etter at dette var over vart det heile taust om det, i altfor mange tiår.

 Det heile gjekk føre seg i byen Tulsa i Oklahoma, i 1921. Byen var velståande, på grunn av store oljefunn. Byen var delt i to, ein del for kvite og ein for svarte, men begge var rike. At dei svarte også var velståande var vondt for mange av dei kvite. Lynsjing var ikkje direkte uvanleg på denne tida, og det var ei nesten-lynsjing som starta det heile. Ein svart mann vart skulda for å prøvd seg på ei ung kvit kvinne. Han vart sett i varetekt. Ei avis hadde like godt skrive i ettermiddagsutgåva si at ein svart mann skulle lynsjast den kvelden, og det samla seg ei stor folkemengd utanfor fengselet. Fleire svarte kom til for å roa gemyttane. Ein eldre kvit mann kom i handgemeng med ein av dei svarte, ein pistol gjekk av, og så braut helvete laus.

Dei kvite var flest, og dei var ivrigast. Dei skaut, dei torturerte, dei sette hus i brann, dei fekk til og med hjelp frå fly - kanskje vart det berre skote frå flya, kanskje sleppte dei ned eksplosivar. Då dei heile var over var 35 kvartal jamna med jorda. Mange svarte hadde flykta, og dei kvite køyrde vekk dei fleste lika, så ingen veit heilt kor mange som vart drepne. Men det verkar som om det er semje om desse tala: 1115 hus brann ned. 314 andre hus vart rana. 5 hotell, 31 restaurantar, 8 dokter-kontor, 24 butikkar, eitt sjukehus, eit bibliotek, ei kyrkje - heile bydelen til dei svarte vart forsvann. 

Det er ei fantastisk bok. Madigan fortel denne sjokkerande historia på ein eksemplarisk måte. Dei siste kapitla, der han fortel om korleis dette gradvis vart kjent att, er av dei beste. Det er nesten hårreisande å lesa om korleis mange svarte vart buande i byen, og korleis det verka som om alle var samde om at dette skulle det ikkje snakkast om. Dei svarte var redde for at det kunne skje igjen; dei kvite ville sjølvsagt ikkje ha snakk om dette massemordet. For den neste generasjonen Tusla-buarar var dette ei gløymt historie, noko dei ikkje visste om.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar