2. februar 2020

Ingvar Ambjørnsen: Hvite niggere (1986)

Eg har ikkje lese mykje av Ambjørnsen. Denne las eg då ho kom ut, og var eigentleg positivt overraska då eg henta ho fram att no. Handlinga var omtrent som eg hugsa ho, men språket var langt meir sprekt og fengande enn eg trudde.

Boka kan lesast på (minst) to måtar. Den mest opplagte og dominerande er at det er eit portrett av nokon som fall litt utanfor, stort sett av di dei brukte dop. Den andre handlar om to unge menn som begge vil verta forfattarar, og som etter kvart finn ut at skriving av bøker er hardt arbeid, ikkje berre noko ein puslar med når ein har ei ledig stund.

Slik sett er det freistande å tru at det er ein sjølvbiografisk roman. Ambjørnsen har nekta for dette, men har òg sagt at han har henta mykje av stoffet frå eigen oppvekst. Forteljaren i boka, Erling, veks opp i småbyen Lillevik, saman med Charly og Rita. (Ambjørnsen vaks opp i Larvik.) Dei les mykje, dei røyker (etter kvart) mykje hasj. Erling kjem inn på ein gartnarskule like ved Voss (Ambjørnsen gjekk på gartnarskule i Ulvik), men sluttar og flyttar til Bergen, der Rita alt bur og Charly snart bur. Opningkapittelet er det kronologisk siste - her kjem Erling attende til Oslo etter eit lengre utanlandsopphald, og får vita av Charly at Rita har dødeleg kreft. Det er dette som får han til å skriva denne boka - han reiser i gravferda hennar i Lillevik, og tenkjer attende på tida dei har hatt.

Guffen tilrår.

Meir Ambjørnsen på kulturguffebloggen
Den siste revejakta (film, 2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar