22. oktober 2023

Hells Angels Danmark - Storhed og fald (2023)

 Eg har eigentleg ikkje tenkt over at det dei siste åra har vore snakka mindre om motorsykkelklubbar. På slutten av 1900-talet var dei oftare framme i media, også i Noreg: Dei to store klubbane her var (vel) Hells Angels og Bandidos, og striden mellom dei var alvorleg. I Noreg vart til dømes ei uskuldig kvinne drepen då ei bombe eksploderte utanfor Bandidos-lokala i Drammen.

Denne serien handlar om tilhøva i Danmark, og der var det meir alvor. Frå 1980 var der ei Hells Angels-avdeling i København, og det er den avdelinga fortel om. I 1980-åra var dei i kamp med ein annan motorsykkel-klubb, Bullshit, men det heile tok av i 1990-åra. Då var det bomber og granatar, og det vart ikkje spara på noko. Etter nokre år innsåg dei at det hadde gått for langt, og i 1997 skreiv dei under ein fredsavtale.

Her er mykje arkivklipp, men det er òg ferske intervju med dei som var med. Alle er samde om at MC-krigen hadde éin vinnar: Politiet. Dei fekk langt meir ressursar, og fekk òg klarsignal til å driva med telefonavlytting. Det var noko nytt i Danmark, og avlyttinga gav politiet enormt mykje informasjon. 

Det er ein fin serie. Fleire av dei som vert intervjua, både i Danmark og USA, er fargerike og fascinerande personar. I den siste av dei seks episodane er me tett på samtida, og no ser det ut til at gategjengar har teke over den rolla MC-klubbane hadde. Ut frå serien verkar det som om rekrutteringa til desse miljøa er mindre enn før.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar