26. oktober 2023

Donna Tartt: The Secret History (1992)

Ein gong i studietida, sånn rundt 1994, sat eg heime hjå Eivind og Geir. Me snakka om bøker me las, og Geir kom til å nemna denne. Me hadde rimeleg samanfallande smak, og eg kjøpte boka nokre dagar seinare. Ho fenga meg enormt, kanskje litt for mykje - eg var midt i ein heimeeksamen som truleg hadde gått noko betre dersom eg ikkje vart så fanga av denne boka. For nokre veker sidan høyrde eg eit radioprogram der dei snakka om boka, og eg tenkte at det kunne vera spanande å henta ho fram att. Fengar ho like mykje no?

Svaret er vel både ja og nei. Boka bruker lang tid på å presentera dei seks hovudpersonane og skulen dei studerer ved, men så tek det av: Delane av boka der forteljaren, Richard Papen, gradvis avdekkjer kva fire av dei fem med-studentane hans har gjort, og korleis han gradvis vert involvert i planane deira for å stoppa munnen på den femte, er bra og vel så det. Slutten på del 1 av boka er fabelaktig skrive. 

Del 2 er ikkje like bra. Der slit dei med det dei har gjort, og det tærer på venskapen deira. Alle er skeptiske til alle, og dei slit med ein grunnleggjande tanke: Var det verdt å drepa nokon for å sleppa unna sjølv? Denne delen vert altfor lang, og slutten, der ein av dei overlevande tek livet sitt, er ikkje like truverdig som resten av boka.

Kortversjonen: Dei seks studerer gresk ved Hampden College. Fire av dei fem prøvde å attskapa ein gresk bakkanal, og den enda med at dei i pur ekstase drap ein lokal bonde. Den femte, Bunny, fekk vita om det, og han kjem med mange hint om kva dei har gjort. Han snakkar litt for mykje når han drikk, så dei fem tek livet av han. 

Noko av det beste med romanen er at han opnar med ein prolog som fortel kva som skal skje i del 1. Me veit det altså, men vert likevel sugne inn i boka. Prologen sluttar med ei setning som (diverre) er dekkjande for den vidare forfattarskapen til Tartt: "I suppose at one time in my life I might have had any number of stories, but now there is no other. This is the only story I will ever be able to tell". Dette var debutboka til Tartt, og ti år seinare kom oppfølgjaren, My Little Friend. Den boka var det eit slit å koma seg gjennom.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar