28. juni 2020

David Grann: Killers of the Flower Moon (2017)

Boka fortel om hundre år gamle hendingar, men er rimeleg aktuell også i dag. Det handlar om rasisme i USA, og det handlar om korleis mange amerikanar set pengar og eiga vinning over absolutt alt anna.

Ved inngangen til 1920-åra var osage-indianarane i Oklahoma blant dei rikaste i landet. Dei hadde kjøpt eit område der dei slo seg ned, og etter at det vart funne olje der vart det slege fast at dei skulle ha ein viss del av inntektene. Dette var rettar som ikkje kunne seljast - skulle dei overførast til andre var det gjennom arv. Det vart ei god oppskrift på massemord. Det offisielle talet på drepte osage-indianarar var tjue, men Grann meiner at fleire hundre kan ha vorte drepne. Fleire av desse var gifte med kvitingar, som då tok over dei svære inntektene. Nokre vart skotne, nokre vart forgifta, ein familie låg og sov då huset deira vart sprengt.

Ein grunn til at talet på drepne varierer så stort er at lokalt politi og lokale domstolar var kjøpte og betalte. Det var ikkje før ein av svært dyktig FBI-etterforskar tok tak i saka at nokon vart dømde for slike drap.

Når boka fortel om dei offisielle drapa, fyrst og fremst dei som råka ein og same familie, er ho glimrande. Det tapar seg litt i det siste kapitlet, der Grann fortel om korleis han leitar i arkiv og aviser, og finn ut at det truleg er langt fleire som var drepne.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Killers of the Flower Monn (film, 2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar