10. april 2020

Six Feet Under, sesong 1 (2001)

Dette var ikkje all verda. Me såg ein episode då serien gjekk på NRK for mange, mange år sidan, og fann ut at me skulle prøva på nytt no. Me kan ikkje ha vore altfor imponerte den gong då, men dei fyrste episodane her var helst lovande. Diverre vart det tyngre og tyngre utover i sesongen, og det skal vel litt til at me dreg i gang neste sesong.

Det handlar om familien Fisher. Dei driv eit gravferdsbyrå i Los Angeles, og serien opnar med at faren døyr i ei bilulukke. Ein av sønene har arbeidd saman med faren heile livet. Den andre sonen kjem heim på grunn av ulukka, og går etter kvart inn i drifta av byrået. Mora prøver å vera ein bindelekk i familien, medan dottera, som framleis går på high school, ikkje veit heilt kva ho vil.

Det heile minner meir om ein såpeserie frå gamle dagar enn ein moderne og vellaga fjernsynsserie, kanskje av di serien alt er (nesten) tjue år gamal. Kvar episode handlar om ei gravferd, saman med det som skjer og ikkje skjer i privatlivet til dei ulike familiemedlemmane. Den heimeverande sonen er homo, og i løpet av sesongen kjem han ut av skåpet. Den bortkomne sonen har møtt ei kvinne på flyet heim - dei veit kjærastar, men han slit med å takla den litt forstyrra broren hennar (og for så vidt resten av familien hennar). Dottera får seg òg kjærast, men han er òg ustabil - han fortel for mykje frå sexlivet deira, og er småkriminell. Mora vinglar mellom to menn - ein ho hadde eit forhold til også då mannen hennar levde, og sjefen i blomehandelen der ho får seg jobb. Ingen av desse personane er spesielt engasjerande, ingen av dei står godt til kvarandre, og dei siste episodane såg me vel berre av di me ville verta ferdige med det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar