26. april 2020

Hillary (2020)

Det er framleis relativt uforståeleg korleis USA kunne velja Donald Trump til president i 2016. Han var ikkje noko godt presidentemne, han var ufin, han var brautande, han var utan røynsle som politikar, han var blind for det meste som skjedde utanfor USA, og mangla eigentleg alt som ein president bør ha. Likevel vann han, og den mest opplagde forklaringa er diverre at altfor mange i USA ikkje ville ha ei kvinne som president.

Denne fjernsynsserien fortel om motstandaren hans, Hillary Rodham Clinton. Ho var så til dei grader kvalifisert. Som nyutdanna jurist var ho involvert i prosessen som førte fram mot det som hadde vorte riksrett mot Nixon i 1974, dersom han ikkje hadde gått av. Ho arbeidde som jurist i mange år. Ho var fyrstedame då ektemannen var president, og tok ei langt meir aktiv rolle enn andre fyrstedamer. Ho var senator frå New York. Ho var utanriksminister under Obama.

To historier vert fortalde parallelt. Livshistoria hennar vert fortald kronologisk, med klipp frå valkampen i 2016. Ho framstår som ekstremt kunnskapsrik, som ei som får noko gjort, og som ei som taklar vanskelege situasjonar på ein grei måte. Det er rett nok ein rimeleg autorisert versjon, mykje av serien er nye intervju med Hillary og ektemannen, men gjev nok likevel eit greitt bilete av kven ho er.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar