15. april 2020

Per Kristian Olsen: Pussycats (1998)

Eit par år midt i 1960-åra var Pussycats Noreg sitt svar på Beatles. Dei var hylande populære, dei kunne knapt gå i fred på gata, platene deira gjekk til topp på hitlistene, og det var berre spørsmål om tid før resten av verda fekk augene opp for dette fenomenet. Det var i alle fall slik gruppa ville framstå, eller rettare - det var slik manageren deira, Sten Ekroth, ville at dei skulle framstå. Dei var populære, og det var ikkje alltid dei kunne gå i fred, men alle platene deira gjekk ikkje til topps, og utlandet var vel heller uinteresserte.

Denne historia vert eksemplarisk fortalt av Per Kristian Olsen. Han har snakka med alle involverte, mellom anna alle i bandet, manageren, andre musikarar og fans. Det er ei fin historie, men òg ei historie om nokon som veit kva dei vil, men som ikkje veit korleis dei skal få det.

I 1964 reiste fire unge karar frå Tromsø til Stockholm for å verta stjerner. Dei sleit lenge, men kom tilfeldigvis i kontakt med Ekroth. Utan han hadde dette aldri gått. Han hadde mykje pengar å bruka på bandet, og han var frekk og ambisiøs nok til å sjå kvar det var lurt å visa seg. Han skapte oppstyr rundt bandet, og dei vart altså stjerner. Heilt til han gav seg - då famla bandet rundt i blinde. Dei hadde ikkje pengar, dei hadde ikkje tid til å skriva eller øva, dei vart kalla inn til militæret, og i 1968 var det slutt.

Sjølv har eg ikkje noko forhold til bandet, og er ikkje altfor imponert over det eg har høyrt av dei (men eg leitar nok fram eit eller anna no). Boka er i alle fall fin, ho fortel mykje både om bandet og om korleis det var å prøva seg som rockemusikar i Noreg i 1960-åra. Det var ein del famling i blinde.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar