19. april 2020

Simon Stranger: Leksikon om lys og mørke (2018)

Viss nokon ein gong skal kåra kven som var dei verste nordmennene under andre verdskrigen kjem Henry Rinnan garantert til å vera på topp tre. Han var fødd i Levanger i 1915. På skulen vart han aldri heilt akseptert av dei andre, han vart tvert imot gjort narr av, mest av di han var så kortvaksen. Han prøvde og prøvde på å hevda seg, men vart aldri god nok. Før krigen kom. Då vart han tysk agent, busett i Trondheim. Han infiltrerte heimefronten, han fekk sendt mange folk i fengsel eller i døden, og var med på torturering og dreping av mange. Etter krigen fekk han dødsdom, og han vart skoten i 1947.

Romanen handlar dels om livet til Rinnan, og dels om familien Stranger har gifta seg inn i. Han finn ut besteforeldra til kona hans etter krigen flytta inn i huset Rinnan-bandet hadde som hovudkvarter. For han er det i utgangspunktet uforståeleg, og det som gjer det endå meir uforståeleg er at familien var jødar. Korleis kunne jødar flytta inn i huset til ein av dei verste norske torturistane? Korleis kunne dei bu i huset der mange gode nordmenn vart torturerte og drepne?

Stranger drøftar desse spørsmåla på ein klok og fin måte. Romanen vekslar mellom ulike tider, det heile tek til når han og familien hans står ved ein snublestein i Oslo. Av og til er me tilbake i samtida, men me er oftare i tida rett etter krigen, då familien kjøpte huset, og oftast er me i tida Rinnan levde. Det er han som er den sentrale i romanen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar