1. august 2014

Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)

Dette er det fyrste bandet i Cleng Peerson-trilogien til Hauge, og det handlar om tida fram til Peerson reiser til USA i 1821. Saman med Knut Eide skulle han undersøkja tilhøva der, på oppdrag frå ei gruppe kvekarar som var religiøst undertrykte i Stavanger. Eide døydde etter kort tid i USA, medan Peerson med tida vart rekna for far til norsk utvandring.

I romanen er det Peerson som fortel, og me møter ein person som verkar skapt for å vera far til utvandringa. Han er rastlaus, alltid på reisefot, han er eventyrlysten, han kjem i kontakt med folk overalt, han er språkmektig, og svært lojal mot folk rundt seg. Han har òg dårlege sider - han drikk tidvis for mykje, og han kvir seg ikkje for å gifta seg for pengar (sjølv om det ikkje går heilt etter planen). I boka reiser han over heile Rogaland, og også til andre stader i Noreg og utlandet.

Hauge skriv i eit føreord at han har lagt vekt på at det han skriv om skal vera historisk korrekt, men at det er ein roman han har skrive, slik at boka ikkje kan lesast som ei historiebok. Det er likevel det historiske som gjer at boka vert litt tung i sessen. I tillegg til å fortelja om Peerson står det mykje om bakgrunnen for at kvekarrørsla kom til Stavanger, og om kva som skilde dei frå andre trussamfunn. Det dreg ned tempoet i boka, og gjer at spesielt den siste delen vert keisam.

Guffen er lunken.

Meir Alfred Hauge på kulturguffebloggen
Gå vest - (1963)
Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Ungdom (1977)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar