Calvin and Hobbes (Tommy og Tigern) var ein glimrande teikneserie. Calvin er ein seksåring med altfor stor kunnskap og altfor god fantasi, som oftast er dregen mot det farlege og det ekle, men som òg kan vera meir kjenslevar eller redd. Tøytigeren hans, Hobbes, er den beste venen hans, og tigeren er levande og kan snakka med han når ingen andre er til stades. Serien kan sjå ut som ein barneserie, men forsøk med ungane her i huset viser at ei lang rekkje striper ikkje passar for ungar i det heile.
Bill Watterson teikna serien i ti år. Han heldt kanskje på litt for lenge, men ikkje mykje, serien held eit høgt nivå omtrent heile vegen. Han var på nippet til å gje seg nokre år før - han var heilt klar på at Calvin and Hobbes skulle vera teikneserie og ikkje noko meir. Det skulle ikkje lagast tøydokker, ikkje t-skjorter, ikkje helsingskort, ikkje teiknefilmar - det var ein teikneserie, og det var nok. Forlaget hans pressa han lenge til å opna opp for meir, og kontrakten hans opna opp for at dei kunne laga spinoff-material. Han nekta. Dette var ei så viktig sak for han at han altså vurderte å slutta. Han vann den kampen, men før han kom så langt hadde han laga ei rekkje striper som handla om akkurat dette, mellom anna fleire der monstera under senga vert nærgåande.
Watterson gav berre nokre få intervju. I ei jubileumsutgåve av Calvin and Hobbes skreiv han ein lang artikkel om teikneseriebilaga som følgde med sundagsavisene i USA då han voks opp, og det var heilt tydeleg at teikneseriar var ei kunstform som stod han nær. Det vert like tydeleg her. Dette er katalogen til ei utstilling av nokre av sundagsstripene hans, laga for Ohio State University Cartoon Research Library i 2001. Han viser korleis han etter kvart fekk friare tøylar. Dei fyrste åra var han relativt bunden - det måtte vera to faste mellomrom mellom ruter, eitt midt i den andre rekkja, og eit mot venstre i den nedste. Dette er veldig tydeleg i ein serie der Calvin og Hobbes dansar. Dei fleste teikningane går over i kvarande, med unntak av dei to stadene han var pålagt å ha mellomrom.
Akkurat den serien er òg eit døme på korleis han såg at ikkje alle striper, heller ikkje dei lengre sundagsstripene, treng tekst. Dei einaste replikkane kjem i den siste ruta. Seinare fekk han meir fridom til å eksperimentera med formatet - han kunne laga seriar med bortimot tjue små ruter, der det berre var replikkar i den siste ruta. Eller ingen replikkar i det heile. Og han kunne laga seriar med éi stor rute, med eit par mindre ruter innfelt.
Stripene i boka vert viste i to versjonar. Til venstre står teikningane hans, utan fargar, og gjerne med spor etter strek som vart viska ut; til høgre står serien slik han kom på trykk. Og under er det ein kort, utdjupande tekst, der Watterson forklarar kvifor akkurat denne sundagsstripa er teken med.
Guffen tilrår.
Relatert på kulturguffebloggen
Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)
Dear Mr. Watterson (2013)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)
23. februar 2014
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Etikettar:
litteratur,
teikneseriar,
USA,
Watterson
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar