14. mars 2016

Dear Mr. Watterson (2013)

Mr. Watterson er sjølvsagt Bill Watterson, teiknaren som skapte Calvin and Hobbes. Etter ti år slutta serien i 1995, og i dei tjue åra som har gått har Watterson lege endå lågare enn før. Han vil (stort sett) vera usynleg, og er det (stort sett).

Joel Allen Schroeder har likt serien heile livet. Det er han ikkje åleine om, og i denne filmen prøver han å finna ut kvifor serien vart og er så populær. Det lukkast han diverre dårleg med. Han snakkar med andre som likar serien, og dei har stort sett ingenting å seia. Han snakkar med folk i forlaget til Watterson, og dei har litt meir å seia. Han snakkar med (altfor mange) andre teiknarar, og dei har litt å seia, sjølv om alle seier omtrent det same. Og han snakkar med dei som arbeider på arkivet der originalteikningane til Watterson ligg - for meg var det dei det gav mest meining å høyra på.

Eitt emne dominerer i filmen. Watterson ville at serien hans berre skulle vera serie, så han ville ikkje at teikningane skulle brukast på kort eller t-skjorter eller andre ting, han ville ikkje laga Calvin og Hobbes-dokker, og han ville ikkje at det skulle lagast film av serien. Han ville laga teikneserie, og i ei av bøkene han gav ut skriv han varmt om korleis teikneseriar er eit fantastisk medium, og korleis sidene med teikneseriar i sundagsavisene tidlegare var reine festsider. No er det ikkje det same, men han lengtar attende. Dette vert det snakka mykje om, men det kjem ikkje fram noko nytt.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar