28. juni 2020

David Grann: Killers of the Flower Moon (2017)

Boka fortel om hundre år gamle hendingar, men er rimeleg aktuell også i dag. Det handlar om rasisme i USA, og det handlar om korleis mange amerikanar set pengar og eiga vinning over absolutt alt anna.

Ved inngangen til 1920-åra var osage-indianarane i Oklahoma blant dei rikaste i landet. Dei hadde kjøpt eit område der dei slo seg ned, og etter at det vart funne olje der vart det slege fast at dei skulle ha ein viss del av inntektene. Dette var rettar som ikkje kunne seljast - skulle dei overførast til andre var det gjennom arv. Det vart ei god oppskrift på massemord. Det offisielle talet på drepte osage-indianarar var tjue, men Grann meiner at fleire hundre kan ha vorte drepne. Fleire av desse var gifte med kvitingar, som då tok over dei svære inntektene. Nokre vart skotne, nokre vart forgifta, ein familie låg og sov då huset deira vart sprengt.

Ein grunn til at talet på drepne varierer så stort er at lokalt politi og lokale domstolar var kjøpte og betalte. Det var ikkje før ein av svært dyktig FBI-etterforskar tok tak i saka at nokon vart dømde for slike drap.

Når boka fortel om dei offisielle drapa, fyrst og fremst dei som råka ein og same familie, er ho glimrande. Det tapar seg litt i det siste kapitlet, der Grann fortel om korleis han leitar i arkiv og aviser, og finn ut at det truleg er langt fleire som var drepne.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Killers of the Flower Monn (film, 2023)

26. juni 2020

Diego Maradona (2019)

I alle dagar - to sportsdokumentarar på kort tid. Denne filmen fekk mykje skryt då han vart lansert i fjor, så sjølv om eg aldri hadde heilt sansen for Maradona slo eg til.

Eg var altså aldri nokon stor Maradona-fan. Javisst var det lett å sjå at han var ein god fotballspelar, ein av dei beste verda har sett, men han verka òg heller lite sympatisk. Handsmålet mot England i 1986. Leflinga med mafiaen i Napoli. Dopingdom. Arrestert med kokain. Denne filmen gjev ei forklaring på kvifor han framstod slik.

Maradona vaks opp i svært fattige kår i Buenos Aires. Han kom fort på fotballandslaget, men ikkje fort nok til å vera med i VM på heimebane i 1978. Han vart selt til Barcelona i 1982, og vart brått ein velståande mann. To år seinare vart han selt til Napoli, og her vart det meir suksess. Han vann VM med Argentina i 1986. Han var superstjerne, og kunne knapt visa seg offentleg. Det sleit han med; i filmen vert det snakka mykje om dei to sidene ved Maradona. Privat var han ein drøymekar, medan den offentlege var meir innestengt, mindre venleg, og meir ubehageleg. Han var sterk, men ikkje sterk nok til å seia nei, og hadde litt for mykje kontakt med mafiaen i Napoli dei åra han var der.

Filmen er sett saman av arkivklipp. Me får berre høyra (og ikkje sjå) Maradona i dag. Det er eit grep som fungerer godt, men samstundes er det merkeleg at det ikkje finst betre klipp frå kampane han spelte. Altfor mange utdrag frå kampane er filma frå bakkehøgd, slik at det er vanskeleg å få fullt overblikk over kva som skjer. Så er det òg slik at filmen av og til vert keisam og langdryg,

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

25. juni 2020

Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Eg trur det er vanskeleg å forstå kor høgt Arne Garborg vart sett mot slutten av livet hans. For målfolk var han ein helt, for mange andre var han ein av dei aller største forfattarane i Noreg. Til syttiårsdagen sin, i 1921, vart det samla inn ei folkegåve på om lag 100 000 kroner. Det året kom òg dette heidersskriftet.

Det er gjeve ut av styret for Norsk Bokmannalag, og dei tre i redaksjonen var Olav Hoprekstad, Severin Eskeland og Jens Tvedt. Her er åtte artiklar og to dikt - i tillegg til dei tre i redaksjonen er her bidrag frå Torkell Mauland, Lars Eskeland, Peter Hognestad, Torleiv Hannaas, Hulda Garborg, Oddmund Vik, pluss eit som berre er signert D. Det er såleis eit a-lag som er henta inn, og dei skriv om kvar sine emne. Hognestad, som var biskop, skriv om Fred. Lars Eskeland, som var profilert målmann, skriv om Garborg og målreisinga. Hoprekstad, som skreiv ei rekkje skodespel, skriv om skodespela til Garborg. Og så vidare.

Det er jamt over fine artiklar, som saman gjev eit greitt bilete av Garborg. Det er ikkje det mest omfangsrike skriftet som er gjeve ut - heftet er på 64 sider, men det var absolutt verdt bryet.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

24. juni 2020

Ragnar Hovland: Vegen smal og porten trang (1981)

Dette er ei av dei fyrste bøkene til Hovland. Han debuterte i 1979, og denne kom to år seinare. Det står ikkje noko om det i boka, men minst éin av historiene var trykt andre stader før. Ein gong eg var på opplesing med Hovland sa han at "Strandvik Symfoniorkester" var den fyrste teksten han fekk på trykk, viss eg hugsar rett var det i Studvest.

Det er ein av mange svært, svært gode historier her. Me er oftast på Vestlandet, det er ofte bygdeungdomar det handlar om, og det er veldig mykje å le av her. Historiene er gode, språket er sprell levande, og Hovland strør om seg med høgst originale vendingar. "Ein mild sommarvind slentra inn frå fjorden med nevane i bukselommene" er eit greitt døme på det. Ein annan stad har forteljaren sonen hans heiter Petter - han ville eigentleg kalla han Åsmund, men mora ville kalla han Donald, og "så møttest vi på halvvegen".

Boka hadde ein litt trong fødsel. I Ler dei no, så har eg vunne fortel Hovland at boka fyrst vart refusert, før det kom ein ny redaktør til Samlaget. Han hadde tru på boka, boka vart utgitt, boka vart hovudbok i Bokklubben Nye Bøker, og selde rundt 30 000 eksemplar. Inntektene frå boka tilsvara to årsløner for Hovland, som dermed kunne arbeida mindre som lærar og meir som forfattar.

To av historiene i boka vart seinare filmatisert, "Ei fullstendig oversikt over rockens historie i Fusa" (filmen heiter "Eddie Stargazer") og "Dei siste beatpoetane i Sunnhordland" ("Beatpoetane"). No er det ikkje slik at norske kortfilmar har eit altfor stort publikum, men fleire av historiene her kunne vore filma, og kunne ha vore med på å ført fleire inn i bøkene til Hovland. Her er han i alle fall i kjempeform.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

23. juni 2020

Kjersti Rorgemoen: Eit praktisk menneske (2020)

Dette er den tredje romanen til Rorgemoen, og til liks med dei to fyrste er det ei kort bok. Til liks med dei to fyrste er det òg ei god bok.

Forteljaren i boka, Liv Indrebø, arbeider som musealterapeut, medan kjærasten Svein arbeider som fysioterapeut. Indrebø har kjøpt eit småbruk langt inne i skogen. Ho har mange planar om utbetring, men har ikkje heilt tiltakslyst eller kunnskap nok til å få det gjort. Handlinga i romanen krinsar rundt i jonsokfeiring på museet, der dei fleste i bygda møter opp, medan heidersgjestane ikkje set like stor pris på det. Nokre norskamerikanarar, fjerne slektningar av han som grunnla museet for lenge sidan, er ikkje nøgde med å verta innkvarterte i eit museumsloft, og tek i staden inn på eit hotell i nabobygda. På merkeleg vis vert det òg der Indrebø søv denne natta.

Rorgemoen sender små spark i mange ulike retningar. Det er litt typisk at fjern amerikaslekt vert teken mot som kongar. Yrkestittelen fortel òg noko om eit museum eller ei museumsverd som er på galne vegar. Verst går det nok ut over Indrebø, som ikkje tenkjer like nøye gjennom alt ho skal gjera. Kjøpet av småbruket får stå som eit døme på dette.

Det er stas med nye bøker frå Rorgemoen. Ho skriv godt, ho har ein fin måte å få fram poenga sine på, og som med dei to fyrste bøkene hennar var dette ei bok eg las utan å ta pausar. Det må likevel seiast at boka ikkje verkar like god som dei to fyrste.

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Purkene snudde seg (2009)
Håpet og festen (2015)

22. juni 2020

Flannery O'Connor: The Habit of Being (1979)

Flannery O'Connor debuterte som forfattar med romanen Wise Blood i 1952. Det same året fekk ho beskjed om at ho hadde sjukdomen lupus, ein sjukdom det ikkje finst fullgod behandling for. Far hennar hadde døydd av den same sjukdomen om lag ti år tidlegare. O'Connor flytta heim til mora, og budde saman med ho i Milledgeville, Georgia, til ho døydde i 1964. Farmen deira, Andalusia, er i dag eit O'Connor-museum.

Ho budde eit stykke unna forlag og andre forfattarar, men ho hadde jamleg kontakt med dei. Ho var ein flittig brevskrivar, og ho skreiv òg ofte med andre. Sally Fitzgerald, som O'Connor var vorte kjend med då ho studerte, samla inn brev frå mange av dei O'Connor hadde kontakt med, og i denne boka er eit utval av desse breva med.

Flannery O'Connor var ein høgst original forfattarar. Desse breva er ikkje like originale, men det er likevel svært interessant lesnad. I tillegg til å fortelja om ting som skjer i heimen er det tre hovudtema: Hennar eiga skriving, annan litteratur, og religion. Det siste dominerer meir enn eg var budd på. Ho har kontakt med fleire katolske prestar, og forfattarar som òg er katolikkar har ein tendens til å få meir ros enn dei kanskje fortener. Ho låner bøker frå dei ho skriv med, ho låner ut bøker til dei same, og i slike høve kjem det korte bokmeldingar. Om si eiga skriving skriv ho mest til forlag og agent, men ho har òg andre som får lesa og koma med innspel til noveller ho arbeider med. Nokre av dei ho skriv med er folk ho kjende før ho flytta heim att, medan andre er slike ho har kome i kontakt med på grunn av skrivinga si. Flest brev går det til ho som var anonym i 1979 og som difor berre vert kalla "A" - ei (relativt) lokal kvinne som tok kontakt av di bøkene til O'Connor fenga ho.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

21. juni 2020

The Last Dance (2020)

Eg var vel meir oppteken av sport i gamle dagar. Eg hadde fleire lange eller halvlange opphald i USA rundt 1990, men fann meg aldri heilt til rette i dei største sportane der borte. Baseball var keisamt, ishockey engasjerte ikkje, football verka altfor valdeleg. Det einaste som kunne fenga litt var basketball, men heller ikkje der var interessa stor nok til at eg fekk med meg stort.

Denne serien handlar om Chicago Bulls. I 1990-åra tok dei tre titlar på rad to gonger, og denne serien handlar i hovdusak om den siste sesongen, 1997-98. Det året hadde eit kamerateam tilgang til laget heile tida. Dette er fyrste gongen filmane deira er viste, og den viktigaste grunnen skal visst vera at Michael Jordan, superstjerna på laget, ikkje ville samarbeida med dei.

Jordan er den som snakkar mest i serien, og noko av kritikken har gått på akkurat det: Dette er Jordan sin versjon av tida hans i Chicago Bulls. For meg er ikkje det så viktig - eg ser serien som underhaldning og ikkje som ein historietime, og det er ein finfin serie.

Her er mange fascinerande personar, og her er mange gode historier og uventa vendingar. Der er konfliktar mellom laget og administrasjonen, der er konfliktar med andre lag, og der er av og til konfliktar internt. I tillegg til Jordan møter me den svært sympatiske Scottie Pippen (som var ein av dei beste spelarane i heile serien, men som ikkje hadde ei løn som viste det). Me møter den endå meir sympatiske Steve Kerr (som seinare vart ein suksessrik trenar, og som òg, framfor titusenvis av fans, fortel ein fantastisk versjon av kva som eigentleg skjedde den gongen han avgjorde heile serien i 1997). Me møter den frittenkande og fritalande Dennis Rodman (som lenge spelte på hatlaget Detroit Pistons, og som var ei så fri sjel at dei fleste laga kvidde seg for å ha noko med han å gjera). Me møter trenar Phil jackson (som var ein taktikar av rang, og som ser ut til å ha vore respektert av absolutt alle).

Serien handlar altså om sesongen 1997-98, men i kvar episode kikar me tilbake. Me følgjer karriera til dei som er nemnde over, og me følgjer laget Chicago Bulls. I fleire år vart det tap i sluttspelet mot Detroit Pistons, men frå 1992 var Chicago Bulls det største laget. Det er likevel Michael Jordan som står sentralt heile vegen, og det går heilt fint å sjå på serien som ein serie om han.

Guffen tilrår.