Viser innlegg med etiketten Rorgemoen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rorgemoen. Vis alle innlegg

29. august 2022

Litteraturdagane i Vinje (26.-27.8.2022)

Litteraturdagane i Vinje er ein fin festival. Det er rett nok lenge sidan eg var der sist, men det var stas begge dei gongene, og det var stas denne gongen òg. Ein av grunnane er at dei alltid legg litt vekt på lokale forfattarar, slik at det oftast er minst eitt program om Tarjei Vesaas. Denne gongen var det mange, festivalen markerte svært tydeleg at det er 125 år sidan Vesaas vart fødd.

Andre festivalar har gjerne eit program som gjer at ein må velja. Slik er det ikkje her - det er ingen parallelle program å velja mellom. Kvar økt går føre seg i det same rommet, slik at alle i publikum ser og høyrer heile festivalprogrammet. Det var altså mykje å gle seg over. Alt var ikkje like bra, sjølvsagt, men eg likte desse innslaga godt: 

* Vesaasføredraget, der litteraturprofessor Jørgen Magnus Sejersted på ein svært engasjert måte fekk fram kvifor han sette Vesaas høgt. Her var fruktbare samanlikningar med Knut Hamsun, mellom anna ei formulering om at der løytnant Glahn ville ha erotikk utan born, ville ein av dei tidlege Vesaas-karakterane ha born utan erotikk.

* Gut, jente, juni, juli, der Petra Helgesen frå Vinjesenteret snakka med Frode Grytten. Grytten var i godlune og fortalde mange gode historier.

* Eit praktisk menneske, der sjølvaste Kjersti Rorgemoen vart intervjua av Eivind Myklebust. Bøkene til Rorgemoen er glitrande, og også på scena viste ho seg som ein stor humorist. Ho har ein heilt annan stil enn Grytten - der Grytten gjerne ler godt både før og etter poenga sine, let Rorgemoen publikum finna ut sjølv om det ho seier er morosamt eller ikkje. Eit absolutt høgdepunkt.

* Tarjei Vesaas i lyd, skrift og bilete. Eit ujamt innslag, der publikum delte seg i tre og etter tur såg filmen Det rare, høyrde novella "Hesten i hogget" opplesen av Tarjei Vesaas med musikk av Øystein Vesaas, og høyrde Vesaas-opplesingar av Astrid Versto og Hildegun Riise. Filmen er sjarmerande, men "Hesten i hogget" var finfint.

* Frode Grytten Beat Band spelte nokre favorittsongar, der rolla til Grytten er å lesa nokre vers på norsk innimellom dei engelske originaltekstane.

* Vesaas i verda - nyutgjevingar i Danmark og Tyskland, der ein tysk forleggjar, ein tysk omsetjar, og ein sørlending som både omsette og gav ut Vesaas i Danmark snakka med Bjarne Buset. Det var ein uvanleg fengande og interessant samtale, som gjerne kunne vara mykje lengre. (Her spelar det truleg inn at eg får klump i halsen kvar gong nokon seier at Vesaas er noko av det største som finst.)

* Vesaas i verda - kunsten å kjenne att ein klassikar, der Narve Fulsås snakka om Vesaas-omsetjingar før og no. Der kom mange tal, og det hadde vore lettare å få med seg alt dersom dette var ein skriven artikkel, men det var uansett interessant. Han viste mellom anna at det har kome ei ny bølgje med Vesaas-omsetjingar etter 2013, omtrent.

* Store spel. Ei forteljing om A.O. Vinje og Tarjei Vesaas, der Arne Vinje snakka om likskapar mellom dei to. Han prøvde å svara på korleis vesle Vinje kunne fostra to så store og viktige forfattar, og viste det mellom anna ved å visa til andre personar frå Vinje som òg kunne vore større og betre kjende i dag. Dette foredraget var ein del av kulturkvelden på Edland, og det er eigentleg uvanleg friskt: Etter to lange festivaldagar skal det vera kulturkveld, og så kjem det like godt eit rimeleg alvorleg foredrag der òg.

Guffen tilrår.

23. juni 2020

Kjersti Rorgemoen: Eit praktisk menneske (2020)

Dette er den tredje romanen til Rorgemoen, og til liks med dei to fyrste er det ei kort bok. Til liks med dei to fyrste er det òg ei god bok.

Forteljaren i boka, Liv Indrebø, arbeider som musealterapeut, medan kjærasten Svein arbeider som fysioterapeut. Indrebø har kjøpt eit småbruk langt inne i skogen. Ho har mange planar om utbetring, men har ikkje heilt tiltakslyst eller kunnskap nok til å få det gjort. Handlinga i romanen krinsar rundt i jonsokfeiring på museet, der dei fleste i bygda møter opp, medan heidersgjestane ikkje set like stor pris på det. Nokre norskamerikanarar, fjerne slektningar av han som grunnla museet for lenge sidan, er ikkje nøgde med å verta innkvarterte i eit museumsloft, og tek i staden inn på eit hotell i nabobygda. På merkeleg vis vert det òg der Indrebø søv denne natta.

Rorgemoen sender små spark i mange ulike retningar. Det er litt typisk at fjern amerikaslekt vert teken mot som kongar. Yrkestittelen fortel òg noko om eit museum eller ei museumsverd som er på galne vegar. Verst går det nok ut over Indrebø, som ikkje tenkjer like nøye gjennom alt ho skal gjera. Kjøpet av småbruket får stå som eit døme på dette.

Det er stas med nye bøker frå Rorgemoen. Ho skriv godt, ho har ein fin måte å få fram poenga sine på, og som med dei to fyrste bøkene hennar var dette ei bok eg las utan å ta pausar. Det må likevel seiast at boka ikkje verkar like god som dei to fyrste.

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Purkene snudde seg (2009)
Håpet og festen (2015)

23. oktober 2015

Kjersti Rorgemoen: Håpet og festen (2015)

Eg-personen i denne boka er ei ung kvinne som ikkje heilt har kome i gang med livet. Ho bur framleis i eit hybelhus for studentar, sjølv om det er fleire år sidan ho var student. Ho arbeider på Fretex, med makulering, og det er vel ein litt annan jobb enn ho hadde drøymt om. Men ho går trufast på jobb, har få vener, likar korkje jul eller nyttår eller 17. mai, og sit generelt mykje åleine og tenkjer.

Så det kunne vore ei heller trist bok, men det er det jo ikkje. Kjersti Rorgemoen skriv glimrande, og me vert svært godt kjende med eg-personen. Og her er mykje å le av også denne gongen, som då eg-personen møter ein fetter, som "forklarte at han var med på eit større prosjekt. Eg spurde ikkje kva prosjektet var større enn". Eller "Eg sat i stresslessen for å gjere noko åndsførefallande arbeid".

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Purkene snudde seg (2009)
Eit praktisk menneske (2020)

16. april 2011

Ikke til hjemlån (2008)

Ikke til hjemlån var ei fanzine i Bergen, og kom med tretten nummer i 2006-07. Det fekk eg ikkje med meg då, eg var relativt ferdig både med Bergen og fanziner. Men eg har høyrt mykje bra om denne boka, som vel kan omtalast som greatest hits frå fanzina.

Det er ikkje dei lange skriftstykka som dominerer her. Her er nokre heilsides teikneseriar, men elles er det stort sett éin illustrasjon på kvar side. Desse illustrasjonane er anten teikningar eller foto, med handskriven eller utklipt tekst. Det handlar mykje om å gje bileta ny tekst. Det er ikkje noko nytt grep, sjølv om løysinga med å også klippa ut tekst frå aviser eller blad er hakket meir original. Endå meir gledeleg er det at alt fungerer veldig godt. Her er svært mykje å le av på dei 60-70 sidene.

Humoren til dei fire som laga fanzina, Agnes Ravatn, Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset, tek ofte uventa vendingar. Dei nyttar gjerne kjende personar, eventuelt personar som heiter det same som kjende personar. Frå fotballverda dukkar såleis både Åge Hareide og han som alle av ein eller annan grunn kallar Gamsten opp, frå den intellektuelle verda møter me mellom anna Barthes og Adorno, me møter Ronald Bye, og me møter Guri Vesaas. Det sprikar altså i alle retningar, og det er midt i blinken. Den einaste gjennomgåande figuren er hesten til Peer Gynt, som det vert snakka om ved fleire høve, men før me møter han vert han diverre slakta.

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Purkene snudde seg (2009)
Håpet og festen (2015)
Eit praktisk menneske (2020)

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)
Doggerland (2025)

3. januar 2010

Kjersti Rorgemoen: Purkene snudde seg (2009)

Det er slettes ikkje slik at dei tjukkaste bøkene gjev dei finaste lesestundene. Debutboka til Kjersti Rorgemoen har godt og vel sytti sider tekst, og målt i volum er boka såleis berre ti prosent av den førre boka eg las. Lesegleda var større her, av fleire grunnar.

Rorgemoen skriv knakande godt. Ho bruker orda godt, og formar fine setningar. Ho bruker kanskje litt for ofte ord ho kan ha plukka opp på eit eller anna universitetsfag, men det får heller passera.

Forteljaren i boka er den 42 år gamle Magna Bekk. Ho er berre sånn mellombels nøgd med livet sitt, og betre vert det ikkje etter at ho tok mot ein hund, som forskot på arv. Då gjekk ho mindre på festar enn før, og i iveren etter å finna noko nytt å halda på med, leita ho gjennom huset sitt for å sjå kva ho fann. I ei kiste der ho hadde gøymt "deprimerande gåver folk har gjeve meg gjennom åra" finn ho skinnboka Mine første år, og i denne skriv ho inn små hendingar ho hugsar frå livet sitt.

Det er små hendingar det handlar om; dei fleste av kapitla i boka varer berre to-tre sider. Det er gode episodar, det er gode dialogar, det er gode tankar og gode assosiasjonar, og eg koste meg med denne boka. Ein favorittepisode er frå ein fest der ein kar prøver å briljera ved å visa kva som kjenneteikna åttitalet. Bekk slår han verbalt i hel, ved å lågmælt fortelja om ein gong ho var griserøktar, og der purkene snudde seg att-fram i bingen. Sidan dette skjedde på åttitalet, meinte ho at dette i like stor grad var typisk for det tiåret.

Boka har inga eigentleg handling, så det er som det skal vera når epilogen heiter "Handling hadde aldri vore mi sterke side". Den handlar rett nok ikkje om handlinga i boka, men at Bekk ikkje greier å brenna opp skinnboka etter at ho er utskriven, men likevel.

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Håpet og festen (2015)
Eit praktisk menneske (2020)