21. juni 2020

The Last Dance (2020)

Eg var vel meir oppteken av sport i gamle dagar. Eg hadde fleire lange eller halvlange opphald i USA rundt 1990, men fann meg aldri heilt til rette i dei største sportane der borte. Baseball var keisamt, ishockey engasjerte ikkje, football verka altfor valdeleg. Det einaste som kunne fenga litt var basketball, men heller ikkje der var interessa stor nok til at eg fekk med meg stort.

Denne serien handlar om Chicago Bulls. I 1990-åra tok dei tre titlar på rad to gonger, og denne serien handlar i hovdusak om den siste sesongen, 1997-98. Det året hadde eit kamerateam tilgang til laget heile tida. Dette er fyrste gongen filmane deira er viste, og den viktigaste grunnen skal visst vera at Michael Jordan, superstjerna på laget, ikkje ville samarbeida med dei.

Jordan er den som snakkar mest i serien, og noko av kritikken har gått på akkurat det: Dette er Jordan sin versjon av tida hans i Chicago Bulls. For meg er ikkje det så viktig - eg ser serien som underhaldning og ikkje som ein historietime, og det er ein finfin serie.

Her er mange fascinerande personar, og her er mange gode historier og uventa vendingar. Der er konfliktar mellom laget og administrasjonen, der er konfliktar med andre lag, og der er av og til konfliktar internt. I tillegg til Jordan møter me den svært sympatiske Scottie Pippen (som var ein av dei beste spelarane i heile serien, men som ikkje hadde ei løn som viste det). Me møter den endå meir sympatiske Steve Kerr (som seinare vart ein suksessrik trenar, og som òg, framfor titusenvis av fans, fortel ein fantastisk versjon av kva som eigentleg skjedde den gongen han avgjorde heile serien i 1997). Me møter den frittenkande og fritalande Dennis Rodman (som lenge spelte på hatlaget Detroit Pistons, og som var ei så fri sjel at dei fleste laga kvidde seg for å ha noko med han å gjera). Me møter trenar Phil jackson (som var ein taktikar av rang, og som ser ut til å ha vore respektert av absolutt alle).

Serien handlar altså om sesongen 1997-98, men i kvar episode kikar me tilbake. Me følgjer karriera til dei som er nemnde over, og me følgjer laget Chicago Bulls. I fleire år vart det tap i sluttspelet mot Detroit Pistons, men frå 1992 var Chicago Bulls det største laget. Det er likevel Michael Jordan som står sentralt heile vegen, og det går heilt fint å sjå på serien som ein serie om han.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar