28. oktober 2023

Killers of the Flower Moon (2023)

Det er ei rimeleg ubehageleg historie. Osaka-indianarane fann olje på landet sitt, og vart ekstremt velståande. Det likte sjølvsagt ikkje dei kvite i området, både dei fastbuande og dei som kom flyttande inn. Fleire av dei prøvde å overta eigedomane til indianarane på lovleg vis - dei gifta seg med dei som eigde landet. Alt som stod att før dei vart eine-eigarar av landet var å ta livet av ektefellene. Det gjekk bra ei stund, før det endeleg kom føderale etterforskarar til området. 

Historia er godt fortalt i boka til David Grann. Slik er det ikkje i denne filmen. Det vert altfor, altfor langdrygt. Filmen varer tre og ein halv time, og eg trur det hadde gått heilt greitt å halvera lengda. At filmen er lang treng ikkje vera noko negativt, men då må det koma noko overraskande eller noko glimrande, osb. Her vert det tidleg tydeleg kva som skal skje med hovudpersonane, og det kjem ingen uventa vendingar. At den mannlege hovudpersonen vinglar litt att og fram er ikkje det same som at han utviklar seg, det handlar like mykje om at han er lett å manipulera.

Heilt til slutt kjem det ei god løysing: Oppsummeringa, altså korte referat som fortel om kva som skjedde i og etter den avgjerande rettssaka, er laga som innspelinga av eit radioprogram, med publikum i salen. Skodespelet er òg bra, spesielt Robert de Niro, men filmen burde vore annleis. Ein kortare film hadde (truleg) nådd eit breiare publikum, og historia fortener at mange får høyra ho.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
David Grann: Killers of the Flower Moon (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar