30. mars 2025

Motorpsycho (Folken, Stavanger, 29.3.2025)

Tre på rad - det var kanskje nok for ein halvgamal mann. Det var endå ein solid konsert, der det var nok endringar frå dei to føregåande dagane til at det ikkje vart keisamt.

Eg har ikkje vore på Folken før. Det var ein god arena, med god utsikt til scena og med akseptabel lyd. Publikum er der for å høyra musikk, og det er for så vidt kjekt å sjå at ikkje alle er på min alder. 

Eg reflekterte litt over kva roller dei fire i bandet har på scena. Bent Sæther er dirigenten, det er han som signaliserer at det er slutt på improviseringa. Snah er ein assistent, medan trommeslagar Olaf Olsen viser at han er ein relativt fersk vikar - han har svært ofte augekontakt med Sæther, for å finna ut kva som skjer no. Og Reine Fiske, ute til høgre, gjer nesten som han vil - han ser mest på instrumenta sine, men har ei så suveren kjensle av kvar musikken skal at han heile tida er på rett plass. 

Her kom nokre nye godbitar på spelelista, og både "577" og "The Nerve Tattoo" var blinkskot. "Lady May" var bra igjen, og den fyrste delen av "Manmower" var perfekt. Som vanleg nemner eg flest eldre songar, men både "Monkeys", "Balthazaar" og "Lucifer" var finfine i dag igjen.

Guffen tilrår. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)
USF, Bergen, 27.3.2025
Høvleriet, Haugesund, 28.3.2025

29. mars 2025

Motorpsycho (Høvleriet, Haugesund, 28.3.2025)

Dag to på denne korte Motorpsycho-turen eg er ute på. Det er veldig lenge sidan eg sist var i Haugesund, og eg har aldri vore på Høvleriet. Ein rar konsertstad - ein ting er at der finst mange dører og trapper i alle retningar, ein annan ting er at det heile var dårleg skilta. Og dårleg informert - eg spurde ein av dei i baren oppe kvar Motorpsycho skulle spela, og han visste ikkje at dei skulle spela der i det heile. Det viste seg at det var nede, at dørene opna seinare enn vanleg. 

Ventetida gjekk med slik ventetider vanlegvis gjer, med eit overraskande unntak: Eg kjende att italienaren frå det legendariske fotoet frå Karpe Diem-konserten på Øya i 2010, og snakka litt med han. Planen hans er, imponerande nok, å få med seg alle dei 29 konsertane på vårturneen.

Konserten var langt betre enn den dagen før. Kanskje det kom av at lokalet var langt mindre enn i Bergen, slik at lydnivået ikkje var like høgt og det var lettare å få med seg nyansar og påfunn. Men det var ikkje den einaste grunnen. Bandet var (stort sett) i kjempehumør. Spelelista var godt komponert, og alt frå opningssongen, "Three Frightened Monkeys", var det tett og lett. Som dagen før var dei fleste songane frå dei siste platene deira, men dei trylla fram noko gamalt også denne gongen: "Manmower" frå Angels and Daemons at Play var finfin, og "Whip that Ghost" var òg meir enn godkjent. Eg gler meg alt til Stavanger-konserten.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)
USF, Bergen, 27.3.2025
Folken, Stavanger, 29.3.2025

28. mars 2025

Motorpsycho (USF, Bergen, 27.3.2025)

Motorpsycho er framleis utan fast trommeslagar. Då dei fyrst reklamerte for denne turneen var planen å ha med Ingvald Vassbø, og sidan eg hadde litt tid og pengar fann eg ut at eg skulle få med meg dei tre vestlandskonsertane deira i vår. Etter at eg hadde kjøpt billettar melde Vassbø forfall, og han vart erstatta av Olaf Olsen. 

Sånn sett passa det bra at gitaristen Snah støtta seg til ei krykke då han kom inn på scena - dette er ikkje den friskaste utgåva av Motorpsycho eg har sett. Eg skulle gjerne hatt ein meir fantasirik og kraftfull trommeslagar; eg føler ikkje at Olsen passar heilt. 

På den andre sida gjorde jo dette at eg gjekk til ein MP-konsert utan dei heilt store forventningane. Kanskje det var det som gjorde at det vart ein heilt grei kveld. Dei spelte mange songar frå den heilt ferske plata, og nokre frå Neigh, som kom i fjor. Gode gamle "Mountain" var vel den einaste frå 1900-talet. Nokre av dei nye songane sat kanskje ikkje heilt enno, men her var fleire høgdepunkt. "Balthazaar" var solid, delar av "Neotzar" var bra, og gitarsoloen på "Lucifer", der Snah og Reine Fiske spelte same soloen heilt synkront, var finfin. Så eg ser fram til konsertane i kveld og i morgon, der dei gjerne kan variera spelelista noko.

Guffen tilrår. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)
Høvleriet, Haugesund, 28.3.2025
Folken, Stavanger, 29.3.2025

Kristin Hersh: Paradoxical Undressing (2011)

Kristin Hersh må vel reknast for å vera leiaren av Throwing Muses. Ho syng, spelar gitar og skriv så godt som alle songane. Det er eitt av mange band eg har/hadde litt sans for, men som eg ikkje har nokre plater av. Eg var på konsert med dei i 1989 eller 1990, og koste meg stort. 

Då hadde bandet eksistert nokre år. Det vart skipa i 1981, då Hersh var 15 år. Saman med halvsystera Tanya Donnelly, Elaine Adamedes og David Narcizo vart dei gradvis meir populære. Dei flytta frå Newport, Rhode Island, til Boston. Dei gav ut debut-LPen på det britiske plateselskapet 4AD, eit plateselskap som eigentleg berre ville gje ut britiske artistar, men som vart så imponerte av Throwing Muses at dei braut sin eigen regel. Plata kom ut det året Hersh fylte 20.

Denne boka er basert på dagbøkene til Hersh i åra fram mot den plateutgjevinga. Det er fascinerande lesing, som krinsar rundt fleire emne. Øvingar og konsertar med bandet. Tilhøvet til foreldra. Studentlivet ved universitetet, der ho er den yngste studenten, og der ho heng mest saman med den eldste studenten, ei kvinne som det viser seg at har vore stor i Hollywood. Dei mentale utfordringane til Hersh. Ein graviditet og ein fødsel (der det står uventa lite, kanskje ingenting, om han som er faren). Kontakten med leiaren for 4AD, som ringer henne ofte, av og til dagleg, utan eigentleg å koma til poenget. Her er både alvor og humor, og eg undra meg fleire gonger over at eg har hatt denne boka ståande så lenge i hylla utan å lesa ho.

Guffen tilrår. 

25. mars 2025

Oscar Wilde: The Picture of Dorian Gray (1890)

Dette var den einaste romanen Oscar Wilde gav ut. Hovudpersonen, Dorian Gray, er ung og fager og passeleg velståande. Han vert måla av kunstnaren Basil Hallward, som saman med Lord Henry Wotton er dei nærmaste venene til Gray. Måleriet er uvanleg vellukka, men det vert aldri stilt ut. Grunnen er openberr: Gray vert ikkje eldre, og han vert heller ikkje fysisk merka av alt det vonde han finn på. Den vondskapen viser i staden att på måleriet, der altså Gray vert eldre og eldre.

Det er ein fin roman. Det heile går føre seg i London, og boka er nok meint dels som ein harselas over overklassen, som går i teater og på opera og som heile tida er på festar og i selskap. Det handlar òg litt om samanhengen mellom liv og kunst. Og det handlar om attraktive unge menn, langt nede mellom linene ligg det noko homoerotisk.

Men det beste med boka er språket. Wilde hadde eit uvanleg godt talent for gode replikkar, og aforismane står tidvis i kø. Nokre er nok meinte som kommentarar over samtida, slik som dei mange vitsane om Amerika og Frankrike. Andre er berre morosame.

Guffen tilrår.

Meir Wilde på kulturguffebloggen
The Importance of Being Earnest (1895)

22. mars 2025

Larry Tye: Demagogue. The Life and long Shadow of Senator Joe McCarthy (2020)

Det går ikkje så bra med USA for tida. Det positive ein kan dra ut av denne boka er at det kan gå over. Alt som skal til er at andre politikarar tek til motmæle. I dag slit me med Donald Trump, i 50-åra sleit dei med Joseph McCarthy. Der finst, skremmande nok, noko som bind dei saman: Den nærmaste medarbeidaren til McCarthy, Roy Cohn, var lenge ein læremeister for Trump. I 1970-åra skal dei ha snakka saman opptil fem gonger dagleg.

McCarthy var senator frå staten Wisconsin. Han var relativt ukjend og anonym, og såg etter ei sak han kunne profilera seg på. Den saka vart kommunismen. Han gav ein god ein i sanning, men hevda at han såg kommunistar og kommunisme-sympatisørar overalt, og spesielt i det amerikanske utanriksdepartementet. Han gjekk på talarstol etter talarstol og fortalde at der fanst eit par hundre kommunistar der, og sjølv om han aldri la fram namnelister, trudde folk på han.

Han vart leiar for ein senatskomité som skulle røkja etter, og her var han like lite faktaorientert som elles. Viss han ikkje fann nokon ville han sjølv tapa ansikt, så han laug og dikta og stod på. Han hadde, merkeleg nok, mange solide støttespelarar, og det er fælt å tenkja på kor langt han kunne godt. Det som stoppa han var at han førte jakta si vidare til militæret, og då møtte han omsider sterk nok motstand. Han vart avkledd i ei direktesend høyring, og då gjekk lufta ut av ballongen. Ein annan ting som stoppa han var helsa hans. Han hadde eit stort alkolholmisbruk, og kombinert med eit svært dårleg kosthald gjorde dette at han døydde i 1957, berre 49 år gamal. 

Larry Tye skriv detaljert og godt om livet til McCarthy. Han gjev han ros dei gongene han fortener det, men i all hovudsak er han kritisk. Han viser korleis McCarthy var eit maktmenneske, som gjekk over lik for å få det slik han ville. Det kunne gått verre, men det amerikanske samfunnet greidde altså å få slutt på oppførselen hans. Lat oss vona at det går slik også med det store problemet USA slit med i dag.

Guffen tilrår.

18. mars 2025

Cunk on Life (2024)

Etter to seriar, der karakteren Philomena Cunk tok oss med gjennom høvesvis historia til Storbritannia og historia til verda, kom denne filmen. Her handlar det om meininga med livet. Cunk, glimrande spelt av Diane Morgan, strør om seg med gode kommentarar og spørsmål. Det handlar litt om religion og litt om filosofi, og underhaldningsverdien er stor heile vegen.

Som tidlegare snakkar ho med ulike fagfolk. Det er stort sett professorar, og dei svarar så godt dei kan på dei ikkje altfor oppegåande spørsmåla hennar. Cunk er ikkje så oppvakt, men ho har stor tru på ting ho har lese på internett, og ho fortel ofte små og store historier om venen Paul. Dette bryt litt med fagkunnskapane til professorane. Ein gong spør ho til dømes om det er samt at 40 % av alle menneske lever utan skjelett. 

Det er aldeles glimrande humor, dette. Det kan henda at ideen byrjar å verta oppbrukt, men det gjer ingenting: Så langt er det berre stas.

Guffen tilrår.

12. mars 2025

Tormod Haugland: Om livet på jorda (2021)

Den tredje av tre romanar der Haugland tek utgangspunkt i oppveksten sin. Ikkje uventa er dette òg ei fin bok. 

Eg-forteljaren i boka, som heiter Tormod, er dregen mellom fleire ting. Han likar oppveksten på garden, og av og til går han langt i gardsarbeidet, så langt at det er tydeleg at det er her han høyrer til. Samstundes vert han dregen mot bøker og skriving, og etter kvart mot biletkunst. Han vert òg dregen mot fleire kvinner - nokre reelle, andre er (truleg) overjordiske eller innbilte. Tormod er viljesterk. Han trivst mellom andre, sjølv om det ofte går litt gale, men han trivst òg når han er heilt åleine.

Haugland bruker vanlege og småe ord, også når han skriv om store spørsmål. Tittelen på boka seier sitt - dette handlar om livet på jorda. Tormod prøver å finna ut korleis han få eit så godt liv som råd, men så langt i livet har han altså ikkje funne det heilt ut. 

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)
Sirenene (2024)

10. mars 2025

Caryn Rose: Why Patti Smith Matters (2022)

På baksida av denne boka står det at dette ikkje er ein biografi. Det er heilt rett. I den neste setninga står det at dette ikkje er ein hagiografi. Det er eg litt meir usikker på om stemmer. 

Caryn Rose fortel to historier parallelt. Den viktigaste og den dominerande er ein gjennomgang av livsverket til Patti Smith. Rose er musikkjournalist, og slik sett er det forståeleg at ho legg klart mest vekt på musikken til Smith. Bøkene, som eg på merkeleg vis har eit nærare forhold til, får ikkje så omfattande omtale. Unntaket er Just Kids, som handlar om forholdet mellom Smith og Robert Mapplethorpe.

Den andre historia, som altså berre dukkar opp av og til, er forholdet Rose har til Smith. Det er her det med hagiografien vert litt uklart, det verkar nesten som om Rose ser på Smith som noko guddommeleg, og at ho (og alle andre) er heldige som får ein slags audiens.

Det er ei fin bok. Rose skriv godt om musikken og tekstane, og får godt fram korleis livet til Smith påverkar arbeidet hennar. Det er òg gode analysar av korleis ulike musikarar får fram ulike sider ved Smith. 

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Devotion (2017)
Year of the Monkey (2020)

9. mars 2025

Mary Beard: SPQR (2015)

Eg var nett i Roma med Ivar (17). Turen var planlagt for eit halvt år sidan, så han gav meg like godt denne boka til jol. Boka er fin, det er ein detaljert og grundig gjennomgang av om lag tusen år Roma-historie. 

Alt flyt rett nok ikkje like godt. I den tidlegaste delen av perioden ho skriv om, nokre hundreår før tidsrekninga vår byrjar, er sjølvsagt kjeldene noko meir sporadiske og usikre. Her vert det litt for mange drøftingar om dei ulike kjeldene. Det kan godt henda at det høyrer med, men det burde nok vore korta litt ned. Den norske omsetjinga er heller ikkje tipp topp.

Når det er sagt, så er boka grundig og kunnskapsrik. Beard fortel om politikk og styre i Roma (og i Romarriket), ho fortel om korleis dei sosiale laga i byen var, ho fortel (sjølvsagt) om kampane i Colosseum, og så bortetter. Det er tydeleg at det var ei valdeleg tid. Beard skildrar ikkje dei mange slaga i detalj, men ho nemner rett som det er tapstala, og dei er jamt over usannsynleg store. 

Guffen tilrår.    


7. mars 2025

Kjell Haugland: Striden kring sidemålsstilen (1971)

Kjell Haugland gav ut nokre bøker om den tidlege målstriden. Dette er ei av dei, og boka er basert på hovudoppgåva hans. Det handlar om kampen for å få sidemålsstilen inn til examen artium. Kortversjonen er at Stortinget våren 1907 vedtok at stilen skulle innførast. Før me kom så langt meinte mange mykje om saka, både i og utanfor målrørsla. 

Det er denne soga Haugland fortel her. Det sprudlar aldri av boka, ho er reint sakleg og faktaorientert. Haugland går gjennom store mengder kjeldemateriale, inkludert ei rekkje aviser, og får godt fram korleis målfolk i alle leirar jobba hardt for dette. Tala frå røystinga i Stortinget overraskar - både Venstre og Høgre var delte. 

Han nemner mange av dei som jobba for sidemålsstilen. Av avisfolk kjem han fleire gonger tilbake til den store Rasmus Steinsvik; av politikarar ser Jørgen Løvland ut til å ha vore særs viktig - kanskje mest av di han naut stor tillit hjå alle andre politikarar.

Guffen tilrår. 

6. mars 2025

Marit Eikemo et.al.: Smilefjes. Fem samtaler med Erlend (2019)

Samtalebøker er vanlegvis verdt bryet, og slik er det også her. Seks personar har samtalar med Erlend Loe, stort sett om forfattarskapen hans, og det fungerer heilt fint.

Boka opnar med ein samtale med Marit Eikemo - eller kanskje det er rettare å seia ein artikkel av Eikemo. Dei andre samtalane er stort sett referat av det som vart sagt, her er det i tillegg mykje forklarande tekst. Ein heilt grei samtale, som diverre får trekk for å kalla Hovland-boka Mord i skilpaddekafeen. Den neste samtalen er med Anders Heger, og denne er glimrande. Kim Hiorthøy har, utan at Loe veit det, invitert med seg den felles venen deira Egil Halmøy. Denne er også glimrande, det er tydeleg at dei har ein god tone og felles humor. Også samtalen med Finn Skårderud får godkjent. Til slutt kjem det ein finfin samtale der Loe intervjuar seg sjølv.

Ei fin bok, som fekk meg til å tenkja på at eg kanskje burde lesa meir av Loe. 

Guffen tilrår. 

Meir Loe på kulturguffebloggen
Tatt av kvinnen (1993)
Naiv. Super (1996)
L (1999)
Fvonk (2011)

4. mars 2025

De rettsløse (2024)

Filmen fortel om korleis dei såkalla "tyskarjentene" vart handsama etter krigen. Det er ikkje noko me som nasjon skal vera stolte av - mange vart integrerte, nokre vart sende ut av landet, og dei var altså rettslause. Dei var ikkje innom domstolane, men vart straffa etter ei vag formulering i straffelova. 

Regissøren, Lena-Christin Kalle, snakkar med to av desse kvinnene, med to menn som var til stades då kvinner vart mishandla rett etter krigen, og med ein tyskar som var soldat i Noreg etter krigen. Tyskaren er den minst interessante. Dei to mennene har vel litt ulik haldning i dag - ingen av dei var med på å klippa eller slå kvinner, men dei såg at andre gjorde det. Den eine forsvarar det noko meir enn den andre.

Det er uansett samtalane med dei to kvinnene som gjer størst inntrykk. Den eine, Rigmor, vil eigentleg ikkje stå fram med ansiktet sitt, før ho likevel gjer det mot slutten av filmen. Det er gode scener. Den andre, Ragnhild, gifta seg med den tyske kjærasten sin og flytta til Tyskland, der ho budde lenge. 

Det er ein solid og god film, som bør visast på alt som er av vidaregåande skuler. Det er viktig at den oppveksande slekta får kjennskap til dette. Alt er likevel ikkje feilfritt i filmen - eg synest Kalle lagar eit altfor stort nummer av at arkivmaterialet som handlar om desse sakene er klausulert fram til 2030. 

Guffen tilrår. 

2. mars 2025

Mor og barn (Det vestnorske teateret, Bergen, 28.2.2025)

Ein eller annan stad seier Jon Fosse noko slikt som at i skodespela hans er pausane det viktigaste. Det er veldig tydeleg i dette stykket, som hadde urpremiere i 1997. 

Tittelen fortel kven som er med: Ei mor får besøk av sonen sin. Det er lenge sidan sist dei møttest. Praten går ikkje akkurat laust; kanskje av di ho har lett for å snakka medan han er meir av det tause slaget. Ho likar dårleg at han har kontakt med faren, slik ho ikkje har. Ho likar dårleg at han ikkje har kontakt med ho. Ho meiner at han, som har studert filosofi og litteratur, sikkert les og forstår langt fleire og vanskelegare bøker enn ho gjer. Han svarar ikkje så mykje på dette. Ho spør òg kvifor han er i Oslo akkurat no, og det greier han omsider å svara på, omtrent då han er på veg ut.

Det er eit intenst stykke. Det vart framført på scene 2, der publikum sat på tre sider av stova dei to (stort sett) held til i. Me sit tett innpå dei, og gjennom samtalane deira kjem me òg tettare inn på kven dei er. Heilt inntil kjem me rett nok ikkje; han verkar ikkje som ein type som slepper folk inn til nokre av grindene sine.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)