31. august 2013

Pat Long: The History of the NME (2012)

Eg var vel aldri fast lesar av NME.  Eg las det likevel ofte, sånn frå rundt 1980 til midten av 90-åra. Eg likte det altså, det var eit blad som skreiv mykje om den musikken eg likte. Det var likevel eit blad det var lett å gje opp, det var eit blad som verka svært interessert i å vera tidleg ute med nye trendar. Dei hausa opp artistar som var middelmådige, og skreiv gjerne mindre positivt om artistar som var gode, men som hadde vore meir populære og tidsrette nokre år før. Ei tid var det viktig å vera oppdatert på det nyaste nye, men på eit eller anna tidspunkt vart det mindre viktig, og eg gjekk like godt til tidlegare tiår for å oppdaga ny musikk - ny for meg, altså. Kanskje det er slik det er å verta godt vaksen.

NME vart grunnlagt i 1952. Denne boka kom til sekstiårsjubileet, men dekkjer berre tida fram til hundreårsskiftet. Den viktigaste grunnen er at Pat Long ikkje vil skriva om tida han sjølv arbeidde i NME, ein annan grunn er at han finn det vanskeleg å skriva om den aller nyaste historia. Ein tredje grunn er kanskje at NME ikkje er like viktig som det var før, dei har mist mange lesarar til månadsmagasin som Q og MOJO, og dei har mist veldig mange lesarar til Internett.

Det er ei uventa kjedeleg bok. Det vert mykje oppramsing av namn, både journalistar og artistar, og det vert såpass overflatisk at det sjeldan engasjerer. Dei mest fargerike NME-journalistane var aktive i 70-åra, og det er når Long skriv om Nick Kent eller Charles Shaar Murray at boka er best.

Boka prøver å måla eit svært vidt lerret. Det er ei komprimert historie om NME og journalistane der, men òg ei svært komprimert historie om trendar innan rock, i alle sine former. Og det er ei komprimert historie om engelsk musikkpresse. Heile vegen pirkar Long berre i overflata, og det vert berre sånn midt på treet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

30. august 2013

Platoon (1986)

Rart å tenkja på at denne filmen fekk enormt med skryt då han kom i 1986. Hugsar eg rett fekk han mellom anna Oscar for beste film. Der er rart, fordi filmen er så full av krigsfilm-klisjear at det nesten er vanskeleg å ta han på alvor.

Hovudpersonen, Chris Taylor, vert spelt av Charlie Sheen. Filmen opnar med at han kjem til Vietnam, og inntil vidare er han ung, uerfaren, og uvitande om kva som ventar han det neste året. Spesielt vanskeleg å tippa kva som kjem er det likevel ikkje. Blant dei andre soldatane er der nokre gode og nokre dårlege, nokre galne og nokre fornuftige, nokre modige og nokre feige, osb. Det er mykje skyting (også på medsoldatar), det er klaustrofobiske scener frå jungelen, det er mykje skyting, det er mykje skriking og mykje blod. Og det er heller keisamt.

Det er fullt mogleg å laga gode krigsfilmar, men det er langt lettare å laga dårlege og lite originale krigsfilmar. Då må ein skilja seg ut på ein eller annan måte, slik tilfellet til dømes er med Thin Red Line. Denne filmen er heilt ordinær.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

25. august 2013

Thomas B. Marquis: Keep the Last Bullet for Yourself (1976)

Slaget ved elva Little Bighorn i 1876, der rundt 270 amerikanske soldatar miste livet i kamp med Sioux- og Cheyenne-krigarar, er eit av dei mest vidgjetne i amerikansk historie. Det er skrive ei rekkje bøker om det, det er filma og måla, og det vert stadig referert til det på ulike måtar. Denne boka har ei litt anna framstilling av det som skjedde, og det kontroversielle innhaldet i boka skal ha vore grunnen til at Marquis ikkje fekk publisert det då han skreiv det, i 1930-åra.

Marquis låg eitt steg framom andre som skreiv om slaget. Han kunne teiknspråket til indianarane, og mykje av det som står her er basert på det dei fortalde. I alle fall det som handlar om den delen der Custer og mennene hans fall. Ingen kvitingar overlevde, slik at andre som har skrive om det har måtta gå omvegen om tolk, eller basert seg på det dei andre kvitingane, som var langt unna, har fortalt. Slik har det bygd seg opp ein myte om at Custer stod som ein påle, tok med seg mange indianarar i døden, og var ein av dei siste som døydde.

Indianarane Marquis snakka med fortalde ei heilt anna historie. Det er rett at dei 270 vart omringa av indianarar, men noko stort slag å snakka om var det ikkje, hevdar dei. Svært mange av soldatane til Custer mangla erfaring frå slag med indianarar, dei vart vitskremde, og mange av dei vart så redde for å verta fanga og torturerte av indianarar at dei tok livet av seg sjølv, eller bad andre soldatar om å skyta dei. Marquis finn ikkje noko anna truverdig forklaring - 270 soldatar burde vera i stand til å forsvara seg mot langt fleire indianarar. Nokre har hevda at soldatane hadde dårlege våpen, men det er feil. Nokre har hevda at dei var fulle (eller bakfulle), men det er òg feil. Dei fekk panikk, rett og slett.

Det er ein interessant hypotese, og det kan godt vera noko i det. Han viser at det ikkje var uvanleg at kvitingar heller tok sjølvmord enn å verta fanga av indianarane, og han har altså snakka med mange som var med i slaget. Likevel er ikkje hypotesen akseptert, heller ikkje no, såpass lenge etter slaget at ein har eit meir nyansert bilete på kva som skjedde. Det er ikkje lenger tvil om kven som invaderte andre sitt land, men sjølv om sympatien no i langt større grad ligg hjå indianarane, er det vanleg å rekna at Custer og mennene hans faktisk slåst så lenge dei kunne.

Guffen tilrår.

Dr. Strangelove (1964)

Det er kald krig, og begge supermaktene har konkrete og idiotsikre planar for korleis dei skal utsletta den andre. Bakdelen med planen er at viss ein av dei ansvarlege tørnar galen, er planen så sikker at han ikkje kan stoppast. I alle fall ikkje utan hjelp frå fienden.

Slik er det i alle fall i denne filmen. Ein amerikansk general sender ut koden som seier at dei mange bombeflya USA har i lufta rundt Sovjetunionen skal gå til atomåtak på landet. Han er den einaste som kan avblåsa aksjonen, og når han isolerer seg på kontoret saman med litt drikkevarer, nokre våpen og ein motviljug engelsk offiser, går verda mot slutten.

Den amerikanske presidenten prøver å stoppa det, frå det enorme krigsrommet sitt. Han snakkar på telefon med kollegaen sin i Sovjet, og gjev han fullmakt til å skyta ned dei flya USA ikkje greier å få kontakt med.

Filmen er regissert av Stanley Kubrick, og gjer på ein intelligent måte narr av våpenkapplaupet i etterkrigstida. Filmen vert gjerne omtala som ein komedie, og det er nok rett, sjølv om det er svært lite å le høgt av. Det måtte i tilfelle vera replikken "You can't fight here, it's the war room". Men det er mykje å smila av. I tillegg til hovudpremissen for filmen - USA er ute av stand til å stoppa ein potensiell atomkrig dei sjølve har initiert - er samtalen i krigsrommet gode. Verda står i fare for å gå til pisis, og dei sit roleg og drøftar kva dei skal gjera. Og George Scott, som spelar ein anti-kommunistisk general i krigsrommet, er òg ein fornøyelse å sjå på.

Guffen tilrår.

Meir Kubrick på kulturguffebloggen
Fear and Desire (1953)
The Shining (1980)
Room 237 (2012)

24. august 2013

Donald Ray Pollock: The Devil All the Time (2011)

Av og til råkar Amazon så til dei grader blink med bøkene dei tilrår. Både forfattaren og boka var heilt ukjende for meg, men eg prøvde meg. Det angrar eg ikkje på - dette er ei glimrande bok.

Handlinga er lagt til den amerikanske Midtvesten. Boka kan minna litt om Flannery O'Connor, i alle fall i starten, der den litt for religiøse Willard Russell meiner at Gud er den einaste som kan redda den kreftsjuke kona hans. Han tek med seg sonen Arvin til ein rydning i skogen for å be. Det hjelper lite, så inspirert av Bibelen tek han til med ofring av dyr. Rydninga vert etter kvart ganske blodig, og det vert etter kvart og resten av boka.

Gjennom boka går det tre historier, som vert eksemplarisk fletta saman mot slutten. Etter at faren òg døyr, vert Arvin plassert i ein familie der det òg bur ei foreldrelaus jente. Ho veit ikkje kvar foreldra er, og veit ikkje det lesarane veit - at far hennar, Roy, ein forvridd predikant, har drepe mor hennar. Arvin tek seg av ho han etter kvart kallar syster si, og etter at ein prest gjer henne gravid, tek han livet av presten og rømmer. Bilen hans bryt saman, og han må haika vidare.

Roy reiser rundt saman med ein kompanjong som sit i rullestol. Dei livnærer seg på ulikt vis, men etter at han andre døyr, bestemmer Roy seg for å reisa attende til byen der dotter hans bur - han har ikkje sett ho på sytten år. Han har ikkje bil, og må haika.

Korkje Roy eller Arvin kvir seg for å vera valdelege viss det trengst. Den tredje historia handlar om eit par, Carl og Sandy, som aktivt oppsøkjer vald. Kvar sommar køyrer dei rundt i nabostatane, plukkar opp mannlege haikarar, får dei til å tru at Sandy vil ha sex med dei, før dei tek livet av dei og fotograferer dei etter at dei er døde, gjerne saman med den avkledde Sandy.

Det er mykje vald, altså, og mykje grotesk vald. Men boka er så godt komponert, med så gode setningar og så gode dialogar, at ein nesten overser det. Det er kanskje ei oppbrukt tilråding, dette, men boka er svært vanskeleg å leggja frå seg.

Guffen tilrår.

Meir Pollock på kulturguffebloggen
Knockemstiff (2008)

18. august 2013

Hannah and Her Sisters (1986)

Filmen vert innramma av to thanksgiving-middagar, som vert haldne med to års mellomrom. Me får høyra litt om ting som har hendt før den fyrste middagen, men mest om det som skjer desse to åra. Sentralt står dei tre systrene Hannah, Lee og Holly, og mennene rundt Hannah. Den noverande ektemannen hennar har eit forhold til Lee, medan eks-mannen hennar møter og gifter seg med Holly.

Som i mange av filmane til Woody Allen er dialogane minst like viktige som handlinga. Også denne filmen handlar om New York, og me får sett mykje av denne byen då Lee og ei veninne er på sightseeing med ein arkitekt som viser dei favorittbygningane sine. Det er vel òg relativt vanleg i Allen-filmar at karakterane hans bur i store leilegheitar, fulle av bøker. Dei er i det heile svært kulturinteresserte, dei har og les mykje bøker, dei går i operaen, her møter me ein kunstnar, ein lovande amatørskodespelar, ein arkitekt, ein som er stor diktentusiast, og så bortetter.

Woody Allen spelar ein sånn mann han gjerne spelar - ein usikker hypokonder som er langt meir sjølvoppteken enn han vil vedgå. Nokre av dei beste scenene i filmen er når han går frå dokter til dokter, stadig meir overtydd om at han berre har nokre dagar att. Men heile filmen er ein fryd, og eg tenkjer igjen at eg må sjå fleire av filmane hans. Her er det jo òg gledeleg at han legg inn ein Marx Brothers-referanse - når han er så langt nede at han vurderer sjølvmord, går han på kino, ser Duck Soup, og innser at livet verkeleg er verdt å leva. Og i den same løypa er det stas å sjå att Maureen O'Sullivan frå A Day at the Races. Og det er rart å sjå John Turturro i ei veldig tidleg rolle.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Manhattan (1979)
Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)

Ragnar Hovland: Frå Ragnar til alle (2013)

Denne boka inneheld e-postar Ragnar Hovland sende til andre tilsette i Det Norske Samlaget i tida han var hovudkonsulent der. Det er altså tekstar i kortformat, og det er eit format Hovland vanlegvis beherskar godt. Tenk Sjølvmord i skilpaddekafeen, tenk (delar av ) Åleine i Alpane, tenk Innsida i Dag og Tid (i alle fall dei fire-fem fyrste åra).

Difor er det eit stort vonbrot at det omtrent ikkje er noko å le av her. Han sender ut e-postar om ferieturar til Sogn og Fjordane, han skriv litt om livet som hovudkonsulent, han har dei beste fråversmeldingane eg har sett, han skriv ørlite om livet på Samlaget, men det heile glir fort og lett forbi. Av og til kjem det eit smil, ein sjeldan gong kjem det litt humring, men i det store og heile er det ikkje så mykje å skryta av.

Guffen kan ikkje tilrå dette.





Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)

17. august 2013

Arvid Bryne: Hildringstimer (2001)

Eg har lese eit par av bøkene til Bye dei siste åra, og kom over denne biografien i Fjærland i sommar. Det var eit greitt kjøp; Bryne gjev oss eit godt innblikk i livet til Bye. Han konsentrerer seg om oppvekst og arbeid; livet med kone og ungar vert berre omtalt i forbifarten.

For Bryne er Bye ein nasjonsbyggar, ein som samla nasjonen og førte han framover. Han var NRK-tilsett i den tida då NRK var den einaste kringkastaren i landet, og han brukte rolla der godt. Han var den fyrste som konsekvent inviterte gjestar frå Nord-Noreg. Han var konsekvent på sida til dei svake i samfunnet. Han tok tidleg opp kampen for at krigssiglarane skulle få hjelp, og la òg ned mykje arbeid for Redningsselskapet. I det heile var kystkulturen noko Bye arbeidde mykje for.

Han var òg internasjonalt orientert. Han studerte og arbeidde i USA (der han òg var fødd), og arbeidde òg nokre lærerike år i BBC i London. Som NRK-journalist hadde han ei relativt fri rolle, og laga ei rekkje innslag frå alle kantar av verda.

Så Bryne gjev oss eit godt portrett av Bye, men alt er ikkje like bra. Når han fortel om korleis Bye engasjerte seg for krigssiglarar eller redningsselskap, vert historia til desse altfor detaljert presentert. Her misser boka framdrift. Boka er elles godt komponert, men god veksling mellom samtidige kjelder, og intervju med dei som vert omtala.

Guffen tilrår.

Meir Bye på kulturguffebloggen
Munnspill under åpen himmel (1966)
Spinn, mitt hjul (1971)
Å skyte en teddybjørn (1987)

William Gay: Wittgenstein's Lolita (2006)

Denne boka var kortare enn eg rekna med - her er ei novelle, eit utdrag frå (den upubliserte) romanen The Iceman, og eit heilt greitt biografisk oversyn til slutt. at boka var kort gjer eigentleg ingenting; det var langt meir gledeleg at boka var minst like god som eg rekna med. Eg las debutromanen hans tidlegare i år, og vart imponert nok til at eg tinga resten av det han gav ut før han døydde i fjor.

Det er altså novella "Wittgenstein's Lolita" som får mest plass her. Me er igjen ute på landsbygda i dei amerikanske sørstatane, og hovudpersonen bur for seg sjølv. Ein snau kilometer vekke ligg eit stort herskapshus, og han mistenkjer at mannen der har teke livet av hunden hans. Han vert kjend med kona i huset, og dei to får eit nært forhold. Dei fortel kvarandre historier, både sanne og usanne, og vert etter kvart kjærastar.

Referatet over seier ingenting om korleis det er å lesa Gay. Han har eit rikt og vidunderleg språk, med ei rekkje fine poetiske vendingar. Setningane kan vera komplekst oppbygde, men ikkje verre enn at ein lett heng med. Eg gler meg alt til neste Gay-bok.

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Twilight (2006)
Little Sister Death (2015)

13. august 2013

Jan Roar Leikvoll: Eit vintereventyr (2008)

Denne romanen er vel meir vinter enn eventyr. Handlinga er lagt til ein arbeidsleir, som minner ikkje så reint lite om ein tysk konsentrasjonsleir. Romkameraten til eg-personen seier tidleg i boka at "arbeid sette oss fri".

Eg-personen er svak, men likevel sterk nok til at han overlever arbeidsoppgåvene han får. Han vert rett nok redda av at romkameraten hans, Hans, er ein av favorittane til kommandanten. Det er kaldt, det er trist, det er ein stad der ingen stolar på kvarandre, og der det ikkje skal mykje til før du vert straffa. Kvar dag kjem det hundrevis av nye menneske; dei fleste vert drepne, og dei fleste av desse igjen vert brende opp. Resten vert brukt som mat for arbeidarane.

Eg-personen drøymer om eit betre liv, slik alle andre gjer det. Han trur ikkje på det sjølv, men vona er der, i alle fall. Han framstår som svak, men er likevel i stand til å ta livet av andre, når det trengst. Der er altså ein sterk vilje til å overleva, men det er etter kvart alt han har.

Så det er ikkje noko lystig bok, dette, men det er ei god bok, som er velskriven og godt komponert.

Guffen tilrår.

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Fiolinane (2010)
Songfuglen (2013)

12. august 2013

Til ungdommen (2012)

Av og til vert dokumentarfilmar heilt annleis enn regissøren hadde tenkt. Slik var det med dei to franske regissørane som i september 2001 skulle laga ein dokumentarfilm om brannmenn i New York, og slik var det med Kari Anne Moe, som laga denne filmen. Planen var å følgja fire ungdomspolitikar gjennom skuledebattar og valkamp i 2001, ein frå Framstegspartiets ungdom, ein frå Unge høgre, ei frå Sosialistisk ungdom, og ei frå AUF. Det meste gjekk etter planen. Heilt til 22. juli.

Terrorhandlingane på Utøya ligg som eit bakteppe til heile filmen. Me veit at det kjem, men det skjer ikkje før rundt halve filmen er gått. Me ser nokre ungdommar, som alle er politisk interesserte og aktive, men som i ulik grad er trygge på korleis dei skal oppføra seg under debattar. Ho frå AUF skal på sommarleir på Utøya, og ho vert filma der. Der er mellom anna ei scene der ho ringjer til mora og seier noko slikt som at ho ville berre melda at ho var i live, og at sjølv om det styrtregnar og ho ikkje har golv i teltet, skal ho overleva dette. Og det var altså ein eller to dagar før.

Den mest gripande delen av filmen er eit langt opptak der ho fortel om korleis ho overlevde den 22. Ho er sjølvsagt den av dei fire som er mest prega av det som skjedde der, men det påverkar òg dei andre tre. Ho frå SU er muslim. Dei to frå høgresida var begge sikre på at dei skulle gjera gode val, i alle fall skuleval, men slik gjekk det jo ikkje.

Tittelen på filmen er henta frå det diktet av Nordahl Grieg alle song i vekene etter Utøya, og eg reknar med at filmen hadde ein annan arbeidstittel. Tittelen er i alle fall midt i blinken, filmen kan gjerne sjåast som ein honnør til dei ungdommane som arbeidde politisk før sommaren 2011, og dei som arbeider like intenst etterpå.

Guffen tilrår.

Tormod Haugland: Orden (1999)

Endå ei novellesamling, og ei novellesamling som passar godt saman med Diskrete kulisser, som eg las omtrent same dagen. Også i denne boka møter me folk som ikkje har det så godt. Det er folk som drikk litt for mykje, det er folk som nyleg har mist nokon, eller som snart kjem til å gjera det.

Det er gjerne korte og tette noveller, med eit greitt og enkelt språk. Likevel ulmar det, og i fleire av novellene anar me at det snart kjem til å gå gale. Samlinga sluttar med "Sommar", ei av dei lengste i boka, og den er eit godt døme i så måte. Ein liten familie har nyleg kjøpt seg nytt hus, og utad ser alt ut til å vera bra. Faren i familien vil eigentleg ikkje ha besøk, korkje av dei tilreisande som dukkar opp, eller av naboen som kjem med ei flaske vin. Kvar uroa kjem frå er ikkje heilt klart, men det verkar som ein harmonisk familie der harmonien kjem til å ta slutt kort tid etter at novella er over.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Verd (2000)

Odd W. Surén: Diskrete kulisser (2000)

Dette er ei fin novellesamling. Surén skriv som vanleg godt, og hovudpersonane har mykje til felles: Dei er oftast menn, dei er hatande og skeptiske, dei er tiltaks- og arbeidslause, og dei gjer seg sjølv store gjennom å snakka andre ned. Eller rettare - å tenkja andre ned. Dei fleste har ikkje mykje kontakt med andre menneske.

Det er ikkje dei lystigaste skjebnane me får høyra om, altså, men det er likevel rett som det er litt å smila av. I novella "Musene" fortel til dømes eg-personen om korleis han tok seg av mor si då ho vart sjuk. Han las avisene for ho, men fann ut at han måtte retusjera nyhenda litt, slik at ho ikkje vart trist. Bombinga av Irak omtalte han som eit fyrverkeri FN hadde gjeve Saddam Hussein og Maddam Hussein i gåve. At temperaturen på jorda steig kom av at folk ville gjera livet lettare for borna på Grønland. Og så bortetter.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Usynlig for verden (2015)

Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)

Der finst fleire Aasen-biografiar, og eg har lese dei fleste av dei. Denne boka er ulik dei andre, og er såleis ei velkomen utgjeving. Dei to mest omfattande Aasen-biografiane kom begge i 1996, og var skrivne av Stephen Walton og Kjell Venås. Begge er gode, men vert for detaljerte når dei skildrar språket Aasen la grunnlaget for. For dei fleste lesarane er dette tungt og kanskje til og med unødvendig stoff; Grepstad nemner det nesten ikkje i det heile.

For Grepstad er det to viktige sider ved Aasen. Han var ein stor strateg, og han var stadig uroleg for at han ikkje fekk gjort alt han skulle. Tida strakk ikkje til. Det strategiske viste seg tidleg, til dømes då han i 1841 på oppmoding frå biskop Neumann i Bergen skriv ein kort sjølvbiografi.

Boka er lagt opp meir tematisk enn kronologisk. Det fungerer godt, og samla gjev boka oss eit godt bilete av kven Ivar Aasen var. Ho gjev oss ikkje svar på alt; Aasen var ein person som heldt korta tett til brystet. Grepstad har funne mykje nytt stoff, og viser mellom anna at det er svært truleg at Aasen faktisk var trulova med Berte Pålsdotter i Herøy i fyrste halvdel av 1830-åra.

Det er altså ei fin bok, men utan manglar er ho ikkje. Det er, uvanleg nok, ein biografi heilt utan bilete av den biograferte. Her er heller ikkje noko kjeldeliste - den ligg på Internett, og det er berre ei middels god løysing. Dessutan er her ein del repetisjonar; ein stad kjem til dømes det same avsnittet to gonger på ei og same side.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Aasen: Symra (2013)

11. august 2013

Olav Duun: Medmenneske (1929)

Eg har lese lite Duun, og etter denne boka skjønar eg at eg har lese for lite Duun. Det er ei fantastisk bok, med ei uvanleg tett og intens handling.

Me er i det kystlandskapet Duun ofte skriv om. Didrik Dale, kårmann på garden Stavsund, og er ein tvers gjennom roten person. Han lovar og lyg, og handlar med pengar han ikkje har. Motsatsen hans er svigerdottera Ragnhild, som berre ser etter det gode i folk, og som òg prøver å vera snill mot Didrik. I tillegg er her ei mengd andre folk, og synsstaden vekslar heile tida. Duun har likevel full oversikt og full kontroll, og det er heller ikkje vanskeleg for oss lesarar å følgja med.

Då eg arbeidde i Aasen-tunet laga me ei utstilling om Duun. Ein lærar som tok med klassen dit ville gjerne at eg skulle seia noko om slektskapen mellom bøkene til Dostoyevsky (som eg kjende godt) og bøkene til Duun (som eg altså visste svært lite om). Det gjorde eg på sett og vis, men etter denne boka ser eg tydelegare kva han meinte. Boka krinsar rundt det store spørsmålet om kor mykje vondt som kan samlast i ein person, og kor langt ein person kan vera viljug til å gå for å nå måla sine. Didrik er ein person som gjerne ofrar den næraste familien sin, dersom han sjølv kan tena på det.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)

7. august 2013

Shakespeares skjulte sannhet (2012)

Petter Amundsen har fantasien i orden. I ei årrekkje har han finstudert ei fyrsteutgåve av Shakespeares samla verk, og meiner at der ligg ei rekkje spor gøymt i tekstane. Det kan vera hint som er relativt lette å sjå, som at den fyrste bokstaven i tre påfølgjande liner lagar ordet 'two', eller det kan vera spor som er betre gøymt. Han har lese mykje om middelalderen, og væpna med passar og linjal finn han geometriske figurar som samsvarar med symbol som vart brukte av eit hemmeleg brorskap på Shakespeares levetid. Ved hjelp av desse figurane har han kome fram til at eit eller anna, truleg originalmanuskripta til Shakespeare og levningane av leiaren for brorskapet, er gravd ned på ei øy utanfor Canada.

Det er meir fantasi enn fakta, altså, men for filmen er det fantastisk. Amundsen har selskap av briten Robert Crumpton, som skriv på ei doktorgradsavhandling om Shakespeare. Dei møtest fyrst i Oslo, deretter i England, før filmen sluttar med at dei er på øya i Canada. Crumpton er djupt skeptisk, for å seia det mildt, og det er fascinerande å sjå korleis han fyrst er høfleg til det Amundsen lirar av seg. Deretter vert han irritert, han meiner at dette er rein fantasi, og etter eitt av utbrota hans kjem det ei stor scene, der dei to sit i baksetet av ein bil, kikande ut av kvart sitt vindauga.

Men Crumpton vert meir og meir gripen av det Amundsen fortel. Han kjenner att ei skattejakt når han ser ho, og når dei faktisk gjer interessante funn på øya, vert han nesten mållaus. På det punktet dei skal leita er det eit lite og grunt vatn, og då dei ror utpå og undersøkjer botnen, er det tydeleg at det er noko nede i det grumsete vatnet. Så stoppar filmen, rart nok - kvifor får dei ikkje tak i ein dukkar, som kan fortelja dei kva det er? Kvifor går ikkje ein av dei ut av båten, for å undersøkja? Det låg berre ein god meter under vassflata.

Påstandane til Amundsen verkar som eit relativt vanleg oppkok, der fantasi, geometri, stjernehimmel, mystiske brorskap og litt religion vert blanda saman til ei suppe det er uråd å tru på. Filmen er likevel finfin, det er jo ofte slik at dokumentarfilmar vert gode når dei har gode personar i hovudrollene, og det er stort å sjå korleis Amundsen er heilt avslappa kvar gong Crumpton kjem med innvendingar og spørsmål. Han har alltid eit svar klart, og let seg ikkje lett målbinda.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Shakespeare. The World as a Stage (2007)

5. august 2013

Philipp Meyer: The Son (2013)

Etter å ha lese den glimrande debutboka til Meyer, American Rust, i fjor, hadde eg venta meg langt meir av denne. Her verkar det som om Meyer vil for mykje, og nærmast overvurderer sine eigne evner.

Handlinga er (i hovudsak) lagt til Texas, og spenner over hundreogfemti år. Det er ei slektskrønike, men er samstundes ei historiebok om Texas, og for så vidt om USA. Meyer vekslar mellom tre hovudpersonar. Eli McCullough var fødd i 1836, og som hundreåring tenkjer han attende på livet sitt. Sonen Peter var fødd i 1870, og kapitla hans er henta frå dagboksnotat frå tida rundt 1915. Meyer skriv òg om sonedotter hans, Jeanne Anne; desse kapitla er skrivne i tredjeperson.

Eli er den einaste interessante av desse. Alle tre skil seg ut frå folk rundt seg, men dei to siste vert likevel for livlaust skildra. Jeanne Anne er sjef på garden Eli grunnla, og styrer dermed over eit stort oljeimperium. Ho er altså kvinneleg sjef i ei svært maskulin verd. Peter er nærmast pasifist, og ser samstundes ting frå begge sider - begge desse eigenskapane var nærmast ikkje-eksisterande i Texas då han voks opp. Eli vart kidnappa av comanchar då han var tretten, og budde saman med dei i to-tre år. Han vart indianar i sjela, og overgangen til det kvite samfunnet går ikkje heilt smertefritt. Han vert ein dominerande person, som pregar slekta også etter at han er død.

Det er ei bok utan dei store overraskingane. Det dukkar rett nok opp ein ukjend slektning heilt mot slutten av boka, men det er omtrent alt. Og då har i alle fall eg gått lei. Boka er altfor lang, det som kjem er altfor tradisjonelt og venta, og dette verkar det nesten som om Meyer sjølv er klar over: Mot slutten vert kapitla svært korte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Meyer på kulturguffebloggen
American Rust (2009)

3. august 2013

Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)

Denne boka kom ut i serien "Norske folkeskrifter", som Noregs Ungdomslag og Studentmållaget gav ut. Det er ikkje noko omfattande bok, men stor nok til at ho gjev eit godt bilete av Vinje.

Vislie er ein god biograf, han er ikkje ein av desse som vil skryta den biograferte opp i skyene. Sjølvsagt ser han gode sider ved Vinje, og spesielt diktaren Vinje får mykje skryt. Men han meiner òg at Vinje var så kunnskapsrik at han kunne vorte kva som helst, hadde han ikkje berre vore så strategisk hjelpelaus. Med avisa "Dølen" gjorde han seg til uven med alle. Ikkje berre var språket dårleg likt av mange av dei i hovudstaden som kunne hjelpt han; han skreiv òg kritiske artiklar om fleire av dei. Samstundes skreiv han òg mykje negativt om dei som budde i bygde-Noreg, dei som i utgangspunktet var meir positive til målsaka. Ikkje rart at "Dølen" sleit økonomisk.

Vislie konsentrerer seg om yrkeslivet til Vinje. Det står lite om fjellmannen Vinje, og det står òg lite om vener og anna som høyrde privatlivet til. Biografien er lagt opp strengt kronologisk, med eit godt og avsluttande kapittel til slutt. Der kjem mellom anna dette fantastiske avsnittet om korleis Vinje såg ut: "Han var langleitt og heller ljot; andlitet vart tidleg gamalt og skinnturka, det eine auga noko større enn det andre. Munnen var noko skeiv, og det myrkebrune oftast uflidde skjegget dulde ikkje heilt dette lytet. Dessutan var han lang og ledalaus, skakk og skeiv; i mange aar var han halt, og gjekk gruv og lyfte føterne høgt som gjekk han paa ein heideveg millom store steinar. So brydde han seg heller ikkje um aa hama seg; han gjekk oftast i klæde som ikkje passa, og loslitne og falma var dei som oftast attaat. Han var slengjeleg og slurven, uvyrden og frambærleg, og vanvyrde vanleg folkeskikk, og var soleis lite skikka til aa syna fram det beste av den gamle bondekulturen".

Guffen tilrår.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)