8. oktober 2010

Aasmund Vinje: Lyriske dikt (1910)

Det er rart med det - midt i all denne oppussinga vert det lite lesing. Men når ein sit og ventar på ein handverkar som slit med å halda avtalen, sjølv om det var tidleg på morgonen, kan ein jo lesa ut den boka ein kika litt i i går kveld.

Boka er redigert av Idar Handagard, som òg har skrive merknader til dei fleste dikta. Desse har svært ujamn verdi. Det er sjølvsagt greitt å vita kvar og når dei fyrste gong vart trykt, og om Vinje prenta ulike versjonar av dei ulike dikta. Det som dreg ned nivået på merknadene er alle gongen Handagard fortel kva Vinje tenkte då han skreiv diktet, og kven det heile handlar om. Det kan han ikkje vita for visst, og når lesaren får vita at dette diktet handlar om den og den, reduserer det lesegleda. Ein kjem seg ikkje langt nok inn i diktet, rett og slett. Dessutan verkar det gong etter gong som om Handagard meiner at dikta fortel om verkelege hendingar, men det gjer dei ikkje. Det er ikkje utan grunn at det heiter dikt.

Men det er sjølvsagt dikta som er dei viktige her, ikkje merknadene. Vinje er ein me skal ha respekt for, han var den fyrste som skreiv mykje på landsmål. Ivar Aasen kom sjølvsagt før han, men det meste av det Aasen skreiv, var på dansk-norsk. Frå oktober 1858 gav Vinje ut avisa Dølen, og mange av dikta i boka er henta derfrå. I eit brev frå mars 1858 skriv Vinje at han skriv på ei bok som "er paa mit og I. Aasens Normalsprog". Det vert litt feil å skriva det slik, sidan det var Aasen som utforma landsmålet, men det vert òg litt rett - i 1858 var det ikkje spesielt mange som brukte dette nye språket. Det seier litt, både om diktaremna til Vinje og om språket til Aasen, at Vinje fram til 1870, då han døydde, brukte dette språket til å skriva mange svært fine dikt. I diktinga si er Vinje meir romantikar enn i journalistikken. Dei finaste dikta hans er dei som handlar om born og barndom, og om kjærleik. Slike dikt er det mange av her, men her er òg dikt om mange andre emne.

Guffen tilrår.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar