Eg var vel aldri fast lesar av NME. Eg las det likevel ofte, sånn frå rundt 1980 til midten av 90-åra. Eg likte det altså, det var eit blad som skreiv mykje om den musikken eg likte. Det var likevel eit blad det var lett å gje opp, det var eit blad som verka svært interessert i å vera tidleg ute med nye trendar. Dei hausa opp artistar som var middelmådige, og skreiv gjerne mindre positivt om artistar som var gode, men som hadde vore meir populære og tidsrette nokre år før. Ei tid var det viktig å vera oppdatert på det nyaste nye, men på eit eller anna tidspunkt vart det mindre viktig, og eg gjekk like godt til tidlegare tiår for å oppdaga ny musikk - ny for meg, altså. Kanskje det er slik det er å verta godt vaksen.
NME vart grunnlagt i 1952. Denne boka kom til sekstiårsjubileet, men dekkjer berre tida fram til hundreårsskiftet. Den viktigaste grunnen er at Pat Long ikkje vil skriva om tida han sjølv arbeidde i NME, ein annan grunn er at han finn det vanskeleg å skriva om den aller nyaste historia. Ein tredje grunn er kanskje at NME ikkje er like viktig som det var før, dei har mist mange lesarar til månadsmagasin som Q og MOJO, og dei har mist veldig mange lesarar til Internett.
Det er ei uventa kjedeleg bok. Det vert mykje oppramsing av namn, både journalistar og artistar, og det vert såpass overflatisk at det sjeldan engasjerer. Dei mest fargerike NME-journalistane var aktive i 70-åra, og det er når Long skriv om Nick Kent eller Charles Shaar Murray at boka er best.
Boka prøver å måla eit svært vidt lerret. Det er ei komprimert historie om NME og journalistane der, men òg ei svært komprimert historie om trendar innan rock, i alle sine former. Og det er ei komprimert historie om engelsk musikkpresse. Heile vegen pirkar Long berre i overflata, og det vert berre sånn midt på treet.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
31. august 2013
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar