19. juli 2015

Lars Roar Langslet og Jon H. Rydne: Villmann, vismann og veiviser. En essaysamling om A.O. Vinje (1993)

Denne boka hadde sitt utspring i eit seminar om Aasmund Olavsson Vinje. Fire foredrag derfrå er trykte her, kanskje i lett omarbeidd form, saman med ei rekkje andre essay. Kor mange av desse som er nyskrivne for denne samlinga kjem ikkje fram; nokre er det heilt sikkert, andre er det heilt sikkert ikkje. Her manglar altså litt elementær informasjon, men det er òg omtrent det einaste som manglar. Det er ei fascinerande bok, der dei fleste av essaya er vel verdt å lesa. Det einaste som for meg var på grensa til skivebom var eit av foredraga frå seminaret, der Mette Nygård skreiv om Ferdaminne som ei pilegrimsreise. Det verkar som om ho prøver for hardt; ho ynskjer for sterkt å lesa boka som ei pilegrimsreise.

Vinje var viktig på mange område. Han var ein tidleg nynorskbrukar. Han endra avisspråket. Han var ein samfunnsdebattant som gjerne hadde fleire synspunkt i éi og same sak, og som ser ut til å ha likt å provosera. Han var ein stor lyrikar. Han var ein av dei tidlege fjellvandrarane, og var uvanleg tett knytt til naturen. Essaya er innom alt dette og meir til. Her er uvanleg gode og kloke essay av folk som Sigmund Skard, Asbjørn Aarseth, Halldis Moren Vesaas og Leif Mæhle, for å nemna nokre. Litt repetisjon vert det sjølvsagt, opninga av diktet "Nationalitet" vert til dømes sitert i fem ulike essay.

Her er òg høgdepunkt henta frå skrivinga til Vinje. Det eg likte best var henta frå Dølen. Vinje var til stades på ein studentfest i Nordmannsdalen i København, der ei kraftig regnskur gjorde at folk søkte ly under tre, under buskar, og under borda. Fleire har skrive om festen, og alle skildrar festen som ei fæl oppleving, der det var nærliggjande å ta til tårene. Alle, bortsett frå Vinje. For han er dette ei sterk naturoppleving, for han var dette ei av dei beste stundene i livet hans.

Guffen tilrår.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar