10. april 2022

Toril Moi leser A.O. Vinje (2016)

 

Nasjonalbiblioteket inviterte nokre utvalde personar til å halda foredrag om ein forfattar dei ikkje kjende frå før. Ideen er god, og sjølv om det er nokre år sidan vonar eg at dei held ideen ved like, eller at dei hentar han fram att. Bakpå boka står det grunnleggjande spørsmålet: Har bøkene fremdeles appell, eller har de gått ut på dato?

Toril Moi les ikkje heile forfattarskapen til Vinje, ho konsentrerer seg om Ferdaminni, som jo ikkje er noko dårleg val. Ho er absolutt imponert over det ho les, sjølv om ho òg er skeptisk til noko av det, som kvinnesynet hans. Kvinnene står i bakgrunnen i denne boka (med eitt velkjent unntak), og Vinje var heller ikkje vidare imponert over den intellektuelle kapasiteten til kvinner.

Moi kosar seg gjennom boka. For ho handlar ferda til Vinje mykje om Noreg - kva er dette landet for noko? Kvar går me, kvar har me vore? Slik spørsmål er det kanskje folk utanfrå som kan svara på, og Moi meiner at Vinje er den rette til å gjera det. Sjølv om han var norsk, var han heile tida på utsida. Han er ikkje heime nokon stad, korkje i by eller bygd. Han trivst best som einsam vandrar.

Det er ikkje så lang bok, men Moi tek seg òg tid til å snakka om andre som har skrive om Vinje. Ho har stor sans for Jon Haarberg (Vinje på vrangen, 1985), men er langt meir skeptisk til Sigmund Skard (A.O. Vinje og antikken, 1938). Om Skard, som framleis har skrive den einaste doktoravhandlinga om Vinje, bruker ho uttrykk som "desperat gammeldags", om ei av dikt-tolkingane hans skriv ho at ho oppfattar det som "det rene vanvidd".

Guffen tilrår.  

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar