2. juli 2016

Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)

I 1866, fire år før han døydde, gav Aasmund Olavsson Vinje ut diktsyklusen Storegut. Den er basert på verkelege hendingar, som det heiter, og inneheld fleire av dei godt kjende Vinje-dikta. Seinare tok han til med ein diktsyklus, Staale. Dikta i den syklusen vart prenta i avisa Dølen etter kvart som dei vart ferdige, og dei hentar motiv frå Vinje sitt liv.

Handagard les desse dikta reint sjølvbiografisk. Det kan vera rett å gjera det, men det kan òg vera for enkelt. Der Vinje let hovudpersonen i Staale vera soldat, les Handagard det som eit bilete på ein av dei mange stridane Vinje gjekk gjennom. For det er den tradisjonen han skriv seg inn i - for Handagard vert Vinje ein som sleit seg gjennom livet, medan han arbeidde så hardt han kunne for målsaka.

Boka har tre delar, og vert gradvis veikare. Den siste delen er sett saman av utvalde dikt frå Staale, og her er det uventa lågt nivå. I midtdelen, som er den kortaste, skriv Handagard om Staale-dikta. Den fyrste delen er den beste, her skriv Handagard om livet til Vinje. Noko utfyllande biografi er det ikkje, og det er altså prega av dette offerbiletet som lenge prega tekstar om Vinje (og til dels Aasen, for så vidt), men det gjev eit greitt bilete av livet til Vinje.

Guffen er lunken.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar