12. januar 2023

Riget Exodus (2022)

Den viktigaste grunnen til at eg tok turen tilbake til dei to fyrste sesongane av Riget var at denne tredje (og siste) sesongen var ferdig i fjor. Avslutninga på serien fekk stort sett strålande meldingar, og sidan eg koste meg stort med dei to fyrste sesongane burde jo alt liggja til rette for meir moro. Slik gjekk det ikkje, absolutt ikkje. Dette fungerte ikkje i det heile.

Det er sikkert fleire grunnar til det. Det som vert tydelegast her er kor viktig den svenske dokteren Stig Helmer var i dei fyrste sesongane. Skodespelaren som spelte han, Ernst-Hugo Järegård, er død, og rollefiguren hans er sterkt sakna. Ein annan ting som dreg nivået ned er at det her er endå meir vekt på det okkulte og alt det der. Den aller viktigaste endringa er at humoren er vekke. Der er litt å le av og litt som fengar i dei to fyrste episodane, men i dei tre siste var det ikkje mykje humor. 

Utan denne sesongen ville Riget stått att som ein av dei mest glitrande og originale seriane som er laga. Denne sesongen øydelegg heile ettermålet.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Riget på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1994)
Sesong 2 (1997)

10. januar 2023

Carl Frode Tiller: Det framande landet (2022)

Carl Frode Tiller utvidar forfattarskapen sin med denne boka. Han har tidlegare skrive fleire romanar og nokre skodespel, medan dette er den fyrste diktboka hans. Det framande landet er eit langdikt, og det er ikkje altfor lystig.

Forteljaren i diktet køyrer Amazon, og fortel om det han ser. Noko er reelt, andre ting er henta frå minnet hans. Andre gonger verkar det som om det er andre som snakkar. Eit grunnleggjande spørsmål i diktet er kva i alle dagar me har gjort med denne eine planeten me har.

Det heile er skrive i eit tilgjengeleg språk som bør vera lett å forstå for alle. Som vanleg hjå Tiller er det ikkje langt mellom alvor og humor. Og sjølv om det av og til er noko tungt og resignert over teksten hans, er det ein viss optimisme over slutten på diktet.

Guffen tilrår. 

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Arbeidarhjerte, bok 1 (2024)
Arbeidarhjerte, bok 2 (2025)

9. januar 2023

Tomas Espedal: Lyst (2022)

Det er alltid stas å lesa bøker der forfattaren har eit så presist og poetisk språk. Setningane flyt av garde, alt glir fint og lett, og slik er det som oftast i bøkene til Espedal. Boka er ein roman, men har undertittelen En (En forfatters selvbiografi), og det er, nærmast som vanleg, lett å sjå at Espedal har henta stoff frå eige liv.

Romanen kjem som to separate bøker. Den fyrste, som èr om lag dobbelt så tjukk som den andre, er den beste. Forteljaren i boka, som vekselvis vert kalla "han" og "jeg", veks opp i Bergen. Han veit ikkje heilt kva han vil med livet, anna enn at han vil ut, og gradvis vert draumen om å verta forfattar tent i han. Han skriv den fyrste romanen sin under eit langt opphald i København, samstundes som kjærasten vert att i Bergen. Det handlar altså om skriving, reiser og kvinner, og slik gjer det i store delar av den fyrste boka. Den andre er ikkje like sterk, her kjem det eit par lange parti som ikkje fengar meg like mykje.

Hovudpersonen fortel om korleis han vert forfattar, og det står òg mykje om andre forfattarar. Forfattarar han har møtt og likt, forfattarar han har møtt litt mindre, forfattarar han har lese bøker av. Han les for å læra å skriva, og denne boka viser at han har gått ein god skule. 

Guffen tilrår. 

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)
Elsken (2018)

8. januar 2023

Annie Proulx: Close Range. Brokeback Mountain and Other Stories (1999)

Denne boka kom opphavleg ut med undertittelen "Wyoming Stories". Den siste novella i boka vart filma i 2005. Den filmen er flott og vart ein stor suksess, slik  at det er lett å forstå kvifor undertittelen og omslaget vart enda i seinare opplag.

Det er òg lett å forstå at det var akkurat den novella som vart filma. Her er mange fine noveller, bevares, men "Brokeback Mountain" stikk seg ut. Etter ti noveller der det handlar mykje om, nja, meir tradisjonelle mannsroller, kjem det noko heilt anna. Dei to unge cowboyane Jack og Ennis arbeider ein sommar langt til fjells, vert glade i kvarandre, men innser at dette må dei halda skjult. Og det gjer dei, men dei møtest med jamne mellomrom heilt til Jack vart drepen. Den offisielle versjonen er ei arbeidsulukke, men Ennis skjønar fort at nokon kan ha teke han på fersken med ein annan mann. 

Dei andre historiene er altså ikkje heilt på dette nivået. Fellestrekket, slik det jo går fram av den opphavlege undertittelen, er at handlinga er lagt til Wyoming. Nokre er lange, andre er uvanleg korte, men alle handlar om kvinner og menn i det heller rurale Wyoming. Fleire av historiene har noko nostalgisk ved seg.

Guffen tilrår. 

4. januar 2023

Riget, sesong 2 (1997)

Fire nye episodar, og det er like artig som sist. Alle hovudpersonane skrur seg sjølv opp til elleve, og det same gjer manusforfattarane. Det er enormt mykje å le av, og det er vel spesielt knytt til den svenske dokteren Stig Helmer. Det er framleis vanskeleg å lika han, han er fly forbanna på dette landet han han har busett seg i, og han kvir seg ikkje for å seia det både høgt og lågt.

Også dei okkulte sidene ved serien vert maksa ut, heldigvis med minst eitt glimt i auga. I tillegg til dei mange åndene som kom seg ut frå holet i muren var det òg ein demon. Han er far til det nyfødde barnet til ein av dokterane, og det barnet veks rimeleg raskt. 

Så eg smiler og ler. Det heile har rett nok ein litt rar slutt, spesielt av di det ikkje kom ein sesong tre før (altfor) lenge etterpå. Her er mange uavklara spørsmål, så det verkar opplagt at von Trier hadde planar om å laga minst ein tredje sesong. Fleire av dei sentrale skodespelarane døydde, og det tok difor 25 år før den tredje sesongen kom. (Sidan eg er i gang med parentesar - det er jo òg rart at det berre er fire episodar i kvar sesong. Medrekna dei fem episodane i den tredje og siste sesongen er det berre tretten totalt, og det er jo ikkje uvanleg at det kan vera så mange episodar i éin sesong i ein ny serie.)

Guffen tilrår. 

Meir Riget på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1994)
Exodus (2022)

3. januar 2023

Better Call Saul, sesong 5 (2020)

Det er framleis stigning i denne serien. Det vert meir og meir kriminalitet og mindre og mindre rettsaker og advokat-nytt. Serien har for lenge sidan slått fast at Jimmy McGill/Saul Goodman er ein advokat som bruker all slags triks, også ulovlege, og då treng me ikkje like mange rettsaker. 

Der er rett nok litt kontakt med Howard Hamlin frå firmaet HHM. Han tilbyr Goodman arbeid. Goodman dreg heile tida på det, sjølv om det er opplagt at han er uinteressert. 

Goodman vert meir og meir involvert i Salamanca-familien sin handel og vandel. Lalo, den fascinerande psykopaten som dukka opp sist sesong, har tru på Goodman, og engasjerer han som advokat. Han er stornøgd med at Goodman får ordna det slik at Lalo kan sleppa ut mot kausjon. At kausjonen berre er på sju millionar dollar er ikkje noko problem. Det vert nok litt problematisk for Goodman då han må henta pengane, men heldigvis finst Mike.   

Det er ein vellukka sesong, der òg Hank og Gomez dukkar opp. Sesongen sluttar med to cliffhangerar: Saul og Kim legg planar for å herja så mykje med Howard Hamlin at den gode, gamle Sandpiper-saka vert avslutta, slik at Saul får alle millionane han er lova. Og Nacho prøvde å få Lalo drepen. Det gjekk ikkje, så det er opplagt at det vert bråk i neste (og siste) sesong.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

2. januar 2023

Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)

Ei heilt grei bok, med mykje gamalt (for nokre av oss), men òg mykje nytt. Weir er pensjonert historieprofessor, og det er vel der han fører inn noko nytt: Han ser seg gjennom dei 13 Marx-filmane, og prøver å forklara og forstå dei ut frå tida dei kom ut. 

Det vil seia at han forklarar vitsar som i dag kan vera aldeles uforståelege, av di dei var kommentarar til samtidige hendingar eller til samtidige filmar. Han gjev oss òg innsiktsfulle forklaringar på kvifor Cocoanuts (1929) handlar om eigedomshandel i Florida, osb. Han viser til scener og vitsar som i dag aldri ville vore laga, og forklarar at grunnen til at dei fekk passera var at det var ei anna tid. Her handlar det dels om korleis svarte og indianarar vert omtala og vitsa med, dels om kva slags kvinnesyn dei la fram, og dels om andre ting. 

Så flettar han òg inn litt biografi, og han fortel om sjølve produksjonen av filmane. I dei delane er det lite nytt (for nokre av oss), men han viser ofte til ei bok eg ikkje har lese, så det er fare for at eg må ut og handla igjen. 

Her er uventa mange feil, både reine faktafeil og namnefeil. Forfattaren Charlotte Chandler (som han ofte viser til) heiter éin stad Carolyn. Namnet Gardner er stava på to ulike måtar på tre liner. Weir hevdar at Too Many Kisses, ein film Harpo spelte i i 1925, er gått tapt, men det må då vera minst førti år sidan nokon oppdaga ein kopi. Weir reknar seg òg fram til at frå 1929 til 2009 er det nitti år. Og så vidare.

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)