14. august 2012

Tomas Espedal: En vill flukt av parfymer (1988)

Det er sjølvsagt dumt med alle desse bibliotekfilialane som vert nedlagde rundt om. I Gjemnes på Nordmøre, der eg rett som det er er på tur, er det no berre eitt bilbiotek (trur eg). Etter at dei andre avdelingane vart nedlagde for ein del år sidan fann Øre Bygdelag ut at dei ville ha bøker til utlån i eit greitt eigna lokale, men då dette huset vart selt for nokre år sidan, vart òg dette uoffisielle biblioteket nedlagt. Det er dumt, men har òg nokre gode sider: Bøkene vart selde på billegsal, og me nytta høvet til å kjøpa endå fleire kasserte bibliotekbøker.

Denne boka, som er debuten til Tomas Espedal, var ei av dei. Det siste året (og vel så det) har eg lese tre av dei nyare bøkene hans, og eg har likt dei, alle. Denne er ikkje like god.

Hovudpersonen er ein wannabe-forfattar som bur nokre månader i Roma. Det vert lite skriving, det vert stort sett drikking og damer. Det er fleire lause forhold, men han vert forelska i ei av damene han møter. Dei er litt i lag, dei bur litt i lag, men der er heile tida ei kjensle av det ikkje kjem til å vara så lenge. Han skjønar òg at ho har nær kontakt med andre menn, og det er her det sentrale i romanen er. Espedal skriv om tilhøvet mellom kjærleik og sjalusi, om korleis det at andre vil ha ei du eigentleg har gått lei av kan gjera deg så sjalu at du likevel vil ha ho.

Espedal skriv godt, og her er mange fine setningar og avsnitt. Alt i alt vert det likevel berre sånn midt på treet. Her er mange dialogar, kanskje for mange, og mot slutten kjem det nokre sider der han prøver ut skrivestilar som ikkje passar han. Nokre avsnitt står utan punktum (men med stor bokstav der neste setning tek til). Nokre stader skriv han berre nokre ord på kvar line - teksten kan likevel lesast meir som prosa enn poesi. Desse variantane verkar berre malplasserte.

Guffen er lunken.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
Hun og jeg (1991)
Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)
Elsken (2018)
Lyst (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar