15. oktober 2010

Litteratursymposiet, Odda (14.10.2010)

Det sprett opp arrangement av denne typen overalt, og det er bra. Frå Voss kan me nå tre mindre litteraturfestivalar, som alle vert arrangerte inst i fjordarmar, i Flåm, Ulvik og Odda. Dette var fyrste gong me var på symposiet i Odda, og det gav meirsmak.

Me var der berre ein dag. Alt me var med på var ikkje like godt, men slik skal det heller ikkje vera på festivalar. Du skal prøva ut nye ting, av og til fell det i smak, andre gonger kan det vera det same. Det fine med desse mindre, lokale festivalane er at dei fører fleire inn i litteraturen, og viser fleire kva litteratur kan vera. Då eg var på poesifestival i Ulvik for eit par år sidan, hadde eg ei kjensle av at mange i publikum ikkje visste mykje om poesi, at dei sjeldan var med på slike tilstellingar, men at dei hadde godt utbyte av å vera der.

For vår del opna programmet med at Einar Økland og Kjartan Fløgstad snakka om diktaren og skodespelaren Claes Gill, som vart fødd i Odda for hundre år sidan. Gill var ukjend for meg, men spesielt Fløgstad fekk fram kvifor det kan vera verdt bryet å lesa dei to diktsamlingane Gill gav ut.

Eit poesiarrangement, der fire poetar las dikt,var svært ujamt. Terje Thorsen var bra, Gunnar Wærness var tidvis bra, medan Kristin Berget las så teatralsk og kunstig at det som måtte vera der av poesi forsvann i den irriterande opplesingsteknikken. Foredraget til Gunnhild Øyehaug, der ho snakka om drit i litteraturen, vart ein nedtur. Det vart for seriøst, og for lite livleg, eg hadde venta meg mykje meir av ein så god forfattar.

Eit program om boksing og litteratur fekk me òg med oss, mest av di det var del av ein billettpakke for resten av kvelden. Tomas Espedal var god, Beate Grimsrud middels, medan foredraget Cathrine Sandnes heldt om Mike Tyson var heilt malplassert. For ein som meg, som er djupt skeptisk til ein idrett der folk slår laus på kvarandre, var det lite å henta.

Resten av kvelden var det Frode Grytten det handla om. Fyrst snakka han, Thorsen og Kyrre Andreassen om forfattarskapen hans. Det var tydeleg at dette var noko Grytten likte dårleg, og han var generelt lite interessert i å snakka om eigne bøker og tekstar. Han fortalde meir om arbeidet etter tekstane, ville heller dra små anekdotar frå livet sitt, og kvikna mest til då han snakka om dei oppdikta personane sine, som Arne Speed Mikalsen og Arne Hesjedal. Samtalen var likevel svært god, både Thorsen og Andreassen hadde mange gode og vesentlege poeng. Det vart til dømes snakka om korleis Grytten har mykje empati med dei han skriv om, og korleis han er ein heilt annan når han skriv avisartiklar og reportasjar, då er punkaren i han meir synleg.

Det siste innslaget var musikalsk. Det er ein vanleg trend at band spelar gjennom heile album, men her tok Grytten og tre medmusikantar det eit steg lengre. Han hadde gjendikta The Smiths-albumet The Queen is Dead til Oddadialekt, medan gitaristen i bandet, Mads Berven, hadde skrive nye melodiar. The Queen is Dead er eit veldig engelsk album, men Grytten hadde gjort det til eit norsk, og rett som det var som eit oddask, album. Der originalen opnar med strofene "Take me back to dear old Blighty", opna konserten med eit opptak av "Norge i rødt, hvitt og blått". Av og til var det snakk om omsetjingar, men oftast var det gjendikting. Der Morrissey i 1986 snakka om eit England i forfall, snakka Grytten om eit Noreg anno 2010 i forfall. Ein glimrande konsert.

Så det var ein fin dag, men der var likevel litt å trekkja for. Det tekniske burde vera langt betre, både under Gill-samtalen og den siste konserten var det altfor svakt. Dei fyrste tjue minutta av konserten nytta Berven eit kvart høve til å vinka til lydmiksaren, for å seia at han ville ha litt bass og trommer i monitor. Etter ei stund gav han opp, utan å ha fått den lyden han ville. Marit Eikemo, som er festivalsjef og som set saman veldig gode program, burde ikkje vera så mykje på scena sjølv. Ho hadde dårlege introduksjonar og takkar før og etter innslaga, der orda "utruleg" og "usannsynleg" florerte, og ho fungerte òg dårleg som leiar for samtalen om Grytten.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar