30. desember 2022

Riget, sesong 1 (1994)

Det er litt vanskeleg å plassera denne serien i ein kategori. Det er svært mykje å le av, men det er ikkje ein humorserie. Det heile går føre seg på eit sjukehus, men det er ikkje ein typisk sjukehusserie. Det handlar litt om spøkelse, men det er ikkje ein spøkelsesserie. Her er òg ting å verta skremt av, i alle fall for sarte sjeler. Kanskje det enklaste er å seia at det er det motsette av Seinfeld - nokre meinte (rett nok feilaktig) at den serien handla om ingenting - og seia at dette er ein serie om alt.

Serien er svært underhaldande, mest på grunn av dei mange artige karakterane. Fru Drusse er heile tida innlagt på sjukehuset - ho lyg på seg sjukdommar som gjer at ho kan finna ut meir om dei mange spøkelsa ho trur finst på sjukehuset. Son hennar arbeider på sjukehuset, og vert motviljug med på alt mora bed om. Ein rav gal dokter treng ei sjuk lever for å koma vidare i forskinga si, og greier å overtala dei andre til å operera inn ei sjuk lever i kroppen hans. Ein anna dokter driv ein slags svartebørs. Dei to i oppvasken veit om alt som skjer i heile huset, men held det for seg sjølv. Son til direktøren er i praksis på sjukehuset - han er aldeles uinteressert i faget, men liker (minst) ei av dei som jobbar der svært godt. Ein annan legestudent toler ikkje å sjå blod. 

Så det er mykje å ta av, og den beste av alle er den svenske dokteren Stig Helmer. Han er dårleg i faget sitt, men meiner at alle må sjå opp til han. Mest av alt vil han tilbake til Sverige, men han kan ikkje reisa før han får ordna opp i klagesaka frå foreldra til ei jente han har øydelagt under ein hjerneoperasjon.

Det er finfine greier. Eg såg serien då han gjekk på fjernsyn i gamle dagar, men likar han like godt no. Kanskje betre - eg ler i alle fall meir no. Trur eg.

Guffen tilrår. 

Meir Riget på kulturguffebloggen
Sesong 2 (1997)
Exodus (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar