21. september 2013

Tomas Espedal: Bergeners (2013)

Ingen skriv slike bøker som Tomas Espedal. Han skriv glimrande, språket kan vera både hardt og mjukt. Han hentar mykje stoff frå eige liv, og skriv relativt sjølvbiografisk. Han skriv mykje om seg sjølv og oppveksten sin, han skriv om folk han kjenner, han skriv om reising.

Ordet "skriv" vart visst brukt ofte i det fyrste avsnittet her, men det passar for så vidt godt. I boka skriv Espedal òg mykje om skriving. Korleis arbeider forfattarar? Han vitjar ein forfattar i Italia (eller var det Frankrike?), som kjøpte ein heller isolert gard, der han trudde han ville få skriva godt. Det fungerte ikkje. Espedal prøver sjølv å skriva i skriverommet forfattaren hadde laga, og får det heller ikkje til.

Då skriv han langt betre i hotellrom. I løpet av boka er han innom ei rekkje slike. Av og til er han tung til sinns, men både inngangen og utgangen av boka er meir prega av optimisme. Det opnar med at eg-personen og Janne er på tur til New York, der han stortrivst, og er glad for å vera på tur med Janne. Etter nokre sider gjer ho det slutt. Boka sluttar med to av dei flottaste tekstane i boka, der ein mann og ei kvinne, som truleg har vore kjærastar tidlegare, tilfeldigvis tingar rom på det same hotellet i Berlin.

Kanskje det er brotet med Janne som gjer eg-personen så rastlaus, og sender han vidare rundt om i Europa. Boka har mange korte tekstar, i ulike sjangrar - her kan gjerne koma eit dikt eller to innimellom prosatekstane. Forlaget kallar det ein roman, så då er det vel det det er, men det verkar like mykje som ei novellesamling. Uansett er det ei finfin bok.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Mitt privatliv (2014)
Året (2016)
Elsken (2018)
Lyst (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar