29. august 2026

Keith Cameron: 168 Songs of Hatred and Failure. A History of Manic Street Preachers (2025)

Det walisiske bandet Manic Street Preachers dukka opp seint i 1980-åra. Eg fekk aldri sansen for dei - dels av di dei kom med ei rekkje utsegner som opplagt berre handla om å provosera, dels av di musikken ikkje gav meg noko som helst. Det einaste eg likte var å lesa intervju med dei - dei var opplagt langt meir oppegåande enn mange andre band på den tida. Dei hadde lese mykje - eit par av dei hadde til og med studert på universitet, og dei framstod rimeleg sympatiske i desse intervjua.

Denne boka er ein bandbiografi, der Cameron skriv om litt over helvta av songane bandet har spelt inn. Han stoppa på 168 av di bandet meinte at den perfekte popsongen vara i 168 sekund. Denne vinklinga er god, men òg litt krevjande for oss som ikkje kjenner songane han skriv om. 

Nokre songar, stort sett i den fyrste halvdelen av boka, får lang omtale. Det handlar om ting som skjedde rundt bandet, men etter kvart går song-omtalane over til å handla mest om akkurat den songen. Den vanlege arbeidsmåten var at Nicky Wire og/eller Richey Edwards skreiv tekstar som James Dean Bradfield og/eller Sean Moore sette musikk til. Det er interessant å lesa om korleis dei fann inspirasjon til songane, anten det var politiske hendingar eller litterære referansar, og det strekar under at dei er eit oppegåande band. Utdraga frå tekstar er likevel ikkje så imponerande - mange av desse er berre middels og vel så det. 

Guffen tilrår.

26. august 2026

Olav Duun: Sigyn (1913)

Denne romanen er eit framhald av Nøkksjølia, som kom tre år tidlegare. Den boka slutta med at Sigyn og Elias kjøpte garden Nøkksjølia, sjølv om han hadde odel til storgarden Brønnes. Dei to er gifte, og frå før har ho sonen Kristian.

Sigyn og Elias har vel ikkje det beste forholdet. Dei går nokolunde godt overeins, men det er tydeleg at ho har eit langt betre auge til tannlækjaren Rosendal. Ho er fleire gonger til byen for å få behandling hjå han, og han er òg av og til på vitjing i bygda deira. Ho har òg mykje kontakt med Thekla, som ho gjekk på skule med for nokre år sidan. Gjennom boka er Sigyn tettare knytt til andre enn ektemannen. Boka sluttar likevel med eit stor vending - dei to flyttar likevel til Brønnes, og brått er tilhøvet deira langt betre.

Denne vendinga kjem litt uventa. Det er jo eigentleg heilt greitt, men det verkar lite truverdig. Andre delar av boka er òg seige og lite spanande, og fleire av karakterane er lite engasjerande. Dette er nok ikkje den sterkaste av romanane til Duun.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. august 2026

Harper Lee: The Land of sweet Forever (2025)

Harper Lee gav eigentleg berre ut éi bok medan ho levde. To Kill a Mockingbird vart ein stor suksess. Lee var 34 år då boka kom ut, og sjølv om ho levde til ho vart 90, var den einaste andre boka som kom ut i levetida hennar, Go Set a Watchman, nærmast ei tidlegare utgåve av Mockingbird

I denne boka er det samla åtte noveller og åtte andre tekstar. Nokre av dei har vore publisert tidlegare, men her kjem dei i bokform for fyrste gong. 

Boka har eit informativt og vesentleg føreord, skrive av Casey Cep. Cep fortel om arbeidet for å finna desse tekstane. Novellene er grupperte etter tema - fyrst kjem tre som handlar om oppvekst, så kjem det tre med handling frå New York. Av og til ber dei preg av å vera tidlegare arbeid, men jamt over er det fine noveller. Dei er skrivne i det same lågmælte språket som Mockingbird, også når dei tek opp store og viktige tema.

Dei andre tekstane er kortare sakprosatekstar. Lee fortel mellom anna om når ho er på filmsettet til Mockingbird, og ho skriv varmt om den gode venen Truman Capote. 

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
To Kill a Mockingbird (film, 1962)
Go Set a Watchman (2015)

13. august 2026

Merethe Lindstrøm: Om tingenes natur (2025)

Eg-forteljaren, Julie, er forfattar. Ho skriv rimeleg gode bøker, men det ber seg ikkje økonomisk: For å overleva vaskar ho heime hjå ein del folk, samstundes som sambuaren hennar noko motvillig køyrer buss. Det er ikkje mykje velstand å snakka om - dei bur i dårlege hus, dei kan ikkje betala rekningane sine i tide, og dei har ikkje alltid nok mat.

Mykje av romanen handlar om dei formative åra i oppveksten hennar. Ho reiste mykje, ofte saman med ein tysk kjæraste. Han var frå ein velståande familie, men hoppa av legestudiet av di han ville verta pianist. 

Merethe Lindstrøm skriv fantastisk. Her er (som vanleg) eit godt og flytande språk, fullt av fine metaforar og stillferdige påfunn. Det er ikkje lett å referera handlinga i ein slik roman, men det er kanskje heller ikkje meininga. Det er ei bok om sakn, om kunst, om det å høyra til ein stad. Og det er kanskje ei bok om å vera forfattar.

Guffen tilrår. 

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)

12. august 2026

Johannes Gjerdåker: Levande landskap (1999)

Johannes Gjerdåker var ein av dei store lokalhistorikarane frå Voss. Han skreiv mange bøker om jubilerande lag og verksemder, han var med på skriva gards- og ættesoger, og han skreiv ei glimrande ålmennsoge i to band. Denne boka var òg ei slags jubileumsbok, men her var det jubilanten som kom med gåva: Vekselbanken fylte 100 år, og fekk laga ei bok som handla om korleis vossabygda hadde endra seg i den perioden. 

Det opnar med eit kapittel om Vossavangen, før dalføra som går ut frå Vangen får sitt eige kapittel. Det handlar ikkje berre om Voss kommune, rutene går til Granvin (som då var eige herad) og til Gudvangen (som ligg i Aurland). 

Det er heller korte tekstar; Gjerdåker er innom mange emne. Men det er gode tekstar, og dei inneheld mykje verdfull informasjon. Med litt godvilje kan ein kalla denne boka ei ålmennsoge i miniatyr, og her finst fleire døme på at to-tre setningar i denne boka seinare er vorte heile artiklar i den lokalhistoriske årboka Gamalt frå Voss

Så det er ei flott bok, og noko av det mest gledelege er at boka er så rikt og flott illustrert. Slik er det vanlegvis ikkje i dei lokalhistoriske bøkene til Gjerdåker, men her er det altså illustrasjonar - både nye, gamle og sjeldne.

Guffen tilrår. 

10. august 2026

Nonnas (2025)

Dette var vel den eine gongen i året at heile hushaldet samla seg om ein film. Smakane sprikar, slik at dette vart eit kompromiss ingen var heilt nøgde med.

Filmen er basert på ei sann soge: Italiensk-amerikanske Joe Scaravella har nett mist mor si. Han arvar ein del pengar, og finn ut at den beste (og mest optimistiske) måten å heidra mora på er å opna ein restaurant. Han har ikkje noko røynsle med dette, korkje å driva ei verksemd eller å jobba på restaurant, men løysinga hans er sjarmerande: Han inviterer bestemødrer, nonnas, til å laga heimelaga mat på kjøkkenet. Han tilset fire nonnas. 

Det heile går til pises. Bortsett frå slekt og vener får dei ingen gjestar, og Joe får heller ikkje napp hjå matjournalistar. Han vert motarbeidd av lokale folk på Staten Island, og til slutt må han innsjå at han må stengja dørene. Men sidan dei har mykje ferdiglaga mat inviterer han kreti og pleti til eit siste ope hus. Og - under over alle under - ei av dei som kjem er ein matjournalist, og ho skriv så varmt om maten og restauranten at alt likevel ordnar seg.

Grei tidtrøyte framfor skjermen. Nja, for så vidt, sjølv om du neppe får lettare underhaldning enn dette. Og eg er stor tilhengar av å sjå filmar fleire gonger, men her trur eg ikkje det vert aktuelt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

9. august 2026

Iain Key (red.): Billy Bragg. A People's History (2025)

Billy Bragg er vel ein av desse artistane eg likar godt, utan at eg kjenner musikken hans i detalj. Dei tre-fire fyrste platene hans var finfine, og eg var på konsert med han to gonger seint i 1980-åra, men eg datt litt av utover 1990-åra. I gamle dagar var det stort sett berre han og gitaren, seinare har han òg hatt med seg fleire på scena. Han er sosialist, og mange av songane hans er sterkt politiske. Men han skriv òg varme songar om kjærleik og nærleik. Konsertane hans er ein blanding av musikk, politikk og humor - han er ein god forteljar, og han kan vera hylande morosam.

Han har mange trugne fans, og i denne boka kjem meir enn 700 av dei til orde. Boka er kronologisk lagt opp, slik at desse 700+ tekstane oftast er knytte til konsertar. Av og til kjem Bragg sjølv inn med forklaringar og opplysningar, men stort sett er det altså fansen som skriv. Og dei skriv godt - fabelaktig godt. 

Nokre få av desse stykka er rett nok enkle, av typen "eg har likt Bragg i mange år, eg har alle platene og har vore på mange konsertar, og eg synest at han er flink". Men stort sett er dei gode, og mange av dei er både varme og rørande. Svært mange nemner songen "Tank Park Salute", ein song Bragg skreiv etter at far hans døydde, og dei fortel om korleis tårene strøymer når den songen vert framført live. Ein annan song som ofte vert nemnt er "A New England", med refrenget "I don't want to change the world/I'm not looking for a new England/I'm just looking for another girl". Ei kvinne fortel om ein konsert ho var på saman med eks-mannen. Han song med på alle songane, men ikkje denne. Ho spurde kvifor, og han sa at "he was not looking for a new girl". Ho skriv vidare at "That was probably the most romantic thing he ever said to me in the 16 years I wasted with that motherfucker".

Men det som verkeleg gjer desse tekstane gode, er at dei viser korleis Bragg er. Han snakkar med alle, og han gjer det av di han likar det. Han kjem alltid ut i salen etter konsertar og snakkar med dei som vil. Han gjev gode råd, han kjem med gode replikkar, og han gjev gjerne ein raus klem til dei som treng det. Han framstår svært folkeleg, og det er jo òg gledeleg at han står fast ved dei politiske ideane som prega han i ungdommen. Eg fekk lyst til å gå på ein Bragg-konsert igjen ein gong, og eg vonar at det let seg gjera.

Guffen tilrår. 

8. august 2026

On the Waterfront (1954)

Sommaren 1988 budde eg i Breckenridge, Colorado. Der var det ein filmfestival. Dei viste stort sett nyare filmar, men dei viste òg denne filmen, og sjølvaste Karl Malden var der for å snakka litt, både før og etter filmen. 

Eg hugsar filmen som eitt av høgdepunkta under festivalen, og eg likte filmen også no, men det er kanskje ikkje så altfor originalt. Det handlar om hamna i Hoboken, New Jersey, der ei sterk fagforeining styrer alt som skjer, omtrent slik mafiaen ville gjort det. Hovudpersonen, Terry Malloy (spelt av Marlon Brando), er på lag med leiaren for fagforeininga, men han passar berre delvis inn. Då han vert lurt til å vera med på mordet av ein potensiell tystar, leiar han i staden eit opprør mot foreininga, assistert av Edie Doyle (dotter til han som vart drepen) og presten Barry (spelt av Karl Malden). Så kjem det litt vald og slåsting, før det kjem ein passeleg happy ending.

Det er altså ein fin film, men det vert litt lite originalt, av og til vert det nesten klisjefullt. Måten Malloy stavrar seg fram mot slutten er nesten pinleg. Det er òg ein film der det omtrent berre er menn - Edie Doyle er den einaste kvinna med ei nokolunde stor rolle. På den andre sida er Brando rimeleg stor i denne filmen, som vel var ein av dei fyrste filmane hans.

Guffen tilrår.

4. august 2026

Knut Hamsun: Redaktør Lynge (1893)

Etter to glimrande Hamsun-romanar fell nivået litt her, men ikkje verre enn at boka er vel verdt å lesa. Her er rett nok ikkje så mykje av blodets hvisken eller benpipenes bønn her, men likevel.

Det handlar i hovudsak om, Alexander Lynge, redaktøren i venstre-avisa Gazetten. Han ser seg sjølv som viktigare enn han er. Han vil gjerne setja dagsorden, men er eigentleg mest oppteken av å selja aviser og å tena pengar. Han har mykje makt som redaktør, men er like lite populær, og han er slettes ikkje så sjarmerande som han trur han er. 

Det handlar òg om den nokre meir høgre-orienterte familien Ihlen, og folk i omgangskrinsen deira. Det er ei viss overlapping med redaktøren, og denne overlappinga opnar med at sonen i familien får trykt ein artikkel i Gazetten, før han får fast jobb. Han er ikkje godt eigna for avisarbeid, men det er ikkje det viktige for Lynge - det handlar meir om at han her kan få kontakt med ei av døtrene i Ihlen-familien.

Hamsun nytta minst éin levande modell i boka, ser eg på nettet, og det kan henda at dei som las boka då ho var fersk fann fleire spark og stikk til samtida. Uansett - det er ei heilt grei bok.

Guffen tilrår.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

2. august 2026

Girl Climber (2025)

Denne filmen handlar om den amerikanske klatraren Emily Harrington. Ho har ein draum: Ho vil verta den fyrste kvinna som klatrar ruta "Golden Gate" på El Capitan i Yosemite på under 24 timar. Tre andre kvinner hadde klatra andre ruter i den same fjellveggen på under 24 timar, men ikkje denne. Det er ei krevjande rute - fjellveggen er over 900 meter høg. Heller ikkje mange menn har klatra ruta på så kort tid - viss eg forstår internett rett var det maks fem. Harrington er ambisiøs, så sjølv om ho mislukkast nokre gonger prøver ho igjen. Filmen får ein happy ending. 

Det er ein fin film. Klatring er ein av idrettane der det er opplagt at kvinner og menn konkurrerer kvar for seg, og det handlar dels om rekkjevidde. Langs ruta har Harrington merka seg ut fem krevjande taulengder, og i den eine av desse, ei sprikk (skorstein), er det vanlege trikset å kila skorne fast mellom sidene av skorsteinen. Harrington har ikkje store nok sko her, men ho finn ei løysing: Ho tek på seg eit ekstra par sko på dette strekket. Ho klatrar saman med legendariske Alex Honnold, som tørt kommenterer at dette er noko nytt i klatresoga.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
(2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)

28. juli 2026

Øystein Hellesøe Brekke: Kontoret. Hanseatens historie (2024)

Det handlar om hanseatane, eit handelsnettverket som med utgangspunkt i Tyskland hadde mykje makt over handelen i nord-Europa i fleire hundre år. Til Bergen kom dei rett etter Svartedauden, og denne boka fortel (i hovudsak) om historia til dette Kontoret i Bergen. Men det er uråd å fortelja den historia utan å sjå til andre byar og til politikk og maktkamp i dei nord-europeiske landa, og der ligg kanskje grunnen til at alt i boka ikkje fengar like mykje: Det vert veldig mange namn og kongar og hendingar å halda styr på.

Hanseatane som kom til Bergen utvikla eit eige, lite samfunn i byen. Dei fylgde ofte sine eigne lover, og dei var det mange av. Dei prøvde å ikkje velja side i dei mange usemjene og krigane mellom Sverige og Danmark-Noreg. Mange av dei vart svært velståande, og dei som ville klatra på den hanseatiske rangstigen måtte gjennom rare ritual: Eitt av dei mest uventa kapitla handlar om opptaksprøvane aspirantane måtte gjennom. Det heile minner mest om ei noko seriøs russefeiring.

For oss som har budd i Bergen er dette ei grei innføring i kva hanseatane stod for. Men det er ikkje ei bok som sprudlar, og av og til vert det altså litt for omfattande.

Guffen er lunken.

26. juli 2026

The Odyssey (2026)

Dikt-eposet (eller epos-diktet?) Odysseen er, som alle veit, ein av hjørnesteinane i litteraturhistoria. Det er (truleg) nærare 3000 år gamalt, det skal vera skrive av Homer, og det finst ei lang, lang rekkje av omsetjingar. Arne Garborg sette det om til nynorsk, og dette var den fyrste norske omsetjinga. Boka kom ut i 1918. 

Det har òg vore filma fleire gonger. Denne nyaste filmen er like episk som ein kan venta det - filmen varar bortimot tre timar, og her er ikkje spart på konfekten. Her er store krigsscener, her er storslegne landskap, og det er òg solid skodespel. Eg var noko usikker på om filmen var noko for meg, men eg hadde fine timar i kinosalen.

Odyssevs, som er konge i Ithaka, har vore heimefrå i tjue år. I filmen vekslar mellom det han har opplevd, og det som skjer i Ithaka. Der går mange ut frå at han er død, og kona hans har mange friarar. Han er ein son som har rett til å arva trona, men han er sett på som ein pusling. 

På reisene sine opplever Odyssevs mykje. Filmen opnar med det kjende gjennombrotet i krigen om Troja, der Odyssevs og mennene hans kjem seg inn i byen ved å gøyma seg i ein trehest. Etter denne vinsten tek han ein omveg heim, og møter mellom anna sirener, monster og ei trollkone, i tillegg til at han må innom dødsriket Hades.

Det er fengande, og det er bra. Me veit jo (omtrent) kva som skal skje; me veit at Odyssevs overlever alt han er ute for og at han kjem til å koma heim for å ordna opp, men det er likevel ein høveleg spanande film.

Guffen tilrår. 

22. juli 2026

John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)

John Lennon gav ut to bøker midt i 1960-åra. Bøkene har relativt korte tekstar, oftast humoristiske og prega av stor interesse for ordspel, og tekstane er illustrerte med fantasirike teikningar. Den fyrste boka vart ein braksuksess, medan den andre, som kom året etter, ikkje vart like populær. Ein viktig grunn til det var truleg at den fyrste stod for noko nytt, medan den andre var rimeleg lik den fyrste.

Denne boka kom ut seks år etter at Lennon vart drepen, og inneheld tekstar han skreiv i 1970-åra. Her er blinkskot her òg, men det er langt mellom dei. Her er mykje av det same som i dei to fyrste bøkene, slik at eg får ei kjensle av at dette har eg lese før.

Unntaket er dei fire tekstane som opnar boka. Dei vert presenterte under den felles overskrifta "The Ballad of John and Yoko", og der fortel Lennon om korleis han møtte Yoko Ono, korleis det var mot slutten av The Beatles, og kva han og Ono dreiv med i åra rundt 1970. Det er korte tekstar, men desse var like fullt dei langt mest interessante i boka.

Guffen er lunken. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
(2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

18. juli 2026

Untold: Chess Mates (2026)

Gode dokumentarfilmar bør fortelja ei god historie, men dei bør òg ha (minst) éi uventa vending. Slik er det absolutt her, og denne filmen fenga meg heile vegen. 

Den unge amerikanaren Hans Niemann vart eit nett-fenomen i sjakkverda. Han viste langt meir kjensler enn andre, og var òg ein habil spelar. Ikkje heilt i verdstoppen, men på eit nivå rett under. Han var best i nettsjakk, og noko mindre god i fysisk sjakk. Under ei turnering i USA rundspelte han Magnus Carlsen. Carlsen er ikkje den beste taparen i verda, men vanlegvis er han irritert på seg sjølv. Denne gongen retta han skytset mot Niemann: Carlsen trekte seg frå resten av turneringa, og la ut ei melding som gjekk langt i å skulda Niemann for juks. Niemann vedgjekk seinare at han hadde juksa i 30-40 spel i nettsjakk, men det var lenge sidan. 

Andre store sjakkspelarar støtta Carlsen, og Niemann vart i stor grad frosen ut. Heilt til den store nettstaden chess.com ville finna ut om Niemann faktisk hadde juksa. Dei har gode apparat for å fanga juksarar på nettstaden sin, og prøvde ut dei same metodane på dei fysiske spela til Niemann. Og det er her den gode vendinga kjem inn: Dei fann ikkje noko prov på juks. 

Her er nye intervju med Niemann, Carlsen, far til Carlsen, leiarane av chess.com, og storspelaren Hikaru Nakamura. Det er ikkje tvil om at Niemann er den minst sympatiske av desse, han er arrogant og litt for sjølvsikker, men samstundes er det hjå han sympatien vert liggjande. Han snakkar om at dei etablerte sjakkspelarane har så stor respekt for Carlsen at dei automatisk støtta han, og at dei difor laga ein felles front mot Niemann. Den fronten finst framleis, sjølv om han altså vart frikjent for juks.

Guffen tilrår. 

17. juli 2026

In Restless Dreams: The Music of Paul Simon (2023)

Ein lang, roleg og fin film. Det handlar dels om innspelinga av Seven Psalms, plata Paul Simon gav ut i 2023, og dels om heile karriera hans. Eller kanskje halve karriera hans - den kronologiske gjennomgangen sluttar vel med The Rhythm of the Saints, som kom i 1990. Filmen er ikkje kronologisk bygd opp, det vekslar mellom samtid og fortid. 

Han slo gjennom som den mest kreative delen av duoen Simon & Garfunkel. Han skreiv så godt som alle songane deira, medan Art Garfunkel var god på arrangering og harmonering. Dei to røystene deira stod godt til kvarandre, og etter at dei slo gjennom med den andre versjonen av "The Sound of Silence" i 1965 var dei store. Den siste LP-en deira, Bridge over Troubled Water, kom i 1970, og førte til at dei vart endå større. Men då var òg dei to barndomsvenene leie av kvarandre, og Simon oppløyste gruppa.

Karriera hans gjekk litt opp og ned fram til 1986, då den aldeles glimrande plata Graceland kom. Filmen er klar over at dette var eit storverk, og gjev mykje plass til innspelinga og konsertane etterpå. Og til kontroversane - for førti år sidan var det jo slik at land som praktiserte apartheid vart boikotta av kulturverda, og Simon fekk kritikk for at han reiste til Sør-Afrika for å spela inn musikk med musikarar derfrå. Han forsvarte seg på ein grei måte - han greidde ikkje å forstå at boikotten skulle gå utover dei undertrykte i Sør-Afrika.

Simon gjev heile tida eit godt inntrykk, både i dei gamle arkivopptaka og i dei nyare intervjua. Han var 82 år då Seven Psalms kom ut, men han var likevel heile tida på leit etter dei beste lydane, dei beste tekstane og dei beste songane. 

Guffen tilrår. 

16. juli 2026

D.H. Lawrence: Sons and Lovers (1913)

Romanen har to delar. Desse to delane har ikkje andre namn enn "part 1 og 2", men dei kunne godt fått namna "Sons" og "Lovers". Den fyrste delen handlar om ein oppveksande familie i ein gruveby like ved Nottingham; i den andre delen er sønene i familiene vorte eldre.

Den fyrste delen er glimrande. Romanen er inspirert av oppveksten til Lawrence, og han skildrar eit samfunn med tradisjonelle kjønnsroller, der mannen bestemmer alt, og der borna ofte er redde for faren. Sympatien til forteljaren ligg hjå mora, som er sterk og klok, og som er den som held familien samla. 

Den andre delen er langt seigare. Hovudpersonen her er Paul, ein følsam som med kunstnarlege anlegg. Han vil ikkje arbeida i gruvene, men får seg ein slags kontorjobb, samstundes som han prøver seg som kunstnar. Han er dregen mot to kvinner - den meir tradisjonelle Miriam, som han passar godt saman med på eit platonisk nivå, og den noko meir frigjorte Clara, som tilfredsstiller dei meir fysiske behova hans. 

Denne andre delen er altfor omfattande, og midtveges har eg mist det meste av interessa for alle tre. Paul er ein fornuftig mann, han er langt meir open for likestilling enn det faren var, men likevel: Dette var ujamt. 

Guffen er lunken. 

14. juli 2026

Melissa Auf der Maur: Even the Good Girls Will Cry (2026)

I 1990-åra spelte Melissa Auf der Maur bass i to band eg ikkje høyrde altfor mykje på: Hole (som eg ikkje kjende i det heile) og Smashing Pumpkins (som eg nok burde høyrt meir på). Det var altså ingen openberr grunn til at eg skulle lesa denne, men boka fekk strålande meldingar fleire stader, så eg tok sjansen.

Det gjorde eg lurt i. Ein ting er at historia ho fortel er original og god, ein annan ting er at ho skriv veldig godt. (Ein tredje ting er at eg merka at eg var samd i/kjende meg att i mange av meiningane hennar, men det er ikkje ein spesielt viktig grunn til å lesa ei bok.) 

Ho vaks opp i Montreal, med to høgst interessante foreldre. Begge var originale, begge levde som bohemar, og dette prella av på dottera. Ho vart dregen til det alternative. Ho skreiv, ho var ein dugande fotograf, og etter kvart vart musikken det viktigaste. Etter ein Smashing Pumpkins-konsert snakka ho litt med Billy Corgan, sjefen i det bandet, og ikkje lenge etter fekk ho telefon frå Courtney Love, sjefen i Love: Ho trong ein ny bassist, og ho masa så lenge at Auf der Maur til slutt takka ja.

Boka handlar i hovudsak om 1990-åra, og Auf der Maur skriv om turnear og plateinnspelingar, og om dei ulike medlemmene i Hole. Courtney Love var ein krevjande sjef, men Auf der Maur greidde seg godt nok til at ho aldri kom på svartelista til Love. Her er mykje skriking og roping, og her er altfor mykje narkotika, men Auf der Maur kom seg gjennom 90-åra utan store skader. Ho er open om alt, kanskje ho av og til er for utleverande, men det er ei underhaldande og velskriven bok.

Guffen tilrår.

10. juli 2026

James Hilton: Lost Horizon (1933)

Det kan ikkje skje altfor ofte at eit oppdikta stadnamn frå ein roman går rett inn i språket, men slik er det med Shangri-La. I dag vert det gjerne brukt av t.d. hotell, for å signalisera at her er det godt å vera, men det er altså ein oppdikta stad. 

Det handlar mest om britiske Hugh Conway. Han er ein av få som har vitja Shangri-La og kome seg ut derfrå. Han reiste truleg tilbake, men i mellomtida sende han eit langt brev/manus til ein kjenning, og det er det manuset som er grunnlaget for denne romanen.

I 1931 flyktar fleire europear frå Baskul i India. Fire av dei flyktar i fly, men dei merkar at piloten ikkje er den dei trur han er. Han flyg dei langt inn fjella i Tibet, der flyet landar på eit vis. Piloten overlever ikkje, men dei andre vert redda av nokre lokale folk, som tek dei med til Shangri-La. Dei fire er ulike, men me høyrer mest om Conway, som er open nok til å sjå at dette er ein drøymestad. Dei ligg isolert og avsides, men har likevel alt som trengst av moderne goder. Tilhøva ligg òg godt til rette for at folk kan leva lenge (som i veldig lenge).

Det er ei fin bok. Ho er velskriven, og gjev ikkje vekk fleire svar enn ho må. Motsetnadene mellom dei fire europearane er òg med på å halda oppe spenninga i boka, sjølv om dei nok kunne har vore litt mindre karikerte. 

Guffen tilrår. 

9. juli 2026

James M. Cain: The Postman Always Rings Twice (1934)

Ei passeleg fin bok. Romanen er filmatisert fleire gonger, og eg har sett (minst) éin av dei filmane. Det hugsa eg lite av; eg hadde til dømes gløymt at det aldri dukkar opp ein postmann.

Forteljaren i boka, Frank Chambers, er småkriminell. Han flyttar frå stad til stad, jobbar litt, og reiser vidare. Han har fått haik til ein liten stad i California, der han møter Nick Papadakis. Han eig ein liten serveringsstad og tilbyr Chambers jobb der. Chambers og kona til Papadakis innleier eit forhold, og dei vert samde om å ta livet av Papadakis. Dei drep Papadakis, før dei arrangerer ei bilulukke som skal dekkja over drapet. Sjølv om politi og andre luktar lunta, vert dei frikjende. Heilt til det skjer ei bilulukke til.

Det er ei fin bok, med godt språk og fleire uventa vendingar. Og det er alltid kjekt med ei bok der me ikkje kan stola på det me les. Boka vert altså fortalt av Chambers, og sidan han var innblanda i alt det galne som vart gjort, kan det jo henda at han har prøvd å tona ned si eiga rolle. Kven veit.

Guffen tilrår.

5. juli 2026

Ernest Hemingway: Men Without Women (1927)

I fjor arva eg ein del bøker, mellom anna ti–femten pocketbøker frå 1950- og 60-åra. Nokre frå forlaget Penguin, andre med tidstypiske omslag, dei fleste av velkjende forfattarar. Eg tok med meg nokre av desse til fjells, mellom anna denne.

Det er ei novellesamling, der mange av novellene hadde vore trykte andre stadar før. Eit gjennomgåande trekk er mannen, altså kva det vil seia å vera mann. Dette er noko av det eg likar minst med Hemingway – denne dyrkinga av den sterke mannen. Slik er det i dei to lengste novelle – ei handlar om tyrefekting, ei om boksing. I begge to kjem det detaljerte skildringar frå slåstinga, og det er berre sånn middels gjevande.

Samstundes er det to noveller som held på interessa. Slik er det ikkje i alle dei andre. I dei fleste novellene er det mange og lange dialogar, og nokre av novellene glir berre forbi utan at noko festar seg. Andre er betre, og når Hemingway skriv om den (sjølvbiografiske) karakteren Nick Adams, endrar tonen seg til det betre.

Guffen er lunken.