29. august 2026

Keith Cameron: 168 Songs of Hatred and Failure. A History of Manic Street Preachers (2025)

Det walisiske bandet Manic Street Preachers dukka opp seint i 1980-åra. Eg fekk aldri sansen for dei - dels av di dei kom med ei rekkje utsegner som opplagt berre handla om å provosera, dels av di musikken ikkje gav meg noko som helst. Det einaste eg likte var å lesa intervju med dei - dei var opplagt langt meir oppegåande enn mange andre band på den tida. Dei hadde lese mykje - eit par av dei hadde til og med studert på universitet, og dei framstod rimeleg sympatiske i desse intervjua.

Denne boka er ein bandbiografi, der Cameron skriv om litt over helvta av songane bandet har spelt inn. Han stoppa på 168 av di bandet meinte at den perfekte popsongen vara i 168 sekund. Denne vinklinga er god, men òg litt krevjande for oss som ikkje kjenner songane han skriv om. 

Nokre songar, stort sett i den fyrste halvdelen av boka, får lang omtale. Det handlar om ting som skjedde rundt bandet, men etter kvart går song-omtalane over til å handla mest om akkurat den songen. Den vanlege arbeidsmåten var at Nicky Wire og/eller Richey Edwards skreiv tekstar som James Dean Bradfield og/eller Sean Moore sette musikk til. Det er interessant å lesa om korleis dei fann inspirasjon til songane, anten det var politiske hendingar eller litterære referansar, og det strekar under at dei er eit oppegåande band. Utdraga frå tekstar er likevel ikkje så imponerande - mange av desse er berre middels og vel så det. 

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar