Ein lang, roleg og fin film. Det handlar dels om innspelinga av Seven Psalms, plata Paul Simon gav ut i 2023, og dels om heile karriera hans. Eller kanskje halve karriera hans - den kronologiske gjennomgangen sluttar vel med The Rhythm of the Saints, som kom i 1990. Filmen er ikkje kronologisk bygd opp, det vekslar mellom samtid og fortid.
Han slo gjennom som den mest kreative delen av duoen Simon & Garfunkel. Han skreiv så godt som alle songane deira, medan Art Garfunkel var god på arrangering og harmonering. Dei to røystene deira stod godt til kvarandre, og etter at dei slo gjennom med den andre versjonen av "The Sound of Silence" i 1965 var dei store. Den siste LP-en deira, Bridge over Troubled Water, kom i 1970, og førte til at dei vart endå større. Men då var òg dei to barndomsvenene leie av kvarandre, og Simon oppløyste gruppa.
Karriera hans gjekk litt opp og ned fram til 1986, då den aldeles glimrande plata Graceland kom. Filmen er klar over at dette var eit storverk, og gjev mykje plass til innspelinga og konsertane etterpå. Og til kontroversane - for førti år sidan var det jo slik at land som praktiserte apartheid vart boikotta av kulturverda, og Simon fekk kritikk for at han reiste til Sør-Afrika for å spela inn musikk med musikarar derfrå. Han forsvarte seg på ein grei måte - han greidde ikkje å forstå at boikotten skulle gå utover dei undertrykte i Sør-Afrika.
Simon gjev heile tida eit godt inntrykk, både i dei gamle arkivopptaka og i dei nyare intervjua. Han var 82 år då Seven Psalms kom ut, men han var likevel heile tida på leit etter dei beste lydane, dei beste tekstane og dei beste songane.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar